01.11.2021 Views

Alexander Schmemann «Til liv for verda»

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane» Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet. I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja. Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike. Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere. Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret. «Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.» Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

«Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.»
Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

til liv for verda

Forord frå forfattaren 16

Denne vesle boka vart skriven for ti år sidan, som «studierettleiar»

til ein nasjonal kristen studentorganisasjon sin

konferanse som fann stad kvart fjerde år i USA. Dette var i

desember 1963 i Athens i Ohio. Det var ikkje meininga den

gongen at boka skulle vera ei systematisk avhandling om den

ortodokse liturgiske tradisjonen, og det er det heller ikkje i

dag. Mitt einaste føremål med å skrive henne, var å skissere

det kristne «verdssynet» for studentar som førebudde seg

på ein diskusjon rundt den kristne misjonen. Og med omgrepet

«verdssyn» meinte eg den tilnærminga til verda, og til

menneskeleg liv i verda, som stammar frå den liturgiske erfaringa

i den ortodokse kyrkja.

Men det fall seg slik at boka nådde ein lesarskare som

strekte seg langt utover dei studentkrinsane som eg hadde

skrive henne for. Ho vart trykt i eit nytt opplag i USA av

forlaget Herder & Herder i 1965 (med tittelen Sacraments and

Orthodoxy), deretter i England, (World As Sacrament), ho vart

omsett til fransk, italiensk og gresk, ho vart til og med nyleg

«utgjeven» i ei anonym russisk omsetjing av samizdat 17 i undergrunnen

i Sovjetunionen. Eg er viss på at alt dette ikkje beviser

nokon særlege kvalitetar ved boka i seg sjølv – meir enn

nokon annan er eg klar over dei mange svakare og utilstrekkelege

delane i henne. Derimot beviser det viktigheita av temaet

som eg forsøkte å ta for meg. Det brennande alvoret som var

klart og tydeleg for ti år sidan, er endå meir tydeleg i dag, og

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!