01.11.2021 Views

Alexander Schmemann «Til liv for verda»

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane» Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet. I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja. Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike. Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere. Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret. «Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.» Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

«Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.»
Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Liv for verda

Men det finst også nokre som naturleg les frasen «til liv for

verda» med tydinga «til eit betre liv for verda». «Dei åndelege»

vert utbalanserte av aktivistane. Vi har i dag kome langt frå

den enkle optimismen og euforien i «den sosiale evangelierørsla».

24 Vi har hatt den dialektiske teologien 25 med alt det

han innebar av eksistensialisme og angst og med det pessimistiske

og realistiske historiesynet sitt. Alt dette har vorte teke

opp og gitt den ettertanken det fortener. Men den grunnleggjande

trua på kristendom som handling fyrst og fremst, har

halde seg intakt, og har faktisk skaffa seg nye krefter. Ut frå

dette synspunktet har kristendommen rett og slett mist grepet

om verda. Og verda må vinnast tilbake. Den kristne misjonen

er derfor å finne igjen livet som har villa seg bort. Det «etande»

og «drikkande» mennesket vert teke alvorleg, nesten for

alvorleg. Dette mennesket representerer det eksklusive objektet

for kristen handling. Vi vert stadig kalla til å omvende oss

frå å ha brukt for mykje tid i kontemplasjon og tilbeding, i

stilla og i gudstenesta, og for ikkje å ha brukt tilstrekkeleg med

krefter på sosiale, politiske, økonomiske, rasemessige og alle

andre typar stridstema i det verkelege livet. Bøkene om mystikk

og åndeleg liv får sitt tilsvar i bøker om «Religionen og

livet», (eller samfunnet, eller urbaniteten eller sex ...) Og likevel

står det grunnleggjande spørsmålet att utan svar: kva er dette

livet som vi må ta tilbake for Kristus og gjere kristent? Med

andre ord, kva er det endelege målet for alle desse gjeremåla

og handlingane?

Sett at vi har nådd iallfall eitt av desse praktiske måla, og

har «vunne» – kva så? Spørsmålet kan verke naivt, men ein kan

ikkje eigentleg handle utan å skjøne meininga med handlinga,

og ikkje berre det, men meininga med sjølve livet som ein

handlar på vegne av. Vi et og drikk, vi kjempar for fridom og

rettferd for å vere levande, for å ha fylde i livet. Men kva er det?

Kva er livet i livet sjølv? Eller kva er innhaldet i det evige livet?

23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!