10.01.2013 Views

109_SNUNyhendeblad_2.. - SNU AS

109_SNUNyhendeblad_2.. - SNU AS

109_SNUNyhendeblad_2.. - SNU AS

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

NYTT OM NÆRINGSUTVIKLING FRÅ SNU

Næringsutvikling i Stord og Fitjar

Fokus på styrearbeid

NYTT

kreativt

knutepunkt

Kapital til nye

forretningsidear

Gode

støtteordningar

for etablerarar i

Fitjar

Nye bedrifter med

hjelp frå SNU

Nr. 1 2008

Leiar

Hege Økland

2

JAKTA PÅ DEI GODE IDEANE

Det er i dag mange som leitar etter

dei gode forretningsideane. Gode idear

som kan resultera i nye lønsame

verksemder, som har vekstpotensiale

og dei “rette” personane bak. Kapital

er tilgjengeleg hos investorar og i ulike

venture– og såkornfond som søkjer

etter investeringsprosjekt som tilfredsstiller

kriteria til vekst og lønnsemd.

Men før ein kan visa til gode tilbakemeldingar

frå marknaden, og når ein

står midt i ein kostbar utviklingsfase,

er det gjerne vanskelegare å overbevisa

investoren om at dette prosjektet er

det rette å investera i. Trongen for

kapital er likevel fullt ut til stades i

denne tidlege utviklingsfasen. Ein treng

gjerne hjelp og kapital til å testa ut

ideen, og hjelp til å søkja etter

partnarar og støttespelarar.

Gjennom fondet SNU Prosjektutvikling

AS, som du kan lesa meir om i bladet,

kan me tilby kapital i ein fase der andre

investorar ofte sit på gjerdet og ventar.

Me skal avlasta etableraren med risiko

og gjera det lettare å ta skrittet fullt

ut og satsa på eigen forretningsidé.

Ved eit aktivt eigarskap skal me gjennom

fondet vårt hjelpa etableraren gjennom

ein krevjande oppstart- og utviklingsfase.

Me vonar at vårt tilbod gjennom SNU

Prosjektutvikling skal gjera det mindre

risikofullt – og meir freistande – å ta

skrittet fullt ut og realisera ideen som

ein har tenkt på!

Konferansen vart arrangert for fjerde

gong, og arrangørane bak konferansen

var SNU, Atheno og Stord Næringsråd.

Konferansen hadde fleire framtidsretta

tema, der ungdom, gründerverksemd og

grøn innovasjon var overskriftene. Nytt av

året var kåring av dei beste ungdomsbedriftene

i Sunnhordland. To prisar på

10.000 kroner kvar vart delt ut, der den

eine prisen gjekk til ”Fønkis” frå Fitjar

vidaregåande skule, som ifølgje juryen

hadde den beste ideen. Den andre prisen

gjekk til ”Berbar personlighet” for best

forretningsutvikling.

Blant innleiarane var Agnes Bergo, kjent

som Pengedoktor og spaltist i ulike media

der ho gir råd om privatøkonomi. Ho

viste til undersøkingar som seier at det er

eit ynske om å bli sin eigen arbeidsgjevar

I SNU arbeider me med å tilby etablerarar

på Stord og Fitjar eit godt støtteapparat.

Me skal hjelpa etableraren med

å finna fram i jungelen av støtteordningar,

samarbeids- og finansieringspartnarar.

Kompetanse, nettverk og

kapital er tre viktige bidrag for at ein

forretningsidé skal slå ut i full blom.

Dette kan me i SNU hjelpa med.

I dette Nyhendebladet kan du lesa om

etablerarar som har starta nye bedrifter

med hjelp frå SNU. Dette skal forhåpentlegvis

gi inspirasjon til meir

nyskaping og fleire spanande bedrifter.

Lykke til – me hjelper gjerne til på

vegen!

Grøn og innovativ nyskapingskonferanse

Med strålande solskin og blå himmel vart

årets nyskapingskonferanse avvikla 7. mai

på Høgskulen Stord/Haugesund med om

lag 100 deltakarar.

Bandet Graceland Gospel, ei ”nyskaping” frå Høgskulen var ein viktig

del av programmet!

SNU AS

Postboks 217

5402 Stord

Hege Økland

Dagleg leiar

Tlf: 53 40 15 50

Mob: 977 53 695

hege.okland@snu.as

Jostein Sydnes

Forretningsutviklar

Tlf: 53 40 15 50

Mob: 913 71 097

jostein@snu.as

Ansvarleg redaktør:

Hege Økland

Journalist:

Ole Jacob Eide

Distribuert:

Stord

Fitjar

Kvinnherad

Sveio

Bømlo

som er årsaka til at mange vil starta for

seg sjølv, og ikkje det at dei trur dei vil

tena meir som eigen arbeidsgjevar.

Den nye direktøren ved Sør-Norge

Aluminium, Per Øyvind Sævartveit fortalde

om planane for utbygging av eit

kolkraftverk på Husnes. Sævartveit starta

innlegget sitt med å erklæra seg sjølv

som klimaskeptikar. Han peikte likevel på

kor viktig det er å vera føre var. Han

meiner difor at kolkraftanlegget som er

under planlegging på Husnes må ha

reinseteknologi på plass.

Merk deg dato for neste års nyskapingskonferanse

allereie no. Den er planlagt

til 6. mai 2009. Arrangørane ynskjer

alle nyskaparar hjarteleg velkomen til ny

nyskapingskonferanse!

Forsidefoto:

Øyvind Hjelmen

Grafisk design:

BO design & foto,

Bodil Haga

www.bodilhaga.no

Redaksjonen vart avslutta

1. august 2008.

Etablering og sikring

av framtidsretta arbeidsplassar

SNU er Fitjar kommune og Stord kommune sitt apparat

for næringsutvikling og etablerarhjelp. SNU tar del i alle

fasar frå idéutvikling til etablering og drift.

Næringsutvikling for framtida

Stadsutvikling og marknadsføring av regionen er viktig for å trekkja til

seg ungdom og kompetanse. Å sikra den rette kompetansen og dei

beste medarbeidarane er viktig for å utvikla eit robust, allsidig og konkurransedyktig

næringsliv. Etableringa av selskapet Fanari AS, som skal

vera eit kreativt knutepunkt i Sunnhordland, er eit resultat av dette.

Kompetanseutvikling i det eksisterande næringslivet er også viktig for å

styrkja konkurranseevna i det lokale næringslivet. Me gjennomfører

ulike kompetanseprogram som vert etterspurt i bedriftene. Døme på

slike program er kurs i prosjektleiing, styrekompetanse, arbeidsrett og

ulike internasjonaliseringsprogram.

Våre fokusområde

Næringsutvikling

Ungdom

Næring og samfunn

Sunnhordland har ein unik industri-, teknologi- og prosjektkompetanse

med eit særs stort verdiskapingspotensiale. Hovudmålsetnaden til

SNU er å bidra til etablering av nye arbeidsplassar, tryggja

eksisterande slike, samt å arbeida for å skapa ein meir

robust næringsstruktur.

SNU har fokus på ungdom gjennom etablerarkurs tilrettelagt for ungdom.

SNU-plassane har vist seg å vera nyttige treffstader for verk-semdene

i Stord og Fitjar, men også for utflytta ungdomar under utdanning, og

sjølve kommunane.

Næringsutviklingsarbeidet er eit ledd i eigarkommunane si samfunnsutvikling,

og SNU har her ei rolle med å knyta næringsliv og det

offentlege saman slik at ein sikrar ei næringsutvikling som er god

samfunnsutvikling og omvendt.

SNU - eit partnarskap med offentleg og privat samhandling

SNU er eigd av Fitjar kommune, Stord kommune, Fellesforbundet avd.

118, Stord Næringsråd og Fitjar Næringsråd. Modellen med offentlege

og private eigarar skal sikra ei god samhandling i næringsutviklingsarbeidet,

der partane skal ha ei felles forståing av prioritering av satsings-

og fokusområde.

Gratis etablerarhjelp

SNU tilbyr gratis hjelp til start av eiga verksemd, hjelp til utvikling av

forretningsplan, rettleiing og hjelp til bruk av det øvrige verkemiddelapparatet.

