Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Gamal meieribygning på

Vassenden

Gamlemeieriet på Vassenden 2009. Her heldt Vassenden meieri til i åra 1897-1957.

På Vassenden i Jølster står det eit

lite hus som skil seg ut frå dei

andre. Det ligg tett attmed vegen på

den smale stripa mellom E39 og

Jølstra. Det bur ikkje folk og der er

heller ikkje noka verksemd. Det

spesielle med huset er at bygningen

blei sett opp i 1897, og at dette var

Vassenden meieri i 60 år.

2009

Den gamle meiribygningen er godt

synleg frå riksvegen enten ein køyrer

sørover eller nordover. Det eine brystet

vender mot vegen, det andre mot

elva Jølstra. Huset ser ut til å vera lite

brukt. Ein snødag viser ingen spor

inn til inngangsdørene. To av dørene i

svala på nordsida er spikra føre. Ein

kikk inn eit vindauga viser at huset

blir brukt som lagerplass.

Kring 1940

Gamlemeieriet var noko heilt anna

før i tida, då det kom mjølk inn til

6

meieriet og det blei ekspedert smør

og ost til Førde og endå vidare. Eit

fotografi frå kring 1940 viser eit hus

som utvendig er mykje det same som

i 2009. Den einaste skilnaden er at

pipa er borte, og at dei to dørene på

framsida er noko utvida. Derimot er

det stor skilnad på aktiviteten ved

huset: Det gamle fotografiet viser

folk med hestar og meierispann. Ein

damesykkel står ved døra på langveggen,

kan henda meierska sin?

Meieria i Sogn og Fjordane

Meieriutviklinga i Sogn og Fjordane

er i hovudtrekk denne: Dei første

meieria starta opp på slutten av 1800talet

som små grendemeieri. Fleire

hadde kort levetid. Etter siste verdskrigen

byrja utviklinga mot større

meieri som avløyste fleire småmeieri.

Denne utviklinga heldt fram til 2002

då fylket stod att med to meieri, stormeieriet

til Tine på Byrkjelo og

gamalostmeieriet i Vik. Frå det fyrste

Av Hermund Kleppa

meieriet i Vik i 1874 hadde då fylket

hatt langt over 100 meieri.

Vassenden meieri

Meieriet som stod ferdig på

Vassenden i 1897, viste seg å vera liv

laga. Mange og etter måten store gardar

sikra ei stabil drift. I 1957 vart

gamlemeieriet avløyst av ein ny og

større meieribygning. Dette var i drift

til 1976 då Vassenden meieri gjekk

med i Firdameieriet (Sunnfjord

Meieri), og mjølka vart frakta til

Førde.

Jubileumsskrift

Styret i meieriet på Vassenden vedtok

på eit møte 27. november 1975 å få

laga eit sogeskrift. Formannen i styret,

Bjarne Hamar, fekk oppgåva med å

samla tilfang og å stå føre skrivinga.

Resultatet blei heftet Vassenden Meieri

1897-1976 på 32 sider som kom ut i

1976. I det følgjande tek me med nokre

spreidde noteringar frå heftet.