01.11.2021 Views

Alexander Schmemann «Til liv for verda»

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane» Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet. I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja. Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike. Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere. Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret. «Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.» Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

«Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.»
Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

til liv for verda

vår tid. Men grunnen til at eg tek til med dette, er fordi heile

meininga med dette essayet er, om mogleg, å svare på dette

spørsmålet: kva for liv er det vi snakkar om, kva for liv er det

vi forkynner, proklamerer og kunngjer når vi som kristne vedkjenner

at Kristus døydde til liv for verda? 23 Kva for liv er både

drivkrafta, opphavet og endemålet for det kristne oppdraget?

Dei eksisterande svara følgjer to generelle mønster. For nokre

av oss vil det vere slik at omgrepet livet, når ein tek det opp

i ein religiøs samanheng, vil innebere det religiøse livet. Dette

religiøse livet er då ei verd i seg sjølv som eksisterer utanom

den sekulære verda og livet i henne. Dette er verda av «det åndelege»,

og i våre dagar ser ho ut til å skaffe seg meir og meir

popularitet. Sjølv bokhyllene på flyplassane er fylte opp med

antologiar av mystiske skrifter. Ei slik bok som vi har sett, bar

tittelen Enkel mystikk. Når menneska er forkomne og forvirra

i støyen, straumen og frustrasjonane frå «livet», takkar dei lett

ja når dei vert inviterte inn i det inste kammeret i sjela si for

å oppdage eit anna liv der, og å nyte eit «åndeleg festmåltid»

som bognar av åndeleg føde. Denne åndelege føda skal hjelpe

menneska. Dei skal finne igjen si indre ro, halde ut det andre,

sekulære livet, godta prøvingane som kjem frå det, føre eit sunt

og meir målretta liv, «halde smilen» på ein djup, religiøs måte.

Og slik består misjonen her i å omvende folk til dette «åndelege»

livet, å gjere dei «religiøse».

Det finst eit stort mangfald av vektleggingar og til og med

teologiar innanfor dette generelle mønsteret. Dei strekkjer seg

frå den populære vekkingsrørsla til den sofistikerte interessa

i esoteriske, mystiske doktrinar. Men resultatet er det same:

«det religiøse» livet gjer det sekulære livet irrelevant – livet

av mat og drikke vert ribba for all ekte meining, bortsett frå

det å vere ei øving i fromskap og tolmod. Og jo meir åndeleg

det «religiøse festmåltidet» er, jo meir verdslege og materielle

verkar neonlysskilta ET, DRIKK som vi ser langs landevegen.

22

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!