04.04.2013 Views

NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...

NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...

NORNA-RAPPORTER 88 Binamn. Uppkomst, bildning, terminologi ...

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

146 Gudlaug Nedrelid

har «orðið kyrpingr merkir kroppinbakur eða væskill i fornu máli» (ÞH s. 153).

Sjå ogso om Páll Fliða nedafor.

Historikarane har brukt namnematerialet for å prøva å fastslå heimstad og

sosial stilling til namneberarane (td. Munch 1857 s. 121). I Oddmund Vestenfors

uprenta mellomfagsoppgåve (1991) om tilnamn i Sverre-soga står derimot

namnematerialet i sentrum for interessa. På den 14. sagakonferansen i Uppsala

i august 2009 framførde underteikna eit innlegg om tilnamni i Sverresoga

(Nedrelid 2009a).

4 Då det innlegget vart skrive, hadde eg diverre ikkje hatt tilgang

til Þorleifur Haukssons utgåve. Den avgrensa tidi gjorde det heller ikkje

mogeleg å gå nærare inn på særleg mange av einskildnamni. Her går eg vidare

med nokre tilnamn som fortel om personlege eigenskapar av ulike slag. Denne

gongen har eg også note godt av Þorleifur Haukssons grundige arbeid og fått

oppklart fleire misforståelsar.

Til dømes skreiv eg i 2009a

at tilnamnet til Áskell Tyza ikkje stod i Lind.

Men ved hjelp av variantapparatet hos ÞH fann eg han i Lind som Áskell kutza.

Det blir sagt å vera feminin variant av tilnamnet kutzi (Lind Bin. sp. 228). Namnet

er belagt med svært mange variantar, som trýzza, ruza, kuza og tazza (ÞH

s. 157). Linds føretrekte tolking er som diminutiv av kútr ‘kut, puckel’ (meir

om dette namnet nedanfor). I 2009 fann eg heller ikkje Ǫzurr Hisli i Lind. Dette

er ogso eit namn med svært mange variantar, hisla, brizla, bilsa og bizla (ÞH s.

28 og 32). Dermed er det ogso råd å finna det i Lind, under Ǫzsur bilsi (sic).

Beraren er den same som Ǫzurr Balli. «Han har kanske haft två binamn» (Lind

Bin. sp. 24). Med so mange variantar blir det ogso rom for fleire tolkingar, Lind

set bilsi i samband med adjektivet bilr, og Þorleifur Hauksson ser hisli i

samanheng med verbet hisja ‘blása linlega’ (1920–21 sp. 32).

2. Om tilnamni i Sverre-soga

Registeret i Indrebøs utgåve av Sverris Saga (1920 [1981] s. 203 ff.) var materialsamling

både for Vestenfor 1991og for meg i 2009a.

I 2009a

delte eg materialet

på fire undertypar etter mønster av Karl Ryghs inndeling, 5 nemleg 1)

personlege tilnamn som fortel om indre eller ytre eigenskapar, eller hendingar

som beraren har vorte kjend ved, 6 2) tilnamn som fortel om bustad eller opp-

4 Teksten kan nedlastast på adressa http://hig.diva-portal.org.

5 «Disse tilnavne have oftest hensyn til personens legemlige og aandelige egenskaber, ofte ogsaa til en

eller anden handling, hvorved han har gjort sig navnkundig, undertiden til hans bopæl eller oprindelige

hjemstavn eller ogsaa til hans slegtskabsforhold eller stilling, og endelig stundom til mundheld.»

(Rygh 1871 s. V f.)

6 Eg har tidlegare kalla denne undertypen for kjennenamn (Nedrelid 1998 s. 22), etter Vágslid

1932: «Sume var hædande, andre var berre kennenovn til á skilja folk med same døypenovn frá

einannan» (s. 7). Men Olafsen (1922 s. 6) har brukt kjendingsnavne som overordna term, dvs. for

tilnamn. Derfor kan det med noko rett hevdast at det er uheldig å bruka termen om den underordna

typen. Det hadde likevel vore svært praktisk med ein term for denne særlege undertypen. «Personlege

tilnamn» er langt og kronglete, og «Tilnamn som fortel om personlege eigenskapar» er endå

verre. Dessutan er alle tilnamn på sett og vis personlege.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!