Me hjelper etableraren med oppretting av kontakt med

kompetansemiljø og investorar.

Ta kontakt dersom du har tankar om å starta eiga bedrift eller treng

hjelp til eit utviklingsprosjekt!

Styret i SNU

Grete Knudsen – styreleiar

Styreleiar i SNU sidan 2002.

Erfaring som stortingsrepresentant

og statsråd.

Nærings- og handelsminister i tre

ulike regjeringar.

Helge Gjøsæter – nestleiar

Administrerande direktør i Apply

AS. Delteke i SNU sitt omstillingsarbeid

sidan 2000.

Atle Tranøy – styremedlem

Konserntillitsvald og styremedlem

Aker ASA, styremedlem Forum for

Innovasjon, leiar Fellesforbundet

Sunnhordland. Delteke i SNU sitt

omstillingsarbeid sidan 2000.

Kari Patricia Kleppe –

styremedlem

Tidlegare direktør ved USF

Verftet i Bergen. I dag kulturhusleiar

for utvikling av Regionalt

kulturhus i Mandal.

Odd Sverre Larsen –

styremedlem

Dagleg leiar for varehuset Odd

Larsen AS i Fitjar. Styreleiar i

Fitjar Næringsråd og aktivt

engasjert i å styrkja næringslivet i

Fitjar.

Magne Heimvik – styremedlem

Administrerande direktør ved

Sunnhordland Kraftlag.

Arbeidserfaring frå konsulent- og

energibransjen. Nyvalt

styremedlem frå 2008.

3

Eigarar

SNU Prosjektutvikling AS vart

etablert ved inngangen til

2007.

Desse verksemdene har pr.

august -08 skote inn kapital i

SNU Prosjektutvikling AS:

Advantec AS

Aker Solutions – verksemdene

på Stord

Asator AS

Eldøyane Næringspark AS

Fellesforbundet Sunnhordland

Fitjar Kraftlag PL

JKP Invest AS

Leirvik Module Technology AS

Link Signatur AS

Palantir AS

Samspelsforum for Næringsutvikling

AS

Stord Industrier AS

Sparebanken Vest

Fakta

Desse verksemdene har

SNU Prosjektutvikling AS

pr. august -08 investert i:

Aluminox Scandinavia AS

Fanari AS

Stordfly AS

Fitjar Fritid og Småbåtservice AS

Dundelina AS

Styret

Styret i SNU Prosjektutvikling AS er:

Frank Breistein (styreleiar),

prosjektleiar Aker Solutions AS

Jan Arild Nesse (styremedlem),

regionbanksjef Sparebanken Vest

Bjørg Tislevoll (styremedlem),

avdelingsleiar ABB

Har du ein forretningsidé

og treng startkapital?

SNU Prosjektutvikling søkjer nye

investeringsprosjekt. På bakgrunn

av forretningsplanen vil SNU

Prosjektutvikling vurdera

investering i prosjektet.

Kontakt SNU for meir informasjon

og hjelp for vidare utvikling.

4

SNU Prosjektutvikling

– viktig startkapital for nye verksemder

Tilgang på kapital er ofte ein kritisk faktor ved etablering av nye verksemder.

Særleg i ein tidleg fase vil bankar og investorar vera varsame med å skyta

kapital inn i nye prosjekt eller bedrifter. Som følgje av dette vert mange idear

lagt på is, eller ein hentar inn kapital ved å låna hjå familie og vener. Nokre

tek òg opp lån med pant i privat eigedom.

SNU Prosjektutvikling AS er eit fond som er etablert i eit samarbeid

mellom SNU, Fellesforbundet Sunnhordland, Sparebanken Vest, og

ei rekke små og store bedrifter i Sunnhordland. Prosjektutviklingsfondet

tilbyr eigenkapital til nye prosjekt og verksemder

på eit tidleg stadium, der det er vanskeleg å få inn annan

kapital.

Gjennom prosjektutviklingsfondet får etableraren tilgang til eigenkapital,

kompetanse og nettverk som er viktig hjelp for å utvikla verksemda

vidare. Gjennom utøving av aktivt eigarskap er målsetnaden å hjelpa

nye selskap frå etablering og kommersialiseringsfase til vekstfase.

All avkastning på investeringane til SNU Prosjektutvikling vil verta

tilbakeført til fondet. Eigarane til SNU Prosjektutvikling skyt kapital inn

i fondet for å medverka til å skapa nye verksemder og næringar i Stord

og Fitjar. Dette viser at næringslivet i SNUkommunane har ei oppriktig

interesse for å skapa eit breiare og allsidig næringsliv i regionen.

SNU er rådgjevar for fondet.

Resultat

(Nyskapingsperiode)

Idefasen

Utvikling

Stipend Tilskot

(Vekstperiode)

Finansiering for dei ulike livsfasane til bedrifta

Risikolån/garanti

Konsolidering

Marknadslån

Omstilling

Tid

SNU Prosjektutvikling

AS går

inn i selskap i

ein tidleg fase,

gjerne allereie

i idéfasen eller

utviklingsfasen.

Fakta

Aluminox

Storkjøkenprodusenten vart etablert

i Hellas så langt tilbake som i 1929.

Det er ei ekte familiebedrift, og

det er Manolis Chiladakis som no

er hovudeigar. Han er tredje generasjon

som driv verksemda i Athen.

Dei leverer komplette løysingar til

alt frå restaurantar til skip. Verksemda

er i sitt slag den som har

overlevd lengst i Hellas, og den er

også den største leverandøren av

slike produkt på den greske

marknaden i dag. Forutan kontor

på Stord, er Aluminox også inne

på marknaden i Kina, Korea og i

USA.

Les meir om selskapet på

www.aluminox.no

Styreleiar Manolis Chiladakis og dagleg leiar

Ron Skjønberg har spanande utviklingsplanar

for Aluminox Scandinavia.

SKIP, KJØKEN og eit

gresknorsk samarbeid

Kva gjer eit gresk storkjøkkenfirma på Heiane på Stord? Jo, sel storkjøken sjølvsagt!

Aluminox Scandinavia A/S er eit resultat av eit spanande samarbeid mellom SNU,

lokale investorar, og den største storkjøkenprodusenten i Hellas.

Verksemda som held til på Heiane er allereie

byrja å hanka inn viktige kontraktar på den norske

skipsmarknaden. Dagleg leiar Ron Skjønberg er

stolt over at Aluminox si skandinaviske avdeling

har fått kontrakt på levering av storkjøken til to

skip ved Ulstein verft.

– Det er kjempekjekt å komma inn med

leveranse der, seier Skjønberg.

Han ser på verftet i Ulsteinvik som eit innovativt

verft med godt rykte. Det trur han kan vera

med på styrka Aluminox sin posisjon når dei skal

gje tilbod på andre skip. Og det er kjøken på

gyngande kjøl som er fokus i første omgang.

– Men me følgjer jo sjølvsagt med på kva som

skjer på landmarknaden også.

Førebels har dei levert inn tilbod på kjøkenutrusting

til 18 båtar. Stort sett heile pakka vert

produsert i Hellas, med unntak av nokre få

maskinar. Under utarbeiding av anboda har

Skjønberg tett dialog med kollegaene i Hellas.

Og i prosessen med å etablera seg på Stord har

bedrifta hatt eit godt samarbeid med SNU.

– Det har absolutt vore bra. Dei er flinke med

dei praktiske tinga, dei er veldig hjelpsame, og

dei stiller sjølvsagt krav. Og slik må det vera,

påpeikar Skjønberg.

SNU Prosjektutvikling AS er inne på eigarsida i

Aluminox Scandinavia saman med Asator AS og

Fonntech, medan produsenten i Athen er

majoritetseigar med 51 % av aksjane. Etter

planen skal SNU Prosjektutvikling AS trekkja seg

ut av verksemda når den er kome i godt gjenge.

Og med ei sentral plassering på Vestlandet har

Skjønberg tru på at dei blir fleire med mailadresse

aluminox.no i åra framover.

– Me ligg jo midt i smørauga, mellom viktige

skipsverft frå Molde i nord til Flekkefjord i sør,

avsluttar Skjønberg.

