01.11.2021 Views

Alexander Schmemann «Til liv for verda»

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane» Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet. I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja. Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike. Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere. Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret. «Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.» Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

«Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.»
Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Liv for verda

frå andre skapningar, har sitt fokus og si endelege oppfylling

i denne evna til å velsigne Gud, til å kjenne meininga med

torsten og svolten som utgjer menneskelivet. «Homo sapiens», 29

«homo faber» 30 ... Ja, men fyrst og fremst «homo adorans». 31 Den

fyrste, grunnleggjande definisjonen av mennesket er at det er

presten. Mennesket står i sentrum av verda og samlar og sameinar

henne i si handling med å velsigne Gud. Det tek imot

verda frå Gud og gjev henne samtidig tilbake til Gud. Og ved

å fylle verda med denne takkseiinga omskapar det sitt eige

liv, det som mennesket tek imot frå verda, til eit liv i Gud, til

samfunn med han. Verda vart skapt som materie, som materialet

i eit altomfattande takkoffer, og mennesket vart skapt som

presten i dette kosmiske sakramentet.

Alt dette skjønar menneska instinktivt, om ikkje rasjonelt.

Fleire hundreår med sekularisme har mislukkast med å gjere

måltidet om til noko med rein nytteverdi. Framleis vert maten

behandla med ærefrykt. Eit måltid er framleis eit ritual – det

siste «naturlege sakramentet» i familie og vennskap, i det livet

som er meir enn berre «å ete og drikke». Å ete er framleis noko

meir enn å halde kroppslege funksjonar ved like. Folk forstår

kanskje ikkje kva det inneber for «noko meir», men dei ønskjer

å feire det, like fullt. Framleis er dei svoltne og tyrste etter det

sakramentale livet.

27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!