04.04.2013 Views

NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...

NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...

NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

154 Gudlaug Nedrelid

3.2.3. Hus- og skipsdelar og -utstyr

Ikkje so få namn har opphav i appellativ for hus- og skipsdelar og utstyr. I 2009

nemnde eg Bita-Kári og Dúra-Jón. Þorleifur tolkar Bita-Kári på same måten

som eg gjorde, men det må tilleggjast at der ogso finst ein variant Ríta-Kári

(ÞH s. 230). Þorleifur let Dúra-Jón stå ukommentert. I teksten møter me ogso

ein Óláfr Beitstokkr. Lind (Bin. sp. 18) skriv at det «Är kanske liktydigt med

beitiáss fsv. betas ett slags ‘bom til råsegel’». Þorleifur siterer Finnur Jónsson,

som har tolka det som bordstokken i skip, beit er skipsheiti. I eit handskrift står

det beitstæðskr (ÞH s. 208), i so fall er det innbyggjarnemning. Beitstad er i

Nord-Trøndelag (NG 15 s. 34 f.). Lind har kome med eit synonym til etterleddet,

og her skal eg drista meg til å koma med eit anna, nemleg skie. Då blir det

beitskie, ein kjend bygningsdel, «beitskie (av II beit og skie) loddrett trestykke

innfelt i lafteveggen ved vindaugs- el. døropninga» (Nynorskordboka). Eg hadde

ikkje tenkt på det, om det ikkje hadde vore andre bygningsdelar i materialet,

men det er der vitterleg. Om namnet til Ǫnundr Hlunnr skriv Lind (Bin. sp.150)

«kan ju vara trädnamnet hlynr ’lönn’». Vestenfor (1991 s. 10) tolkar det som

hlunnr, «lunn, stokk til underlag under skip ol. som skal dragast opp el. ned»

(Heggstad 2008 s. 277), og det må vera like sannsynleg. For alt me veit, kan

mannen ha snubla under eit skip ein gong, og fått namnet sitt av den grunn.

3.2.4. Mat og matemne

Mange tilnamn har med mat og matemne å gjera. Me finn det usamansette

Brynjólfr Blanda (mysedrykk), men dei fleste er samansette: Helgi Byggvǫmb,

Gunnarr Grjónbakr, Karl Kjǫtlær og Óláfr Smjǫrkollr (meir om han nedafor).

I Lind (Bin. sp. 343) står det at Gunnar Grjónbakr hadde sonen Einarr

Smjǫrbakr, som ikkje er nemnd i Sverre-soga. Då er dette òg døme på tilnamn

ved arv, «innafor forestillingssfæren til det opphavlege namnet» (Stemshaug

1984 s. 55). Den umiddelbare tolkingi er at dette har vore matglade karar, og

derfor har dei fått slike namn. Men sjølvsagt kan namni spela på hendingar me

ikkje veit noko om. Det er tilfeldig kva namn som festar seg (sjå døme i Meldgaard

1987).

4. Språkhistoriske anfektingar

Som alt nemnt ovafor er dette eit framhald av innlegget på sagakonferansen i

Uppsala i 2009 (Nedrelid 2009a).

For å få betre oversyn over variasjonen og

ulike synspunkt på kva namni betyr, har eg sett saman ein katalog over tolkingar

av desse tilnamni i Finnur Jónsson 1907, E. H. Lind Bin. og Þorleifur Hauksson

2007. I denne gjennomgangen vart eg vâr at dei lærde herrane har ulike og

til dels motstridande oppfatningar på somme punkt, og det er nettopp slike

punkt som byd seg fram for diskusjon og nytolking. Men i diskusjonen på slike

punkt kan det reisast ymse språkhistoriske innvendingar.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!