01.11.2021 Views

Alexander Schmemann «Til liv for verda»

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane» Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet. I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja. Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike. Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere. Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret. «Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.» Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

«Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.»
Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

til liv for verda

verktøyet for Hans eige nærvær, visdom, kjærleik og openberring:

«Smak og sjå at Herren er god.» 26

Menneska er svoltne vesen. Men dei er svoltne på Gud.

Bakom all svolten på livet står Gud. All lengt er i siste rekke

ein lengt etter Han. Rett nok er ikkje menneska dei einaste

svoltne vesena. Alt som finst, lever av å «ete» – heile skaparverket

er avhengig av føde. Men den eineståande stillinga

menneska har i universet, er at dei åleine skal velsigne Gud for

føda og livet dei tek imot frå han. Dei åleine har til oppgåve

å gje tilsvar på Guds velsigning med si eiga signing. Ei viktig

kjensgjerning om livet i hagen er at mennesket får til oppgåve

å gje namn til ting. Så fort dyra vert skapte for å halde Adam

med selskap, fører Gud dei til Adam for å sjå kva han vil kalle

dei. «Det som mennesket kalla kvar levande skapning, det fekk

han til namn.» 27 I Bibelen er eit namn noko uendeleg mykje

meir enn eit middel for å skilje ein ting frå noko anna. Namnet

avslører heile essensen i noko, eller rettare sagt, essensen

det har som Guds gåve. Å gje namn til noko er å syne fram

meininga og verdien Gud gav det, å kjenne det att som noko

som kom frå Gud, og å vite kva for plass og funksjon det fyller

innanfor det Gud-skapte kosmos.

Å gje namn til noko er med andre ord å velsigne Gud for det

og i det. Og i Bibelen er det å velsigne Gud ikkje ei «religiøs»

eller «kultisk» handling, men sjølve livsvegen. Gud velsigna

verda, velsigna menneska og velsigna den sjuande dagen, (det

vil seie tida). Dette inneber at Han fylte alt som lever med sin

kjærleik og godleik, og gjorde alt dette «overlag godt». 28 Så den

einaste naturlege (og ikkje «overnaturlege») reaksjonen menneska

har for å ha fått denne velsigna og helga verda av Gud,

det er å velsigne Gud i gjengjeld. Det er å takke Han, å sjå

verda slik Gud ser henne, og – i takk og tilbeding – å kjenne,

gje namn til og ta eigarskap over verda. Alle dei rasjonelle, dei

åndelege og dei andre kvalitetane menneska har som skil dei

26

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!