01.11.2021 Views

Alexander Schmemann «Til liv for verda»

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane» Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet. I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja. Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike. Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere. Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret. «Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.» Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

«Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.»
Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

til liv for verda

Forord 1

«Ein kristen er ein som finn Kristus og gleder seg i Han,

kvar han enn ser.»

Alexander Schmemann

Det er svært passande og gledeleg at denne boka vert utgjeven

i år (2021) då det treff saman med 100-årsjubiléet for fødselen

til fader Alexander Schmemann, 13. september 1921. Takk til

Hallvard Riikoja-Lid som har teke initiativet til å omsetje

boka og til andre som har bidrege.

Fader Alexander Schmemann vert av mange rekna som ein

av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det

førre hundreåret. Boka «Til liv for verda» vert også av mange

rekna som den viktigaste boka Schmemann skreiv og er ei

glimrande innføring i ortodoks teologi i tillegg til hans eigen

liturgiske teologi. Boka er ikkje noka tung akademisk avhandling,

men var opphavleg ein serie med førelesningar som vart

skrivne for eit protestantisk publikum. Mange vil difor finne

boka både tilgjengeleg og aktuell. Boka vart fyrste gang utgjeven

i 1963, men den som les henne, vil oppdage at ho framleis

er djupt aktuell og treffande. Boka vert rekna som ein klassikar,

og mange langt utanfor Den ortodokse kyrkja vil ha glede

og verte oppbygde av å lese henne.

I Den ortodokse kyrkja er ikkje teologien ein akademisk

disi plin som er skilt frå kyrkjeverda, der bønene og tilbedinga

7

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!