01.11.2021 Views

Alexander Schmemann «Til liv for verda»

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane» Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet. I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja. Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike. Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere. Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret. «Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.» Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

«Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.»
Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

til liv for verda

Rolla til religionen vert her til å vere nyttig og å hjelpe mennesket.

Det er mennesket som står i sentrum. Religionen skal

fylle dei åndelege behova til mennesket, eller til samfunnet

(dersom dei har slike) gjennom religiøse ritar og opplevingar.

Guds eksistens vert ikkje avvist, men Gud vert vist bort til

periferien av røyndommen og kan stige frem for å yte undergjerningar,

bønesvar eller assisterande og terapeutiske tenester

når det er naudsynt. På mange måtar er den sekulære religionen

ei gjenoppliving av den førkristne heidendomen, hevdar

Schmemann, der Gud vert forvist til den religiøse sfæren, og

kan kallast på og kontrollerast gjennom magi og trylleformlar.

Den sekulære religionen kan altså kle seg i kleda til kristendommen,

men Schmemann står fast på at i eigentleg forstand

er ikkje kristendommen ein religion. Han er avskaffinga av

religionen. Jesu Kristi kross, død og oppstode utslettar religionen

og menneskelege forsøk på å avgrense, leggje band på og

temme Gud.

Korleis kan vi i eit sekulært samfunn vinne att den kristne

forståinga av verda, av mennesket og Gud? Schmemann insisterer

på at det må skje i ei fornying og ny-oppdaging av den

sanne tilbedinga. Det er i gudstenesta vi erfarer, ser, høyrer og

smakar at Gud er komen nær og har teke bustad i oss. Der

vert Guds frelseverk i Jesu Kristus måla for augo våre. Det

er i liturgien jord og himmel møtest og vi vert sameinte med

Gud. Men sann tilbeding vil ikkje avgrensast til kyrkjebygget,

søndagen eller det religiøse domenet, men vil også farge og

forvandle heile livet, kulturen og skaparverket. Vi ser, høyrer

og erfarer verda på nytt i møte med Frelsaren.

Gud dreg oss til seg i tilbedinga, men sender oss i same

rørsla også ut att i verda, til kvardagen, til familien, arbeidsplassen

og studiestaden. Kristen tilbeding og misjon høyrer

saman. Slik forvandlar Gud heile verda i Jesus Kristus og tek

bustad iblant oss. Gud er ikkje langt borte slik sekularismen

10

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!