01.11.2021 Views

Alexander Schmemann «Til liv for verda»

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane» Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet. I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja. Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike. Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere. Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret. «Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.» Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

«Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.»
Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Forord

russiske emigrantmiljøa i Vest-Europa på grunn av den russiske

revolusjonen. 7

Det 20. hundreåret, då Schmemann levde, var ei svært vanskeleg

tid for Den ortodokse kyrkja. Mange ortodokse kristne

måtte lide under forfylging, særleg frå kommunismen og militante

ateistiske regime. Schmemann sjølv levde heile livet sitt

utanfor dei ortodokse kjerneområda. Den ortodokse kyrkja i

både Frankrike og USA var utanlandskyrkjer, der medlemmane

av ulike årsaker hadde flytta eller vorte fordrivne frå

heimlandet sitt, bort frå kyrkja dei stamma frå. Og det vart situasjonen

til Den ortodokse kyrkja i USA som skulle få danne

bakteppet for livet og verksemda til Schmemann i hovudsak,

sjølv om oppveksten hans i Paris og den teologiske arva hans

frå St. Sergius også var viktig. Dei fleste av utgjevnadene hans

er nettopp skrivne etter at han kom til USA.

På mange måtar var konteksten i USA nokså typisk for situasjonen

til Den ortodokse kyrkja i ulike land i diasporaen,

og slik finst det mange fellestrekk mellom situasjonen i USA,

Frankrike, Vest-Europa og omverda elles. Dei fyrste kyrkjelydane

i USA, om ein ser bort frå den russiske misjonen i Alaska,

vart hovudsakleg danna av innvandrarar som kom saman

og skaffa seg ein prest frå «gamlelandet», stort sett utan noka

overordna styring frå kyrkjene i den gamle verda. Kyrkjene

vart ofte dei einaste viktige sosiale og kulturelle møtepunkta

for dei som hadde forlate heimlandet. I mange tilfelle førte

denne situasjonen til ei uheldig samanblanding av kyrkje,

tru og nasjonalisme. Kyrkja som eit heilagt samfunn, ein stad

for tilbeding og å utøve trua, kom difor ofte i andre rekkje.

Dei etterfølgjande generasjonane hadde gjerne mindre kunnskap

om «gamlelandet» og språket, og hadde ikkje like sterke

band dit som foreldra hadde. 8 Mange av dei opplevde også

ei svakare tilknyting til Kyrkja fordi ho så sterkt vart identifisert

med «gamlelandet». Trass i dette kom det også fleire

13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!