Kjøkkensjefen imponert over SNU og

kommunen

I Athen i Hellas sit styreleiar og hovudeigar

Manolis Chiladakis og gler seg stort over nyetableringa

på Stord. Han er overvelda over kor

godt dei er tekne hand om av både kommunen

og SNU.

– Me har følt oss veldig velkomne heile tida.

SNU har hjelpt oss mykje, og representantane

derifrå og i kommunen har vist oss at ting blir

løyst raskt og effektivt. Og dei er svært

fleksible, slår han fast.

Det er tydeleg at Chiladakis er meir vant med

system der ting kan ta månader før noko skjer.

– For oss var støtta frå SNU heilt avgjerande,

konstaterer grekaren.

Han ser på den norske marknaden som svært

viktig. Om dei lukkast her, trur han det kan

opna dører for å lukkast i andre land også. Og

han ser ikkje bort frå at ein også kan få til lokal

produksjon på sikt, om verksemda blir ein

suksess slik han håpar på.

5

Foto: Harald Nordbakken

Fakta

Fanari er eit aksjeselskap og har

eit breitt eigarskap med aktørar

frå næringa:

BO design & foto ved Bodil Haga

Eldøy Olav Møbeldesign AS

Fotograf Catherine Cameron

Fotograf Øyvind Hjelmen

Høgskulen Stord/Haugesund

Ingjerd Monsen Hjelmeland

Jørund Fjøsne Design

Link Signatur AS

SNU Prosjektutvikling AS

Sparebanken Vest

Stord Kommune

Samlar breidda av kreative næringar

Frå venstre: Harry Herstad, Åge Vallestad,

Olav Eldøy, Jane Jünger, Tjerand Espeland,

Catherine Cameron, Jørund Fjøsne, Ingjerd

Monsen Hjelmeland, Svein Halleraker, Liv

Kari Eskeland og Hege Økland

Den nye Fanari-sjefen, Catherine Cameron

Styret i Fanari AS:

Kari P. Kleppe (styreleiar),

tidlegare direktør ved USF Verftet

Jørund Fjøsne (nestleiar),

designar lokalisert i Fitjar

Svein Halleraker (styremedlem),

adm.dir. Link Signatur AS

Liv Reidun Grimstvedt

(styremedlem), dekan Høgskulen

Stord/Haugesund

Hege Økland (styremedlem),

dagleg leiar SNU AS

6

Kreativt knutepunkt

for Sunnhordland

Fanari er namnet på Sunnhordland sin nye samlingsstad for kreative

næringar. Og alle kreative hovud, hender og føter er velkomne.

Inviterer heile Sunnhordland

Den nye verksemda like ved gjestehamna i

byen Stord både utfordrar og inviterer. Og

ikkje berre dei på Stord, men alle i heile

sunnhordlandsregionen. Fanari driv med

framleige av lokale, hovudsakleg på Thiisafabrikken,

men Fanari skal også vera eit

nettverk og ein pådrivar for å utvikla

kulturnæringane og dei såkalla kreative

næringane i Sunnhordland.

Samlar breidda av kreative næringar

– Hovudmålet er at staden skal vera eit

kreativt knutepunkt. Sunnhordland har eit

godt utgangspunkt. Me har internasjonalt

anerkjente møbeldesignarar og skipsdesignarar.

Noreg og snart Nordens største

arkitektkontor er lokalisert på Stord. Sunnhordlandsforfattarane

er eit omgrep, og me

har nye og spanande musikarar. I tillegg

skjer det mykje spanande på festivalfronten

i Sunnhordland, seier dagleg leiar Catherine

Cameron, og legg til at det bør vera gode

muligheiter for spanande synergiar mellom

dei ulike kreative kreftene i Sunnhordland.

– No har me eit verkty, nemlig Fanari, som

kan vera med og gjera den enkelte meir

synleg, og ved at me samstundes samlar

fleire aktørar, vert me store nok til å ta på

oss større oppdrag som ofte forsvinn ut av

regionen, seier Fanari-sjefen.

Fanari-leiaren ynskjer seg alt frå grafiske

designarar, reklamefolk, kunstnarar,

musikarar og andre med skaparkraft inn i

Fanari.

– Eg utfordrar alle som trur dei kan vera

her, seier Cameron.

– Og gjerne nokon som bråkar litt, på ein

positiv måte, legg ho til og ler.

Samlokalisering i Thiisafabrikken

Samlokaliseringa på Stord med nye folk og

verksemder håpar ho kan gje staden nytt

liv. Ho meiner det er viktig at staden skal

vera publikumsvenleg.

– Det er eit mål at dette er ein stad der

folk finn det godt å arbeida og hentar

inspirasjon og motivasjon.

Ho trekkjer fram fellesarealet på kaiplan der

det kan vera mogeleg å ha kafédrift,

utstillingar, og andre typar arrangement.

Målsetnaden er å få fylla lokala med 10–15

ulike leigetakarar dei næraste åra. Og med

det også klara å trekkja folk mot sentrum.

At kanskje kulturskulen vil byggja på nabotomta,

trur ho vil vera med å styrkja

området.

Vil samarbeida med industri og næringsliv

Eit anna mål for Fanari er at leigetakarane

skal kunna dra nytte av kvarandre.

– Og industrinæringa har godt av å vita om

oss. Så slepp dei kanskje å dra til Bergen

eller Stavanger for å få den kompetansen

me kan tilby

Starta som eit SNU-prosjekt

SNU starta arbeidet med å etablera Fanari

tilbake i 2005. Dagleg leiar i SNU, Hege

Økland, leia hovudprosjektet som resulterte

i etableringa på nyåret i 2007. Mange

representantar frå næringar har delteke

med stor dugnadsinnsats i prosjektet fram

mot etableringa. Catherine Cameron har

vore med sidan oktober i fjor, og starta i

jobben som dagleg leiar i byrjinga av mai i

år.

Fotograf og Fanari-sjef

Cameron er utdanna kreftsjukepleiar og har

administrativ utdanning og erfaring frå

Noreg og USA. No har ho tatt steget ut av

helsevesenet og arbeider som kunstfotograf

ved sida av jobben i Fanari. Dei siste åra har

ho hatt 9 utstillingar i utlandet og er representert

i fleire internasjonale samlingar.

Arbeidet med Fanari brenn ho sterkt for, og

det dei har fått til på kulturhuset USF i

Bergen er til stor inspirasjon, fortel fotografen.

Der er det omlag 300 som i dag har sitt

daglege arbeid, innanfor alle fagfelt av

kunst og kultur. Fanari og Cameron bør

vera ein ypparleg kombinasjon for å danna

eit liknande miljø for sunnhordlendingane i

åra framover.

Vil du bli med i Fanari eller ynskjer du

meir informasjon?

Kontakt Catherine Cameron

info@fanari.no

Mobil: 94 17 10 33

INTERNASJONAL I

Fanari

Ein av dei nye leigetakarane i Thiisafabrikken er

Ingjerd Monsen Hjelmeland. Tekstilkunstnaren som

er utdanna ved Kunsthøyskolen i Bergen, kan visa

til mange utstillingar både innanlands og utanlands.

No gler ho seg til å få nye kollegaer på Stord.

Det er om lag eitt år sidan Hjelmeland tok kontakt med kulturkontoret

i Stord kommune og vart vist vidare til SNU på Thiisafabrikken.

Ho fortel at SNU–leiar Hege Økland var raskt på

banen for å ordna lokale, og Monsen Hjelmeland fekk nytta seg

av mellombels lokale på loftet i Thiisafabrikken før jul i fjor.

Tekstilkunstnaren dreiv eiga bedrift i Førde frå 1996 til 2006.

Men no ynskjer ho å profilera Stord. Ho lagar blant anna klede,

som skal kunna fungera skulpturelt i utstillingssammenheng, men

samtidig vera funksjonelle. Men ho tek gjerne andre utfordringar

også:

Eg er open for forskjellige ting, det kan vera både utsmykkings-

oppdrag og design, fortel ho.

Monsen Hjelmeland meiner det er viktig at det blir nytta fagfolk

innanfor kunstnarfaget.

– Det er veldig bra om det lokale næringslivet kan bruka lokale

kunstnarar, slår ho fast.

