29.01.2013 Views

Magasinet Naturfag 2009 - Nasjonalt senter for kunst og kultur i ...

Magasinet Naturfag 2009 - Nasjonalt senter for kunst og kultur i ...

Magasinet Naturfag 2009 - Nasjonalt senter for kunst og kultur i ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Teskt: Merete Økland Sortland og Kjerstin Dalva Nordvik

Høgskolen Stord/Haugesund

KJEMI I BARNEHAGEN

Kjemi i barnehagen – eit lite glimt

Interessa for realfag hos borna startar tidleg, og dei bruker mykje tid på å sanse omverda.

Det som me vaksne tar for gitt, til dømes at vi ser ting falle eller speile seg, det undersøker

borna meir eller mindre systematisk.

Barnehagen er ein god arena for å eksperimentere med fysikk og

kjemi. I rammeplanen for barnehagen skal arbeidet med natur,

miljø og teknikk bidra til at borna:

”lærer å iaktta, undre seg, eksperimentere, systematisere, beskrive

og samtale om fenomener i den fysiske verden”

I tillegg står det at for å nå dette målet må personalet:

”ta utgangspunkt i barnas nysgjerrighet, interesser og forutsetninger

og stimulere dem til å oppleve med alle sanser, iaktta

og undre seg over fenomener i naturen og teknologien”

Denne artikkelen vil no skildre eit eksperiment som oppfyllar

dei nemnte rammeplanmåla.

Student Kjerstin Dalva Nordvik valte å ta utgangspunkt i boka

til Leif Wedøe (2005): Fysikkaktiviteter i barnehage og småskole,

då ho skulle prøva ut eit opplegg i fysikk/kjemi som ein del

av førskulelærarstudiet.

Førebuing av forsøk er viktig. Kjerstin laga liste og sjekka at ho

hadde alt av stoff og utstyr. For å bli tryggare på forsøka prøva

ho dei ut på eigen son på 5 år på førehand. Eit rom i barnehagen

blei deretter reservert og borna blei utstyrt med frakkar for å

unngå søl på klede og seinare med hanskar, sidan konditorfarge

kan vera vanskeleg å få vekk.

Løysingar i vatn

Første aktivitet er løysingar og blandingar. Først får borna blanda

sukker i vatn:

[84]

”Jeg finner sukkeret og lar et av barna ta det oppi sitt glass. Så

henvender jeg meg til alle og ber dem røre godt og se hva som

skjer, og alle ”hodene” samles rundt det ene glasset. Jenta som

har sukker i glasset, rører godt, og vi andre følger med. Det er

helt stille rundt bordet nå.” (Nordvik, 2008)

Borna og Kjerstin diskuterer vidare kva som har skjedd når sukkeret

ikkje er synleg lenger, og dei smakar og kjenner at, jo, sukkeret

er der. Ei jente forklarer at sukkeret har blanda seg inni

vatnet, og alle borna er einige om at sukkeret er der sjølv om

dei ikkje kan sjå det. Fleire stoff blir brukt etter kvart, slik som

kveitemjøl, kaffi, jord, zalo, olje og konditorfarge. Borna ser at

ikkje alt løyser seg opp, og dei smaker kveitemjøl og vatn og det

blei einstemmig vedtatt at det ikkje var godt.

Kjerstin heller matolje i glasa til borna med farga vatn i. Borna

rører, ler og seier: ”Se alle de boblene” Dei får beskjed om å

holde glasa opp mot lyset, og borna ser at olja flyt på toppen.

Det var tydeleg for borna at ikkje olja blanda seg med vatnet, det

bidrog til at det blei meir spennande i følgje Kjerstin.

No har borna sett at dei kan gjera vatn skite, men kan dei få det

reint igjen? Filtrering av vatn er den andre aktiviteten Kjerstin

gjere saman med borna.

Filtrering av vatn

Det er enkle hjelpemiddel som skal til, ein kjem langt med eit

kaffifilter. Kjerstin finn fram nødvendig utstyr, og spør om ein

kan få reinsa vatn blanda med jord ved å bruke eit kaffifilter. Det

trur borna, og merk engasjementet til borna på bilete på neste side.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!