NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...
NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...
NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
Nokre personlege tilnamn i Sverresoga 155

4.1. Kor tidleg kan me rekna med nedertyske lån?

Som døme kan nemnast tilnamnet til Ívarr Horti. Det er eit rosande tilnamn i

Lind (Bin. sp. 155), for der står det som ‘käck, rask’. Finnur Jónsson set det i

samband med isl. hortugur ‘uforskammet’ (især om trodsige tjænestefolk, som

‘svarer’), horti altså ‘en som er trodsig, uvillig’ (FJ s. 330). Det er ikkje uvanleg

at Finnur Jónsson mest byggjer på islandske parallellar, medan Lind gjer meir

bruk av nynorsk material. Dømet viser at det same adjektivet har fått ulik betydning

i nynorsk og nyislandsk. I Torps (1992) Nynorsk etymologisk ordbok

er det ved oppslagsordet hortig vist til hyrtig, og ved hyrtig er det vist vidare til

hurtig, og der slepp endeleg katten utor sekken: hurtig er lån frå nedertysk. I

Blöndals (2008) Íslenzk orðsifjabók er ogso islandsk hortugur forklart som

«tökuorð» og det er vist til det nyn. hortig, hortug, hyrtig og da. hurtig. Her er

ogso fisl. hortigr forklart som ‘skjótur, röskur, hvatvís’. Dei to fyrste betydningane

her stemmer godt med den nynorske som nok ligg bak Linds tolking,

og dette er nok 1100-talsbetydningen (jf. termen fisl. i Íslenzk orðsifjabók), og

ÞH sluttar seg ogso til Linds tolking i dette tilfellet.

Men adjektivet i begge språk viser seg å gå attende på eit nedertysk låneord,

og korkje FJ eller Lind har problematisert dette. Her vil eg minna om Koht

(1910 s.101), som fyrst set appellativet dót i samband med nedertysk dôt, og

deretter langt på veg tek det i seg att pga det tidlege tilnamnet dottafinn «daa er

det vel ikkje godt aa tenke paa laan ifraa nedertysk». Dersom me fyrst kan tilllata

oss å tenkja på ord frå nedertysk so tidleg, noko Lind, og før han Finnur

Jónsson, ser ut til gjera med tilnamnet horti, må me ogso kunna tillata oss å sjå

ein gong til på namnet til Jón Trín. Det nynorske adjektivet trinn ‘rund, kraftig’

ville ha passa svært godt som tilnamn. Men adjektivet trinn stammar frå mnt.

trint (Falk & Torp 1903–06), sameleis fornsvensk trinder, «från mlty trint»

(Hellquist 1922 s. 1221). Det nedertyske opphavet er rimelegvis grunnen til at

korkje Finnur Jónsson eller E. H. Lind har trekt inn det adjektivet i diskusjonen

om tilnamnet. Finnur Jónson skriv «betydning uvis» (s. 357), medan Lind spør

seg om det «månne höra i hop med nyn. v. trena l. trina ‘växa trögt’?» (sp. 387),

og ÞH siterer Lind (s. 220). Min fyrste tanke om Jón Trín var at han var ein rund

kar, men eg slo det frå meg att pga det nedertyske opphavet. Etter å ha sett kva

som står om horti, dristar eg meg å nemna det. Den store nedertyske låneordsbylgja

kjem fyrst seinare, men sjølv om mange låneord fyrst syner seg i kjeldone

på 1200-talet, kan dei ha vore innkomne før (jf. Seip 1931 s. 201). Tyskarane

var allereie komne til Bergen, i store mengder («mikill fjǫldi ok með

stórum skipum»), det vitnar Sverresoga om (ÞH s. 159).

4.2. Kor gamle kan ord med seint belegg vera?

Tilnamnet til Gudlaug stallar (ogso kjend som Gudlaug Vale), 15 har det vore

mange ulike meiningar om, sjå ovafor. Teksten er eintydig på den måten at til-

15 Ogso dette namnet er det fleire, til dels sterkt motstridande forklaringar på, sjå Rygh 1871 s. 72,

FJ 1907 s. 358, Lind Bin. sp. 396, ÞH s. 86.