Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18 BEDEHUS

Brekke bedehus

Bedehuset i Brekke er eitt av fire

bedehus i Sogn og Fjordane som

vart bygde på 1970-talet. Huset

vart vigsla søndag 15. juli 1973.

Utvendig

Brekke bedehus står på garden

Tynning, eit par kilometer frå bygdesenteret.

Huset har hovudinngang til

garderobe og toalett i ein fløy bygd ut

frå sjølve huset. I nordre enden er

laga til inngang for rullestolbrukarar.

Møtesalen har fire vindauga på kvar

side og eitt vindauga med glassmaleri

i endeveggen mot sør. På framsida

er det planta prydplanter langs veggen.

"Vakkert og høveleg"

Indremisjonsbladet Sognevarden

hadde i august 1973 eit stykke om

Brekke bedehus 2008. Huset stod ferdig og vart vigsla 15. juli 1973.

Foto: H.Kleppa

8

vigslehøgtida søndag 15. juli. "Det er

eit vakkert og høveleg bedehus bygda

har fått", skreiv signaturen "O.M."

Tidlegare Brekke kommune hadde

gjeve fri grunn og elles eit gamalt

skulehus. Mykje av materialen i skulehuset

hadde blitt brukt i bedehuset.

Heile kostnaden kom på 100.000 kroner,

men i denne summen var ikkje

rekna med mykje dugnadsarbeid.

Johs. J. Takle hadde vore formann i

byggjenemnda, og Georg Hjellum

hadde vore byggjeleiar.

Vigslingsdagen - i kyrkja

Vigslingsdagen byrja med gudsteneste

i kyrkja som var fullsett med bygdefolk

og tilreisande. Generalsekretær

i Indremisjonsselskapet,

Gustav Ballestad, heldt preika for

dagen, ut frå bibelorda Matt. 7-16.

Av Hermund Kleppa

Han understreka sterkt å først ordna

opp med bjelken i sitt eige auga før

ein ser etter flisa i auga til bror sin.

Vigslingsdagen - på sentralskulen

Etter gudstenesta samlast over 200

menneske i sentralskulen som gjester

til lærar Anders Kvamme. Kvamme

fylte 90 år denne dagen. Han hadde i

mange år vore ein ivrig talsmann for

å få reist eit bedehus i Brekke. Det

vart servert smørbrød og kaffi.

Mange bar fram helsingar. Ordførar

Harald Takle takka Kvamme og overleverte

ein sjekk på 2500 kroner til

bedehuset frå Gulen kommune.

Lærar Kvamme takka til slutt for

gode ord og gåver og sa at han var ein

lukkeleg mann som hadde mykje å

takka Gud for.