04.04.2013 Views

NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...

NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...

NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

150 Gudlaug Nedrelid

norsk daper, dap ‘still, modfallen, sorgtung, sturen’ (NO 1 sp. 1292). Men Vestenfor

har fått det med, han skriv ‘doven, tung eller sørgmodig kar’ (1991 s.

11). Når eit adjektiv er belagt både i norrønt og i alle dotterspråki, er det ingen

grunn til å mistru den betydningen, Ivar dape har vore ein sturen kar.

I preprintet til NORNA-symposiet var ogso Kolbeinn Strinef med på lista

over eiterkveisor og vrangpeisar, fordi eg i farten oppfatta namnet Strinef som

rett og slett ein stridnase. Lind (Bin. sp. 364) nemner «nyn. stryhovud ‘vresig,

vansklig person’», og legg til at «Strýnefr kan ha haft någon liknande betydelse»

so heilt ved sida av var tanken kanskje ikkje. 7 Men fyrste forslag hos

Lind er «Förleden rimligtvis fvn. strý ‘blånor’.» 8 Kunde annars vara ett dubbelbin:

«hår som en blåntott + en märkvärdig näsa» (ibid). Finnur Jónsson har

«Blårnæse, hvis næse er bevokset med stride hår» (1907 s. 202), og Þorleifur

Hauksson har «strýnef s. með hárskúf 9 í nösum» (2007 s. 198). Kva so med nynorsk

stridnase? Ordet manglar i ordbøkene, men i jostedalsmålet (Indre Sogn)

er det brukt om ein stabukk, person med uvanleg mykje bein i nasen. Den konkrete

kroppsdelen kan derimot vera heilt upåfallande. Men det skulle i sofall ha

vore *Stríðnef i norrønt, og endå det er fleire variantar (Lind Bin. sp. 364 s. strinefr,

strynefr, strynefur, stranefr) er det ingen med Stríð-. Faktisk er det ikkje

belagt noko samansett tilnamn med Stríð- som føreledd, korkje hos FJ eller i

Lind. Kan eventuelt ha falle vekk? Hægstad (1916 s. 60) skriv at «Burtfallet

av ð maa paa nokre stader ha byrja alt i gnorsk tid i sume høve», og Seip

(1931 s. 174) har mange belegg på ð-bortfall frå 1200-talet, ikkje minst framfor

nasal. I færøysk har adjektivet stríður sideformi stríggjur, med skjerping.

Skjerpingsformi må ha kome opp etter ð fall bort, men nett kor tidleg skjerpingi

oppstod, er ogso usikkert (jf. Petersen 1993). Dersom strýnef skulle vore stridnase,

måtte det vore både ð-bortfall og runding av vokalen (sjølv om det finst

ein variant med /i/), og då blir det helst i meste laget. Det ser ut som ÞH har det

beste forslaget hittil, Kolbein har vel vore ein bustenase.

Namn som fortel om eigenskapar kan vera meir og mindre ugjennomsiktige,

og endå verre er det med namn som fortel om hendingar. Dersom sagateksten

ikkje fortel samanhengen, har me liten eller ingen sjanse til å tolka dei. Hallvarðr

marardrap har etter alt å døma drepe ei merr, men omstendi omkring det

er ikkje overleverte. Me kan ikkje ein gong vera sikre på at det verkeleg var ei

merr. Lat oss ta Asbjørn Selsbane i Heimskringla som døme. I det tilfellet blir

alt grundig utgreidd, fyrst forhistorien med Asbjørns uheldige kornkjøp, deretter

detaljert skildring av drapet på Sel-Tore og tvangsforliket etterpå. «Hann

var kallaðr Selsbani» (HK s. 297) kjem som ei logisk oppsummering av heile

tåtten. Men dersom me hadde møtt ein mindre prominent Ásbjǫrn Selsbani,

7 Vestenfor (1991 s. 11) har nok tenkt på same måten, for ogso han tek med namnet under «stride

personer, ville og modige».

8 «[BLÅNOR. sbst1 0] sämre, kortare o. gröfre tågor som vid häckling af lin, hampa l. dyl. afskiljas

från de längre o. finare; blår; jfr STRYGARN» (SAOB).

9 «skúfur: dusk, kvast, visk, tot» (Widding m.fl., 1976, s. 658).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!