Ved å leiga lokale av Fanari ser Ingjerd Monsen Hjelmeland fram

til å bli ein del av eit fellesskap.

– Eg har arbeidd mykje aleine tidlegare, og det kan ofte vera

tungt.

Ho ser ein klar fordel ved å arbeida i eit fellesskap som dette, der

ein kan søkja hjelp frå kvarandre og dela erfaringar.

– Eg gler meg til å få kollegaer her på Stord, avsluttar ei optimistisk

Ingjerd Monsen Hjelmeland.

Vil du vita meir, sjekk ut kunstnaren si heimeside:

www.ingjerd.com

Inkluderande Profesjonell Nyskapande

Utforskande Sjeneros

Fanari sine kjerneverdiar.

- MÅ TENKJA LANGSIKTIG

For at Fanari skal bli ein suksess må me bli

synlege og byggja eit godt miljø. Samstundes

må politiske miljø ta ansvar for langsiktig og

heilskapleg tilrettelegging, som gjer det

mogleg å rekruttera til og utvikla Fanari. Det

meiner styreleiar i selskapet, Kari Patricia

Kleppe.

Ho arbeidde i mange år som leiar for kulturhuset USF i

Bergen, og veit mykje om kva som må til for å lukkast

med ei slik etablering. Kleppe var med i arbeidet med

marknadsundersøkinga som vart gjort for å sjekka ut

om Fanarikonseptet var noko folk ynskte.

Me gjekk breitt ut i Stord og Fitjar kommune, og høyrte

Styreleiar Kari Kleppe har klare tankar om korleis Fanari skal utviklast

Ingjerd er på plass i Fanari

om det var behov og interesse for noko slikt.

Responsen var eintydig positiv frå kunstnarar og andre

kreative som vart spurt. Alle var interesserte i eit slikt

nettverk, fortel Kleppe. Men dei hadde og eit sterkt

ynske om lokalisering. Dei fleste ville til sentrum, nær

publikum.

Om ikkje alle etablerer seg i Thiisafabrikken, så ser

Kleppe det likevel som viktig at dette blir ein møteplass

for kreative miljø under ein felles Fanari-paraply. Og ho

er klar på ein ting:

Det finst flust av flinke folk!

Det er eit viktig element for eit selskap som har som

hovudmål å styrkja dei kreative næringane i regionen.

7

Høg

aktivitet

i Fitjar

8

Ei rivande utvikling er i ferd med å

skje på Årskog. Gravemaskinar,

boremaskinar og lastebilar av ulike

slag er i full aktivitet fleire plassar.

Det er bygd nye bygg, og fleire vil

truleg koma i løpet av året.

Sentralt og strategisk plassering

Håkonar Næringspark ligg strategisk til langs

vegen frå Fitjar mot Sandvikvåg, og ifølgje

ordførar Harald Rydland gjer dette sitt til at

området er attraktivt.

– Næringsparken ligg midt mellom Bergen

og Haugesund. For næringsliv med dette

som sitt geografiske nedslagsfelt, er det

klart at dette er eit attraktivt område, seier

Rydland.

– Vegen går rett forbi, og parken har også

djupvasskai. Dette gjer at me no har selt

fleire tomter, og at me har hatt mange

interessentar på vitjing, fortel ordføraren

som også er næringssjef i Fitjar Kommune.

Rydland trur på ytterlegare vekst for næringsparken.

– Det verkar som om mange har

fått auga opp for Håkonar Næringspark som

ein strategisk god stad å etablera seg.

Auka profesjonalisering

Kommunen ynskjer å gjera området endå

betre for dei som etablerer seg i Håkonar

Næringspark. Dei har engasjert SNU til å

sjå om det er mogleg å etablera eit driftsselskap

som kan ivareta interessene til dei

som har etablert seg i parken. Vidare ynskjer

dei at SNU skal arbeida med å leggja ytterlegare

til rette for nyetableringar. Gunvald

Ottesen frå SNU leiar prosjektet.

– Målsetjinga til prosjektet er i første omgang

å sjå om det er forretningsgrunnlag for

etableringa av eit slikt selskap. Ein ser for

seg at selskapet skal ivareta fellesinteressene

til dei som er etablerte og eig eigedom i

Håkonar Næringspark, og å marknadsføra

og vidareutvikla området, fortel Ottesen.

Han vil i dialog med dei ulike interessentane

i parken så snart som mogleg.

– Til hausten tek me sikte på å få ei avklaring

på om dette er mogleg å realisera, stadfestar

Ottesen.

GODT FOR

gründerar

I FITJAR

Av og til kan det løna seg å vera liten

distriktskommune. For Fitjar sin del er

det ein fordel for dei som ynskjer å starta

næringsverksemd. Her er det større sjanse

for å få tilskot til nyetablering enn i Stord

kommune.

Årsaka til forskjellen er kort sagt at Fitjar ligg

innanfor rammene i eit såkalla distriktspolitisk

verkemiddelområde, og det gjer ikkje Stord.

Bakgrunnen er politiske vurderingar heilt frå EU

til den norske regjeringa, og vidare ut i distrikts-

Noreg.

Bur du i Fitjar har du med andre ord tilgang til

mange finansieringsordningar om du tenkjer på å

starta eiga verksemd eller vidareutvikla ei eksisterande

verksemd. Blant anna kan du søkja

Innovasjon Noreg om etablerarstipend. Dei legg

vekt på innovasjon, vekstpotensiale og lønnsemd.

Ynskjer du å satsa internasjonalt kan det vera

mykje å henta. Treng du hjelp til design, kan

Innovasjon Noreg hjelpa med både rådgjeving og

finansiering av kostnader du måtte ha til dette.

I ein kommune som Fitjar med mykje kystlinje og

jordbruksareal, er det ofte marine verksemder

og arbeid innan landbruk som er aktuelt. Innanfor

begge desse næringane kan Innovasjon Noreg

tilby finansiering som tilskot eller lån.

Også frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland er

det mogeleg å søkja midlar. Dei disponerer eit

regionalt næringsfond som er for nyetablerarar i

distriktskommunar. Her kan ein søkja om støtte

til etablering, samt kostnader knytt til vidareutvikling

av verksemda. Maksimalt kan ein få

støtte til 20 % av totalkostnaden i eit prosjekt.

Såkornfondet, Fjord Invest Sør Vest, som du kan

lesa meir om til høgre er også aktuelt for Fitjarverksemder.

Plussar ein på den kompetansen og

støtta SNU kan hjelpa til med, ja så har fitjarbuar

no ein alle tiders sjanse til å lukkast med ei nyetablering

om ideen er god nok!

Såkornfondet, Fjord Invest Sør Vest, er også aktuelt for Fitjar-verksemder. Plussar ein på den

kompetansen og støtta SNU kan hjelpa til med, ja så har fitjarbuar no ein alle tiders sjanse til

å lukkast med ei nyetablering om ideen er god nok!

Ung Etablerar i Sunnhordland

Eit av satsingsområda til SNU er ungdom, og SNU har som målsetnad å

leggja til rette for at ungdom skal få naudsynt kompetanse, støtte og

rettleiing til å kunne etablera eiga verksemd.

Mange idear blant ungdom

Erfaringsmessig er ungdom ei gruppe som treng meir støtte og rettleiing ved etablering av

eiga verksemd, enn dei som har vore i arbeidslivet i nokre år. SNU ser i sitt arbeid samstundes

at det blant gruppa 19-30 år fins mange gode idear og eit stort potensiale i gründerverksemd.

Enklare å starta eiga verksemd

SNU arrangerer, i samarbeid med Samarbeidsrådet for Sunnhordland, etablerarsamlingar

som er spesielt retta mot personar mellom 19 og 30 år. Vår satsing på unge skal hjelpa til

slik at det blir lettare for unge å starta utviklingsprosjekt ved å gi tilgang på kompetanse,

nettverk og tilgang til kapital.

Profesjonell rettleiing

Ung Etablerar i Sunnhordland har profesjonelle coachar som sjølv har erfaring frå eigne

etableringar og vore med på små og store prosjekt. Saman med gjesteførelesarar frå ulike

bransjar og miljø er dei med på å gje kursa eit spanande og lærerikt innhald.

