01.11.2021 Views

Alexander Schmemann «Til liv for verda»

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane» Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet. I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja. Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike. Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere. Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret. «Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.» Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

«Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.»
Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Forord

forkynner, men er komen nær og kan finnast for den som verkeleg

vil sjå. Dette er ein av dei viktigaste bodskapane fader

Alexander Schmemann har til oss.

Biografi

Alexander Schmemann, son av Anna og Dmitri Schmemann,

vart fødd i 1921 i Tallinn, hovudstaden i dagens Estland. Familien

flykta etter ei stund frå den dåverande Sovjetunionen og

slo seg etter kvart ned i Paris, der familien vart ein del av det

store russiske emigrantmiljøet der. Allereie i tidlege barneår

vart den unge Alexander trekt mot Kyrkja og bestemte seg for

å vie livet sitt til henne. Som liten gut tente han som altargut i

Aleksander Nevskij-katedralen (Rue Daru) i Paris, ikkje langt

frå Triumfbogen. Etter at han hadde fullført ein kadettskule

for russiske born, tok han til å studere teologi ved St. Sergius

teologiske institutt i Paris, en velkjend ortodoks teologisk

institusjon på den tida. Her kom han også etter kvart til å

undervise i kyrkjehistorie.

I 1943 gifte Schmemann seg med Juliana Ossorguine som

han fekk tre born saman med. Han vart presteordinert i 1945

og underviste frå 1946 til 1951 ved St. Sergius. Fader George

Florovsky, kanskje den mest tonegjevande ortodokse teologen

i det førre hundreåret, inviterte så Schmemann til å reise

til USA for å undervise ved det nyoppretta amerikanske ortodokse

presteseminaret Saint Vladimir Orthodox Theological

Seminary i New York. Florovsky var rektor for Saint Vladimir’s

på denne tida. Schmemann kom fram i 1951 saman med

familien sin og tok straks til å undervise. Han fullførte doktorgradsavhandlinga

si i 1959. Liturgisk teologi og liturgihistorie

vart hans hovudfelt, og det er også dette feltet han i ettertid

er vorten mest kjend for. Etter kvart overtok han også som

rektor ved institusjonen, og blei verande der til han døydde i

1983. 2 Han var ein etterspurd taler og føredragshaldar, og var

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!