18.11.2022 Views

Nye ungdomsbøker fra Ungdomsbokgildet 2019

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Bjørn Ingvaldsen

Nattskift i Nekropolis

Gyldendal 2019

Presentert av Stig Elvis Furset

Vi har alle eit liv. I Nattskift i Nekropolis heiter dette livet Max. Han går i

niande klasse. Foreldra er skilt. Faren til Max har ein ny familie: Kamilla,

kona, og dei to småttisane Thea og Tobias.

Når Max er der, annakvar helg, snakkar faren

om at dei skal gjere ting i lag. På skikkeleg.

Kanskje fotballtur til England! Men,

det blir aldri. Faren må ha tid til familien.

Til Kamilla. Som spør om ikkje sønnen skal

leggje seg snart.

Mora til Max seier at ho tenkjer best om

natta. Då er ho nede i kjellaren. Der studerer

ho gravplassar nær antikke byar. Såkalte

nekropolis. Der nede, saman med alle vinflaskene,

er ho som ein arkeolog, og ikkje ei

uføretrygda åleinemor. For det var arkeolog

ho skulle bli.

Viss det ikkje var for at Max vart født, så

ville det gått slik. Viss det ikkje var for at

ho hadde dette livet å ta hand om, så ville

ho reist ut. Til spennande land. Viss det

ikkje var for Max, så ville ho hatt livet for

seg sjølv.

Så då mora oppnår kontakt med ein

kjend arkeolog, og han skal holde foredrag

på ei utstilling, og inviterer henne, så må ho

dra. Max blir med.

Kan eit liv vere eit blendverk? Kva viss livet

er basert på løgner, som blir stabla oppå

kvarandre? Kor stor kan vekta av desse bli,

før alt raser, slik at ein til slutt fornektar livet

sjølv? At alt berre er fiksjon. Og at boka om

dette livet blir lukka? Mora finner til slutt

dei døde sin by.

Kan ein leve eit liv i einsemd? Eit liv kor

du blir fortalt at du er i vegen. At du er grunnen

til at andre ikkje får levd. Max finner til

slutt dei døde sin by.

Nattskift i Nekropolis er ei mørk bok. Allereie

på dei første sidene kjente eg på ei

snikande uro over tilstanden til mora. Ho er

sjuk! Og Max forstår at han til sist ikkje har

noko handlingsrom. Det er berre ein utveg.

Skriver Bjørn Ingvaldsen skrekkromanar?

Skrekkforattaren Joe Hill uttalte i eit intervju

i New York Times i vår dette: “Nokon trur

skrekk handlar om sadisme, om å slenge

innvollar på lesaren (…), men den mest

verknadsfulle skrekken, den handlar om

empati”. Det er der vi er med her. Eg har

sjeldan hatt så stor medkjensle med ein

fiktiv karakter som med Max. Sjølv om det

er vondt å lese, har ein ikkje vondt av det.

13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!