01.11.2021 Views

Alexander Schmemann «Til liv for verda»

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane» Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet. I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja. Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike. Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere. Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret. «Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.» Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

«Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.»
Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Forord

han leidde i fleire tiår og vorte kjend med og snakka med mange

som studerte under han, fekk eg sjølv aldri møte han personleg.

Eg var berre fire år gamal i 1983. Men enkja etter fader

Alexander, Juliana Schmemann fekk eg lov til å vitje ved fleire

høve under det siste studieåret mitt ved St. Vladimir’s, sidan

ho budde like i nærleiken av presteseminaret i New York. Eg

sette utruleg stor pris på desse augeblikka. Schmemann var

svært glad i kona si, noko han skriv vakkert og tankevekkjande

om i dagbøkene sine, der han også gjev utrykk for at ho var

ein viktig samtalepartnar og innverknad på han. Det var ikkje

vanskeleg å merke at bandet mellom dei framleis var levande

og at ho delte visjonen og gløden etter sin avdøde ektemann.

På ein måte vart desse besøka hjå henne også eit møte med

fader Alexander.

Fader Alexander Schmemanns visjon og glød lever enno,

ikkje berre hjå hans næraste, studentane hans eller alle dei som

har vorte påverka av og hausta fruktene av den fornyinga han

stod i spissen for. Fader Alexander er levande også i alle dei

som les bøkene hans i dag og vert oppglødde av dei. Styrken

i denne glødande visjonen hans kjem ikkje primært frå fader

Alexander sjølv, trass i at han var ein imponerande figur på

mange vis. Styrken kjem frå at han på sin særeigne måte var i

stand til å setje ord på og skildre trua i Den ortodokse kyrkja

og hennar levande erfaring av Frelsaren slik Han openberrar

seg for dei truande i dei guddommelege gudstenestene og i

Kyrkja sitt liv. Ibuande i eit slikt møte ligg det forvandling,

ikkje berre for dei truande som får sjå, smake og erfare Jesus

Kristus, men også ei forvandling av heile skaparverket – «til

liv for verda.» 15

Fader Theodor Svane

Hellige Jomfru Marias Bebudelse Ortodokse Kirke i Bergen

16

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!