01.11.2021 Views

Alexander Schmemann «Til liv for verda»

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane» Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet. I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja. Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike. Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere. Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret. «Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.» Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

«Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.»
Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Forord frå forfattaren

den leitourgia som alltid gjer henne til det som ho er: verdssakramentet,

sakramentet av Guds Rike, og den gåva det er til

oss i Kristus. Og det er denne erfaringa eg har forsøkt, ikkje så

mykje å forklare eller analysere, men ganske enkelt å stadfeste,

i denne teksten.

Dersom eg hadde måtta skrive henne i dag, hadde eg sannsynlegvis

skrive henne på ein annan måte. Men eg er ikkje

tilhengar av, og eg er heller ikkje i stand til ei heilhjarta omskriving

av det som ein gong har vorte skrive ned, same kor

ufullstendig det var. Difor vart det berre gjort eit par mindre

rettingar og endringar i dette nye opplaget. Eg har også lagt

til to essay som vedlegg, skrive i ein noko ulik «toneart», men

som eg vonar kan hjelpe til med å betre forstå noko av det som

ligg i denne boka.

Til sist vil eg gjerne bruke moglegheita som eg har fått av

dette nye opplaget til å uttrykkje mi djupe takksemd til dei

som har respondert på arbeidet mitt, til stor glede for meg.

Herr Zissimos Lorenzatos frå Aten, som heilt på eige initiativ

gav ut ei glimrande gresk omsetjing av denne boka, rett

og slett fordi, som han skreiv til meg, «han følte han måtte

gjere det». Til mine ukjende vener i Russland: det å få høyre

om dykkar tilbakehaldne, maskinskrivne utgåve av min tekst,

var ei av dei mest gripande opplevingane eg har hatt i livet.

Til alle dei som har skrive til meg: meldingane dykkar har

vore ei gledesfylt stadfesting av vår einskap «i tru og kjærleik».

Sist, men ikkje minst, takk til mine vener David Drillock og

Anthony Pluth, som ikkje heldt tilbake nokon innsats med å

få førebudd denne nye utgåva.

Januar 1973

Alexander Schmemann

19

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!