Fjord Invest

SørVest AS

Fjord invest SørVest AS er eit

distriktsretta fond med ein

forvaltningskapital på 216

millionar kroner. Selskapet som

har hovudkontor i Førde, skal

investera i distriktskommunar

på Sør-Vestlandet.

Fjord Invest SørVest skal investera

i små- og mellomstore bedrifter,

samt innovative prosjekt i ein

tidleg utviklingsfase der det er

vanskeleg å oppnå ekstern

finansiering.

Prioriterte investeringsområde

er industriprosjekt i tidlegfase

(såkornfase) i små og mellomstore

bedrifter.

I Sunnhordland kan fondet

investera i prosjekt i Fitjar,

Austevoll, Tysnes, Kvinnherad

og Etne. Kontakt SNU eller

Atheno ved Sylvi R. Sørfonn

for meir informasjon!

Notis

Naprapat Kjersti Ystad anbefalar andre unge

etablerarar å delta på etablerarkurs.

SNU og Samarbeidsrådet arrangerer

nytt etablerarkurs retta mot ungdom

hausten 2008. Søknadsfrist 5. sept.

2008. Kontakt SNU for meir informasjon.

Naprapat med

positive erfaringar

frå etablerarkurs

Hausten 2007 arrangerte SNU og Samarbeidsrådet

første etablerarsamlinga for

ungdom. Ei av deltakarane var Kjersti

Ystad. Ho flytta til Stord for å starta

eigen naprapatklinikk. Kjersti har drive

klinikken sidan juli 2006, og følte behov

for å få inspirasjon til å driva vidare og å

få meir informasjon om det å driva eiga

bedrift.

– Gjennom utdanninga i naprapati fekk

me noko informasjon om det å starta

eiga verksemd, men eg er utdanna

naprapat i Sverige, og det er klart at

mykje er annleis i Noreg, fortel Ystad.

Ein naprapat undersøkjer og behandlar

både musklar og ledd. Ein nyttar blant

anna manipulasjon, akupunktur og massasje

i naprapati.

– Etablerarkurset gav meg mykje god

informasjon og tvinga meg til å gjera den

jobben som ein lett skyv framom seg når

ein startar for seg sjølv. Eg laga ein forretningsplan

og sette meg nokre mål for

bedrifta som har vore nyttig for meg,

seier Kjersti.

– Eg vil også trekkja fram dei gode førelesarane

på kurset. Veldig lærerikt å høyra

andre sine erfaringar frå det å starta for

seg sjølv, tykkjer Ystad.

Ystad kjem eigentleg frå Ål i Hallingdal

og hamna på Stord nokså tilfeldig.

– Eg har besteforeldre på Fitjar så eg

kjende jo staden frå før, men forutan det

så kjende eg ikkje så mange her, fortel

Kjersti.

Som aktiv handballspelar har Kjersti funne

seg godt til rette på Stord.

– Det er godt idrettsmiljø her, men ein

av grunnane til at eg melde meg på

kurset var nettopp det at eg fekk utvida

nettverket mitt. Det er fint å kunna dela

erfaringar med andre, seier ho.

– Å starta for seg sjølv kan vera ganske

einsamt, påpeikar Ystad. Ho er difor glad

for at ho er lokalisert i Sport-Treff der

ho er blitt del av eit større miljø.

9

FRÅ ELDØYANE TIL TEXAS

Suksessbedrifta Advantec har hatt nokre få

og framgangsrike år sidan starten i 2005.

Verksemda som blant anna lagar elektrohydrauliske

system for offshoremarknaden,

sysselset no omlag 90 personar. Advantec

har no tatt steget over dammen som eit

resultat av eit internasjonaliseringsprosjekt i

samarbeid med SNU.

Dei ligg ikkje på latsida ute på Eldøyane. Sjølv om det

skjer mykje på den nasjonale marknaden, vel Advantec

no også å sjå mot Houston, Texas. Dei har allereie

opna ei avdeling i oljebyen i Texas. Noko av årsaka er

at det her finst fleire tunge aktørar i marknaden som

bedrifta ynskjer ei større tilnærming til.

Blant desse er Vetco Gray, Aker Solutions, og FMC,

fortel dagleg leiar Magnar Aaland.

Før etableringa gjorde Advantec ei marknadsundersøking

i samarbeid med SNU og Innovasjon Noreg.

Marknadsundersøkinga kartla internasjonale kundar og

prosjekt, marknadsmessige krav, og resulterte i ein

handlingsplan som viste korleis dei skulle gripa fatt i

marknaden. No er dei altså i gang.

I løpet av 3–5 år håpar Aaland at omsetnaden frå

Houston-avdelinga kan utgjera 20–25 % av omsetnaden

i selskapet.

No er det hardt arbeid som gjeld, og å prøva å vera

dyktige nok, slår Aaland fast.

Han trur at opninga av ei avdeling i Texas vil kunna bli

ein døropnar til den internasjonale marknaden, og at

det kan hjelpa bedrifta å komma i posisjon for å gje

tilbod på ulike jobbar som dei i dag ikkje er med og

byr på.

Ved avdelinga i Houston er Jan Even Østrem og ein

amerikanar dei første tilsette. Østrem er tilsett som

dagleg leiar, eller president som det så fint heiter der

borte. Ikkje rart sonen varsla vener og kjente om at

han skulle reisa til USA, fordi faren skulle bli

president!

Magnar Aaland og Advantec tek

steget over dammen.

Utfordrar på kvalitet og service

Pacta er ei av bedriftene som i oppstartsfasen nytta seg av SNU sin kompetanse.

No er bedrifta i godt gjenge, og dagleg leiar Vibecke Beyer fortel om godt resultat

for bedrifta både i 2007, og så langt i år.

Vibecke Beyer tok skrittet

fullt ut og starta si eiga

bedrift hausten 2006.

– Eg starta det heile med å

utvikla ein forretningsplan

Vibecke Beyer kan visa til eit fint resultat

for den nye bedrifta.

allereie etter første driftsår.

Arbeidsprosessen med

utvikling av forretningsplan

var viktig; – både for å få

tanken om eiga bedrift til å modna hos meg sjølv, men også for å

bli meir medviten om produkttilbod, prisstrategi og marknad, fortel

Beyer. Ho råder alle gründerar til å leggja vekt på å arbeida fram

ein forretningsplan for verksemda.

– Forretningsplanen blir etterspurt av investorar, bankar og samarbeidspartnarar.

I tillegg er forretningsplanen sjølvsagt eit

styringsdokument som stadig må oppdaterast. SNU hjelpte meg

med utarbeiding av planen, og kopla meg i neste runde til lokale

investorar som no har investert i selskapet, fortel ho, og legg til at

det å få kontakt med investorar som hadde tru på idéen var

utslagsgjevande for at forretningsplanen vart realisert og Pacta vart

etablert.

Frå sin base i Sagvåg har inkassobyrået blitt ein aktør med Sunnhordland-

og Haugalandregionen som hovudmarknad.

Me ynskjer å skilja oss ut frå resten av bransjen, seier Beyer.

– Me skal utfordra dei største aktørane på lokalkunnskap, kvalitet

10

og ikkje minst tilgjenge. Dei minste aktørane skal me utfordra med

våre komplette tenester og moderne løysingar, seier Beyer i tru

salsstil. – Dette er viktige konkurransefortrinn som me har lagt

vekt på heilt frå oppstartsfasen.

Me kjenner marknaden godt, slår Fakta

ho fast.

Sjølv har ho arbeidd innanfor det

same fagfeltet på Stord sidan 1997,

og bør ha godt belegg for ei slik

utsegn. Den daglege leiaren fortel at

det er svært viktig for dei å ta vare

både på kunde og betalar. Og ho

opplever lite støy frå irriterte folk.

Me kjem langt med å lytta, og å ta

oss tid til å diskutera løysingar. Og

det å møta folk med respekt er

viktig, fortel ho vidare.

