01.11.2021 Views

Alexander Schmemann «Til liv for verda»

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane» Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet. I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja. Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike. Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere. Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret. «Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.» Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

«Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.»
Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

til liv for verda

fast førelesar ved fleire kjende akademiske institusjonar, til dømes

Universitetet i Columbia, Universitetet i New York, Union

Theological Seminary og General Theological Seminary i New

York. Han var ein sentral personlegdom i økumeniske samanhengar

og hadde verv i Kyrkjeverdsrådet, blant anna var han ein

av de ortodokse observatørane under det andre Vatikankonsilet.

3 Han skreiv også mange bøker. Fleire av dei har vorte omsette

til mange språk, og fleire er framleis pensumlitteratur ved

teologiske utdanningsinstitusjonar den dag i dag. Schmemann

var levande opptatt av Kyrkja og hennar situasjon i ei ny tid og

han forsøkte å halde fast ved tradisjonen, men ynskte å gjere

han forståeleg og tilgjengeleg i samtida. Utgjevnadene hans vert

fortsatt flittig lesne, ikkje berre i ortodokse, men også i katolske

og protestantiske krinsar. Blant akademikarar er Alexander

Schmemann først og fremst kjend som liturgihistorikar og for

sin liturgiske teologi, der han gjer greie for sitt syn på forholdet

mellom teologi og liturgi. Mange reknar han som ein av

grunnleggjarane av liturgisk teologi og er ei inspirasjonskjelde

for moderne teologar som arbeider med nettopp dette. 4

Sjølv henta Schmemann inspirasjon frå mange kantar,

også over kyrkjegrensene. Spesielt fekk den liturgiske rørsla,

som Schmemann såg på som ei ortodoks rørsle innanfor Den

katolske kyrkja, stor innverknad på han. Dette var ei ad fontesrørsle

som søkte attende til dei teologiske kjeldene i Bibelen,

patristikken og liturgien, og som forma og gav næring til

hans eige teologiske arbeid. Frå hans eige ortodokse miljø i

Paris vart teologar som Sergei Bulgakov, Georges Florovsky,

Nicholas Affanasiev og Kyprian Kern viktige teologiske premissleverandørar

for arbeidet hans 5 . Blant dei var patristikk,

liturgikk, ekklesiologi og Den Heilage Skrifta sentrale emne.

Dette ortodokse miljøet 6 hadde på mange måtar vidareført

den teologiske renessansen i Russland som starta på midten

av attenhundretalet, men som flytte tyngdepunktet sitt til dei

12

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!