Michael Nyqvist - Forsiden - Foreningen Norden
Michael Nyqvist - Forsiden - Foreningen Norden
Michael Nyqvist - Forsiden - Foreningen Norden
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
28

FOTO: OTTAR FYLLINGSNES

02/2010 www.norden.no

LITTERATUR I NORDEN

Omset frå færøysk

Det starta med ein tilfeldig tur til Færøyane for meir enn 25 år sidan. Den innsatsen Lars Moa

i etterkant har gjort for å gjere færøysk litteratur kjent i Noreg, er mange prisar verd.

TEKST: MARIT KLEPPE EGGE

– Eg synes det er så mye flott i det

færøyske, både naturen, kulturen – og

litteraturen. Det er hyggeleg å merke at interessa

for færøysk litteratur har vorti større

her i Noreg, seier Lars Moa.

Han er for beskjeden til å vilje utbrodere

si eiga rolle når det gjeld denne interessa.

Fakta fortel likevel at Moa står bak ni viktige

omsettingar av færøysk litteratur. Han har

vorti nominert til Kritikerprisen og fått utmerkinga

Målblomen frå Noregs Mållag for

arbeidet med å gjere færøysk litteratur kjent.

I dag er Lars Moa einaste aktive omsettar av

færøyske bøker til norsk.

FÆRØYSK FORELSKING

Interessa for færøysk litteratur oppstod

ganske tilfeldig. I 1983 besøkte ungdoms-

skolelæraren Færøyane i samband med eit

nordisk lærarseminar. Han forelska seg hovudstups.

– Eg vart veldig gripen av naturen, kulturen

og menneska. Den færøyske mentaliteten

har mange likskapstrekk med den vi

finn i Kyst-Noreg. Det har vori dei same

vêrharde utfordringane gjennom hundre år

og den same interessa for å utnytte ressur-