Kor store Pacta blir i framtida har

ikkje Vibecke Beyer noko klart svar

på. Me skal veksa, gro, - og bli

større. I første rekke vil me

fokusera på næringslivet i Hordaland

og Rogaland, avsluttar ho. Meir

informasjon om Pacta finn du på

www.pacta.no

Forretningsplan

Har du ein forretningsidé og

ynskjer å utvikla denne

vidare, løner det seg å starta

med å laga ein forretningsplan.

Prosessen med å laga

ein forretningsplan hjelper

deg med å gjennomarbeida

forretningsideen din. Forretningsplanen

skal innehalda ei

skildring av:

Mål

Forretningsidé

Produktet/tenesta

Marknadsvurdering

Budsjett og finansiering

Framdriftsplan

Selskapsform

Nyttige nettsider:

www.bedin.no

www.etablerar.no

SNU VIDEREUTVIKLES

Etter at omstillingsperioden er over, fremstår

SNU i ny drakt. Våre gode eiere står fortsatt ved

oss, som Fitjar og Stord kommuner, Fellesforbundet

Sunnhordland og næringsrådene i Fitjar

og Stord. I tillegg støtter en rekke av bedriftene

i vår region opp med prosjektmidler på en fremtidsrettet

måte, slik at vi sikrer investeringer i

nyetablerte bedrifter, også i en periode der

ledigheten er lav. Ikke dårlig!

For utfordringene står i kø. Den fremtidige

samfunns- og næringspolitiske oppgave er å

modernisere etablerte strukturer for en ny tid.

Folk flest og bedriftene har andre behov enn vi

hadde bare for få år siden, og verktøyene må

endres deretter. Når verden rundt oss forandrer

seg, forandrer vi oss. Å leve med omstilling er

både smertefullt og frydefullt, alt etter hvem vi

spør. Endring er like fullt en naturlig del av

tilværelsen, noe Sunnhordlandsregionen opplever

og lever med til fulle.

Undersøkelser som kartlegger hvor folk i etableringsfasen

ønsker å slå seg ned, peker på det

selvsagte at det skal være jobbtilbud til familien,

samt tjenester som utdanning, helsetilbud og et

bredt tjenestetilbud i det hele. Men fritidstilbud

og muligheten til å forflytte seg enkelt og raskt

utover regionale og nasjonale grenser, tillegges

økt vekt. Vi vil ha både det urbane sammen med

det lokale og nære, som gir identitet og tilhørighet.

Dette stiller selvsagt også nye og store krav til

det politiske systemet.

Når det gjelder næringsutvikling, er Fitjar og

Stord i en unik situasjon, med store muligheter i

forhold til landets vekstnæringer; offshore og

maritim virksomhet, oppdrett, IT, finans og

kultur. Men nye og eksisterende bedrifter skriker

etter kompetent arbeidskraft og mulighet til

jevnlige omskoleringer, videreutdanning, samt

forsknings- og utviklingsmiljøer som kan sikre at

vi holder ypperste nivå innen våre hovedområder.

De kulturelle produktene, opplevelsesindustri og

turisme er nye og voksende industrier. I følge

siste OECD-rapport er veksten på dette området

på 5-20 % pr. år innen OECD-områdene. Det

ligger her til rette for å utvikle konsepter som

kan utnytte mulighetene i regionen bedre enn i

dag. Men det kommer ikke av seg selv. SNU

mener at Fanari som nå er etablert, er et viktig

virkemiddel for synliggjøring og utvikling av de

kreative næringene, og i fortsettelsen må

nærheten til kompetanse og utviklingsmiljøer gis

en helt annen vekt, for det krever kunnskap,

innsatsvilje og innovasjon for å videreutvikle det

som nå ligger i startgropen.

Det nye SNU skal i enda høyere grad holde

fanen oppe i forhold til nye ideer og etableringer.

Det er nå vi legger det viktige grunnlaget for

fremtidens bedrifter som den unge generasjonen

skal inn i. Og vi skal fortsatt bidra til å gjøre

regionens bedrifter robuste til å klare svingningene

fra en global virkelighet som omgir oss.

Vi er ikke i tvil: Fitjar og Stord skal bli en enda

tyngre motor nasjonalt og globalt. Og samtidig

utvikle spennende nærmiljøer med et rikt kulturliv

som gjør at folk vil til Fitjar og Stord, fordi vi

byr på så mye. I det arbeidet trenger vi alle ”VI

VIL-FOLKENE” som ser mulighetene og vurderer

hindring som det lille ekstra som skal vinnes

over.

Vi inviterer våre kunnskapsinstitusjoner til et tett

samarbeid i vårt videre arbeid, slik at vi sikrer at

våre vekstnæringer ligger i fremste rekke, og at

vi gjennom utvidet kompetanse og FOU-arbeid

ytterligere dokumenterer det.

Styreleiaren har ordet

Grete Knudsen

Det nye SNU skal i enda høyere grad

holde fanen oppe i forhold til nye ideer

og etableringer.

11

Hyttefolkets

feltarbeidarar

Dei byggjer bokstaveleg talt verksemda stein for stein,

karane i Fitjar Småbåt og Fritidsservice AS. Hyttefolk

er ikkje synonymt med utedo og familiedugnad lenger.

No vil dei ha tv-bilete frå fiberkabel og ferdig steinsett

kaikant utanfor kåken.

12

Like ved sjøkanten i det nye hyttefeltet på

Kråko i Fitjar puslar Oddvar de Fine og

Arnt Helland saman steinteppet. Heile

800 kvadratmeter belegningsstein skal på

plass.

Fullt belegg på hotellet

Den relativt nye bedrifta vart etablert i

desember 2006. Under oppstarten

hjelpte SNU til med marknadsføring og

oppstartsmidlar. Hovudsatsinga var båthotell. Dette vart ein

suksess, og i vinter var hotellet fullt med 62 fritidsbåtar innomhus.

– Me skulle gjerne hatt større plass i vinter, fortel dagleg leiar

Oddvar de Fine.

Og resultatet av at det var drygt 80 som ville ha plass i fjor, har

gjort sitt til at dei no utvidar kapasiteten på industriområdet på

Årskog. Førebels har dei sett ei grense på 23 fot som makslengde

på båtane.

– Me ser på mogelegheiter for kanskje å ta opp større båtar etter

kvart, seier de Fine.

Mange av leigetakarane er hyttefolk, men det er også nokre

fitjarbuar som nyttar seg av det nye tilbodet.

Nye servicetilbod til hyttefolket

Samstundes med båthotell-satsinga ynskjer dei å tilby hyttefolket

det dei måtte trenga av vaktmeistertenester og tilsyn. Og den

store satsinga på Kråko har gjeve karane nok å hengja fingrane i.

– Me tek både malararbeid, steinsetting og anna arbeid

hytteeigarane måtte ynskja, fortel dei.

Dei ser for seg at det kan bli aktuelt å køyra faste rundar for å

halda tilsyn med hytteeigedommane, slik at folk som bur langt frå

fritidsbustaden veit at alt er ok når dei opnar hyttedøra på fredagskvelden.

Mykje tyder på at dei fem medarbeidarane i Fitjarverksemda

ikkje blir arbeidslause med det første!

SNU Prosjektutvikling med på eigarsida

Gründerane har søkt om å få SNU Prosjektutvikling AS med på

eigarsida i selskapet for å få tilgang på naudsynt kapital til utviding

og utvikling av verksemda.

– Det er også verdfullt å få inn eit eksternt

styremedlem som kan delta i den strategiske

utviklinga av selskapet, seier eigarane

Torstein Grimen, Jostein Prestbø og

Oddvar de Fine.

– SNU Prosjektutvikling AS ynskjer å vera

ein aktiv eigar og hjelpa nystarta verksemder

i ein krevjande oppstart- og

kommersialiseringsfase. Fitjar Småbåt og

Fritidservice er ei spanande bedrift som

utnytter til fulle alle mulegheitene som

den veksande hyttemarknaden i Fitjar gir

dei lokale verksemdene. Det blir spanande

å vera med denne verksemda vidare, seier

Hege Økland i SNU.

Notis

Visste du at –

Prisen for å lagra

småbåt innandørs

på vinterstid på

Fitjar, er vesentleg

rimelegare enn til

dømes hjå Garstad

i Stavanger.

