01.11.2021 Views

Alexander Schmemann «Til liv for verda»

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane» Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet. I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja. Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike. Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere. Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret. «Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.» Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

«Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.»
Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

til liv for verda

Kapittel 1

Liv for verda

1.

«Der Mensch ist, was er isst». (Mennesket er det det et). Med

denne utsegna trudde den materialistiske filosofen Feuerbach

20 at han hadde gjort slutt på alle dei «idealistiske» spekulasjonane

rundt kva menneskenaturen er. Men utan å vite det,

uttrykte han faktisk den mest religiøse ideen som mennesket

har. For lenge før Feuerbach vart den same definisjonen av

mennesket gjeven i Bibelen. I den bibelske skapingssoga vert

menneska fyrst og fremst framstilt som svoltne vesen, og heile

verda vert framstilt som mat til dei. Det fremste bodet menneska

får, er å vere fruktbare, verte mange og råde over jorda,

men ifølgje forfattaren av fyrste kapitlet i Fyrste Mosebok,

instruerer Gud menneska til å ete av jorda: «Sjå, eg gjev dykk

alle planter som set frø, (...) og alle tre som ber frukt med frø i. Det

skal de ha å eta.» 21

Menneska må ete for å leve, dei må ta verda inn i kroppen

sin og gjere verda om til seg sjølv, til sitt eige kjøt og blod. Dei

er verkeleg det som dei et, og heile verda vert vist fram som

eit altomfattande festbord for menneska. Og dette biletet av

festen vert verande gjennom heile Bibelen som det sentrale

biletet på livet. Det er biletet på livet ved skapinga og også biletet

på livet ved slutten, ved fullendinga: «De skal eta og drikka

ved mitt bord i mitt rike.» 22

Tilsynelatande er føde, eller mat, eit tema som er nokså uvesentleg,

sett i lyset av dei store «religiøse stridsspørsmåla» i

21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!