04.04.2013 Views

NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...

NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...

NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Nokre personlege tilnamn i Sverresoga 147

havleg heimstad (stadnamn med eller utan preposisjon, og stadnamn som føreledd

i samansetjingar), 3) tilnamn som fortel om slektskap (vanlege førenamnspatronym

var likevel ikkje medtekne) og 4) titlar og yrkesnemningar.

2.1. Avgrensingsproblem

All kategorisering og klassifisering fører til avgrensingsproblem og drøfting av

kva kategoriar dei ulike namni høyrer til i. I 2009a

refererte eg den langvarige

diskusjonen omkring Svína-Stefan og Svína-Peter, der føreleddet har vore tolka

både som stadnamn (Svínoy på Færøyane) og som appellativ. Etter mi meining

må toponymet avvisast (Nedrelid 2009a

s. 716). Eg diskuterte ogso nokre

namn (Jón Hein, Ásgeirr Hamarskalli, og Hagbarðr Muntari) der Vestenfor og

eg har tolka delvis ulikt, og derfor sett dei i ulike kategoriar. Eksempli viser at

kategoriseringi i seg sjølv inneber ei tolking.

Ein problematisk type å setja i bås er tilnamn som fortel om bustad eller opphavleg

heimstad, der stadnamnet går inn som føreledd i eit samansett namn, typen

Hamarskalli. I 2009 plasserte eg desse i type 2, tilnamn danna av toponym.

I den kategorien hadde eg då stadnamn i uendra form, stadnamn som styring i

preposisjonsfrasar og stadnamn som føreledd i samansette tilnamn. Denne

gongen har eg teke med tilnamn av typen Hamarskalli her, fordi der er namn

som er interessante å diskutera i denne samanhengen. Kategoriseringi får lov å

retta seg etter ærendet i dette tilfellet.

3. Tilnamn som fortel om personlege eigenskapar

Det er svært mange tilnamn av denne typen i Sverre-soga. Oddmund Vestenfor

(1991 s. 9) har funne «mellom 120 og 130 namn som rører ved en åndelig eller

kroppslig egenskap/-lyte, karakteriserer klede eller våpen brukt av personen,

eller på annen måte viser tilbake på personen». Her er dei mange dyrenemningane

medrekna. Vestenfor (a.a. s. 6 f.) har funne 15–20 tilnamn av denne typen.

3.1. Materialsamling

Til Saga-konferansen i 2009 sette eg opp ei materialsamling som bygde på

registeret i Indrebøs utgåve av Sverris Saga, med visse tillegg (Nedrelid

2009a

s. 713 ff.). Ved å jamføra med registeret i Þorleifur Haukssons utgåve

har eg vorte merksam på dei mange ulike variantar i dei forskjellige handskriftene,

ein variasjon som ikkje kom fram då eg brukte Indrebøs utgåve,

som berre gjev att Cod. AM 327 4o. Eitt døme på det er Áskell Tyza, som eg

diskuterte i 2009. Det er ogso belagt som trýzza, ruza, kuza og tazza (ÞH s.

157). Den store variasjonen gjer ikkje namnet mindre interessant, snarare

tvert imot. Men det blir naudsynt å diskutera etymologiane, heller enn berre

etymologien.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!