Medan opptak og

lagring av ein 20fotar

i Fitjar kjem

på om lag 6 200

kroner, kostar det

20 000 kroner å

plassera farkosten

på hotellet i oljebyen.

Ynskjer breiare satsing innan kunst, kultur og reiseliv

Stord-ordførar Liv Kari Eskeland ser

det som svært viktig med mangfald

innan næringsutviklinga i kommunen.

Samtidig som fokus må vera på å

vidareutvikla det me er gode på,ynskjer

ho seg ei auka satsing også utanom

dei tradisjonelle næringane på øya.

Eskeland er og klar på kva som er hovudutfordringa

når det gjeld ny næringsutvikling.

– Dei store verksemdene evnar å få til knoppskyting,

noko me er svært nøgd med. Fokus

på forsking og samarbeid med læringsinstitusjonane

veit eg har høg prioritet saman med

rekruttering av arbeidskraft, og på desse områda

vert det etter kvart jobba målretta også

på tvers av bedriftene, noko eg trur vil vera

tenleg for alle. Me er så heldig stilt at kommunen

er attraktiv i forhold til nyetableringar

og utviding av eksisterande verksemder, så ei

utfordring er at me pr i dag har litt for lite

variert næringsareal å tilby. Dette har me

sjølvsagt fokus på, og me jobbar for å få dette

på plass.

Når det gjeld viktige satsingsområde seier ordføraren

fylgjande:

På Fitjar ser ordførar Harald Rydland

andre utfordringar enn det kollegaen

på Stord gjer. Han trur på tilrettelegging

for innbyggjarane og innflyttarar, og at

god trivsel vil gje auka sjanse for at folk

vil starta ny næringsverksemd.

Medan mange reiser til Stord for å arbeida, er

stoda litt annleis i nabokommunen.

– I Fitjar har me litt for mykje pendling frå

kommunen. Me må verta flinkare til å fortelja

folk kor godt det er å bu her, og at Fitjar er

ein god stad å etablera næringsverksemd. Me

må fylgja opp med tomter, båtplassar og eit

godt offentleg tilbod, meiner Rydland.

Han trur at om kommunen gjer seg attraktiv

for tilflyttarar, så vil det bli lettare å få folk til

– Me har mykje som går mot marin/offshorenæringar,

og dette skal me sjølvsagt dyrka.

Men for å syta for at me har breidda i tilboda

våre, skulle eg gjerne sett at me klarte å få til

ei større satsing på kunst og kultur.

Ordføraren meiner SNU har ein viktig jobb å

gjera for å auka breidda.

– SNU var ein god aktør då det ein periode

såg mørkt ut for offshore-næringa for nokre

år sidan, og er framleis ein svært viktig reiskap

for nyskaping og utvikling av bedrifter i kommunen.

SNU er kommunen sitt verkemiddel

og reiskap i så måte.

Ho oppfordrar folk til å bruka SNU, og er sjølv

svært nøgd med arbeidet dei gjer.

– Men kva verksemder ynskjer du deg aller

mest i kommunen?

– Me tek imot alt, seier Eskeland og smiler.

– Men eg ser me har eit potensiale til å bli

sterkare også på reiseliv. Me har jo ein unik

natur, og har mykje å tilby dei som kjem

tilreisande! Saman med solide arbeidsplassar

innan eit vidt spekter, gjev dette oss fleire

bein å stå på og eit viktig mangfald, avsluttar

Stord-ordføraren.

Vil gjera seg attraktive for innbyggjarar og tilflyttarar

å bli buande og bli freista til å skapa nye

arbeidsplassar.

– Kor viktige er SNU i arbeidet for å skapa

nye arbeidsplassar i kommunen?

– Samarbeidet med SNU har vore vellukka for

Fitjar kommune. Dei har vore kommunen sin

næringsutviklar, og sit med god kompetanse

på dette feltet. Me hadde ikkje klart å oppnå

det same med eigne krefter, slår Rydland fast.

Ordføraren har ikkje spesielle ynske for kva

verksemder han vil ha etablert i kommunen

framover, men håpar på auka aktivitet.

– Aller helst håpar me på etablering av bedrifter

som skapar ein del arbeidsplassar, men alle

nyetableringar er viktige og positive, avsluttar

Fitjar-ordføraren.

Stord-ordførar Liv Kari Eskeland.

Fitjar-ordførar Harald Rydland.

13

Nytt spanande

tilskot til designmiljøet i

Sunnhordland

Regionen vår har fleire kjende designarar. No skjer det

òg spanande ting innan formgjeving av barneklede.

Bak satsinga står ei kvinne med stor internasjonal erfaring

innan tekstildesign. Kolleksjonen og merkevara er klar for

lansering i samband med moteveka i hovudstaden til

hausten.

Det var kjærleiken og ikkje det fine vestlandsveret som førde Monica

Sanchez frå Colombia til Noreg. Ho har utdanning innan tekstildesign

i heimlandet, og arbeider no hardt for å få slå gjennom med eksklusive

barneklede av merket Dundelina. Ideen bak Dundelina-konseptet fekk

formgjevaren for omlag to år sidan. Her er det snakk om ein jentefigur

som drøymer seg bort i ei rik fantasiverd. Designaren har etablert eit

samarbeid med sunnhordlandsforfattaren Roald Kaldestad, som har

utarbeidd ei forteljing om Dundelina.

Handlinga speglar seg i ymse motiv på jentekleda som Monica Sanchez

formgjev. Ein spanande miks som ho allereie har hausta gode

erfaringar frå. Målet er å få til ei bok til kvar kolleksjon.

– Det eg likar spesielt godt med dette, er at det involverer andre

kreative menneske, noko som også gjev meg ekstra energi, fortel

Sanchez.

Viktig støtte

Men det er ikkje gjort over natta å få designa og produsert barneklede.

Sanchez har arbeidd tett saman med Hege Økland i SNU for å

finna samarbeidspartnarar og få realisert selskapet. Ho trur det ville

vore svært vanskeleg å få til satsinga utan fagleg hjelp og gode råd

derifrå.

14

– I tillegg har det vore veldig viktig med den økonomiske stønaden

undervegs, fortel Sanchez.

Investorar i prosjektet er SNU Prosjektutvikling og Vik Sandvik Holding.

– Me ser på selskapet som eit spanande og viktig tilskot for designmiljøet

og dei kreative næringane i regionen, seier Hege Økland.

Stord, Bergen og Colombia

Monica Sanchez meiner det har vore ein stor fordel å etablera seg på

Stord i høve til for eksempel i Bergen, eller Colombia for den saks

skuld.

– Dørar opnar seg lettare her, og det er lettare å bli kjend med folk,

slår ho fast.

Dundelina har allereie vore ute på den norske marknaden i utvalde

butikkar i Stavanger og Bergen. Mottakinga var svært god. Neste

kolleksjon blir etter planen presentert i eige showroom i samband med

Oslo Fashion Week i haust, og er klare for alle Dundelina-jenter i

februar månad. Fram mot den tid håpar tekstildesignaren å vera på

plass med dei nye kleda i omlag 20 utvalde norske butikkar. Ho har

og planar om gradvis å erobra den danske marknaden.

– Kva med lokale forhandlarar?

– Eg vil gjerne koma i kontakt med nokon som kan selja desse kleda

lokalt. Samstundes er eg òg interessert i å finna nokre designpartnarar

i regionen. Nokon som er kule, og som toler litt spansk temperament,

avsluttar Sanchez og ler.

Team Sunnhordland, frå venstre Helge Drange,

Reidun Rykkje, Sylvi R. Sørfonn, Gro J. Gjerde,

Ragna Flotve, Karen Thauland, Magne Raknes og

Hege Økland. Elling Hetland, Trond Sætereng og

Tore Dalseide var ikkje tilstades då bilete vart teke.

Fakta

Desse er medlemmer av

Team Sunnhordland:

Magne Raknes

– næringssjef Bømlo kommune

Karen Thauland

– dagleg leiar Kvinnherad

Næringsservice

Ragna Flotve – dagleg leiar Sveio

Næringsservice

Sylvi R. Sørfonn

– dagleg leiar Atheno AS

Hege Økland

– dagleg leiar SNU AS

Elling Hetland

– rådmann Etne kommune

Gro Jensen Gjerde

– dagleg leiar Samarbeidsrådet

for Sunnhordland

Reidun Rykkje

– næringskonsulent Samarbeidsrådet

for Sunnhordland

Trond Sætereng

– rådmann Kvinnherad kommune

Helge Drange

– konsulent Tysnes kommune

Tore Dalseide

– Austevoll Næringsråd

Næringslivet deltek

Heile 80 sunnhordlendingar hadde funne vegen

til Oslo torsdag 17. april. Der blei dei møtt av

Stord-ordførar Liv Kari Eskeland og varaordførar i

Fitjar, Gisle Levåg, som ynskte velkomen og

informerte om kva tilbod kommunane kan tilby

til dei som vil flytta heim igjen. Heile åtte lokale

verksemder presenterte seg i Oslo for studentar

og utflyttarar, og viste til spanande arbeidsplassar

heime.

Langsiktig rekruttering

SNU har arrangert slike SNU-plassar i Oslo tre

gonger, i tillegg til fleire i Trondheim og Bergen,

noko som tyder på at tiltaka vert sett på som

positive. Målet til SNU-plassane er å få heim

igjen folk – kanskje ikkje i morgon, men i overimorgon.

Då er det viktig at dei utflytte har eit

positivt syn på heimstaden og verksemdene der.

Samlar og vidareforedlar

kompetanse

Team Sunnhordland er namnet på eit nystarta

nettverk. Målet er at regionen skal bli endå betre

og samkøyrt på næringsutvikling.

Gro Jensen Gjerde frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland

er koordinator for arbeidet i Team

Sunnhordland. Ho er klar på at ein ikkje oppnår

utvikling i regionen ved å sitja på kvar si tue.

– Me kan spela kvarandre gode, påpeikar ho.

Ho ynskjer at ein skal kunna utnytta kunnskapen

som ligg i kvar enkelt kommune, og i næringsutviklarar

som Samarbeidsrådet, SNU og Atheno

(tidl. Industrinettverket VIS). Dei er alle representerte

i Team Sunnhordland.

– Me må rett og slett utnytta breiddekompetansen

som finst.

I førekant av etableringa av Team Sunnhordland

såg ein på fleire ulike modellar for å organisera

arbeidet. Det vart gjennomført eit viktig arbeid

med å laga samspelsreglar og drøfta etikkspørsmål,

og ein prøvde å finna best mogelege måtar

å samarbeida på. Gro Jensen Gjerde meiner dei

no er komen fram til ein god modell å byggja

vidare på. Og arbeidet er allereie godt i gang.

Noko av det viktigaste Team Sunnhordland no

Spesielt i dag er næringslivet på jakt etter

arbeidskraft.

Sosial møteplass med relasjonsbygging

Deltakarane på SNU-plassane er som regel ei

jobbar

med, er

rekruttering

av arbeidskraft

til

kommunane.

Det er eit

skrikande

behov for å

få tak i

kvalifisert

arbeidskraft

til næringslivet

og

offentleg

sektor,

konstaterer

Jensen Gjerde.

Rekruttering og omdømmebygging er eit

felles prosjekt for Team Sunnhordland.

Andre viktige område dei har sett på agendaen,

er omdømmebygging, og arbeid med å få til eit

skikkeleg mottakssenter for arbeidarar som kjem

til Sunnhordland. Det er med andre ord eit

ambisiøst og nytenkjande nettverk som no er

etablert i vårt distrikt.

SNU-plass som rekrutteringsarena og sosial møteplass

SNU-plass er ein møteplass for studentar og utflyttarar frå Sunnhordland og næringslivet i regionen. SNU har arrangert

slike treffstader heile sju gonger sidan 2001, og at SNU-plassane stadig er populære fekk ein prov på i Oslo denne våren.

Mange utflytta sunnhordlendingar hadde teke turen

til SNU-plassen i Oslo. Frå venstre: Torgeir Matre,

Astrid Vatne, Kristin Eidsnes og Eirin Vikanes Bjelland.

god blanding av studentar og folk som er i arbeid.

Nokre er kjem for å treffa kjensfolk, medan

andre har meir konkrete planar for å flytta heim

til Stord eller Fitjar.

– Hyggjeleg å treffa andre stordabuar. Det er vel

kanskje den viktigaste grunnen til at eg deltok på

SNU-plassen, seier Torgeir Kismul Matre på

SNU-plassen i Oslo. Han er sivilarbeidar i

miljøstiftinga Zero.

– Kjekt å høyra at bedriftene på Stord går så bra,

seier medisinstudenten Eirin Vikanes Bjelland.

– Ja, du blir nesten litt overraska, seier Astrid

Vatne, som studerer geofag ved Universitetet i

Oslo. – Og litt stolt, seier Eirin og smiler. Når

jentene blir spurde om dei ser for seg å ein dag

etablera seg på heimstaden, må dei likevel dra

litt på det. – Kanskje Fitjar, kanskje Stord.

Kanskje ikkje. Tida vil visa, seier Kristine Eidsnes

frå Fitjar.

15

P.s:

Ung etablerar i Sunnhordland

Søknadsfrist: 5. september

Første samling: 21. -22. september

Meir informasjon finn du på

www.snu.as

Styrebank

På www.snu.as kan du enkelt

leggja inn din kompetanse og

verta tilgjengeleg for styrearbeid

i etablerte og nyetablerte

aksjeselskap i Sunnhordland.

Spanande utfordring

SNU har sidan 2005 hatt ansvar for

utgreiing om ei mogleg etablering

av eit rehabiliteringssenter innan

yrkesrehabilitering i Sævarhagen

på Stord. No søkjer me etter

prosjektleiar som skal leia prosjektet

fram mot etablering.

Har du erfaring frå prosjektleiing,

er samfunnsengasjert og ynskjer å

driva prosjektet fram mot etablering,

så kan dette vera noko for

deg.

Kontakt SNU for meir informasjon.

FOKUS PÅ STYREKOMPETANSE

Eit velfungerande styre utgjer ein viktig ressurs for små og større verksemder.

Styrerolla har fått aukande merksemd, og mange ynskjer meir kompetanse om

kva ansvar, rolle og oppgåver eit styre skal ha. SNU arrangerte kurs i styrekompetanse

våren 2008, i samarbeid med Innovasjon Noreg og Handelshøyskolen BI.

Ei variert og entusiastisk gruppe menneske frå ulike bedrifter og bransjar deltok på det

første kurset SNU arrangerte om styrearbeid. Deltakarane fekk her kunnskap om lovar og

reglar som gjeld strategiarbeid, sentrale prinsipp for økonomistyring og rekneskapsførsel,

og korleis ein skal få eit medvite forhold til rolla som styremedlem, deriblant ansvar og

forpliktingar overfor bedrifta sine ulike interessentar. Føredragshaldar Kjell Standal gjorde

temaet interessant og lærerikt for dei om lag 30 deltakarane. Kurset gjekk over to samlingar

og vart avslutta med ein 72 timars heimeeksamen. Bestått eksamen gjev 6 studiepoeng.

Kurset vart arrangert av SNU i samarbeid med Innovasjon Noreg og Handelshøyskolen BI,

og alle 27 deltakarane på kurset avslutta kurset med heimeeksamen.

På jakt etter ekstern styremedlem?

Er du på leit etter eksterne styremedlemmer

til di bedrift, så kan

henda du finn den rette i SNU sin

styrebank. Her er lokale kandidatar

samt andre med styreerfaring

registrert i databasen.

Kanskje har desse den kompetansen

som di bedrift er på jakt

etter.

Er du interessert i styreverv, kan

du registrera deg i SNU sin

styrebank.

Meir informasjon på

www.snu.as

Starta for deg sjølv? Hjelp til utvikling av forretningsidé? Utviklingsprosjekt?

Me tilbyr gratis rådgjeving

og hjelp til etablerarar!

Ta kontakt for avtale.

Hege Økland

Dagleg leiar

Jostein Sydnes

Forretningsutviklar

Gunvald Ottesen

Senior forretningsutviklar

Du treff oss på tlf: 53 40 15 50. Les meir om SNU og prosjekta våre på www.snu.as

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!