Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Irske Potts-poteter i over hundre år

Osen gard i august 2008. Pottspoteter servert til kaffi på Potts-bordet i gardstunet.

Eit par dagar etter 17. mai kom det

melding frå Osen gard i Gaular:

Potts-potetene er komne i jorda! Det

har skjedd kvart einaste år sidan

slutten av 1800-talet. I 1878 kom

irlendaren William Trumperant

Potts til Osen for å fiska laks. Han og

to andre med namnet Potts åtte Osen

gard i mange år. Dei prøvde seg også

med setjepoteter frå Irland.

34

Eg skreiv eit stykke i Kjelda nr.

3/2008 om korleis det bar til at eg

sommaren 2008 fekk kjennskap til

irlendarane Potts på Osen gard. Eg

fortalde om Potts-poteten og om det

aller første møtet mitt med denne særs

spesielle poteten, i gardstunet attmed

eit steinbord med innhogde Pottsnamn

og årstal:

Eitt av Potts-potet-felta i Sogn 2009. Den første spira kom til syne alt 3. mai! Unn Karin

Kleppe på Osen gard skreiv då ho høyrde dette: "Eg er imponert kva de får til inne på

Systranda". Biletet viser feltet 4. juni.

Av Hermund Kleppa

Me sat attmed Potts-bordet, og det blei

spørsmål om eg hadde lyst på ein kopp

kaffi. Eg takka ja, sjølv om eg akkurat

då ikkje sakna noko som helst. Det

kom ei kaffikanne på plass, koppar,

syltetøy, kjeks, - og ei skål med femseks

poteter. Det siste stussa eg litt på,

men heldt det med meg sjølv. Poteter

til kaffien er ikkje daglegdags

servering.

Dei blei som rosina i pølsa, potetene.

Olav Johan [Mo, noverande eigar]

fortalde at det er poteter etter Potts.

Potts hadde med seg setjepoteter frå

Irland. Og så har dei dyrka desse

potetene kvart år seinare. Eg la merke

til at mor til Olav Johan kalla dei

potts-poteter. - Dei er ekstra rike på

stivelse, fortalde Olav Johan. Før i

tida hende det rett som det var at

naboar kom og fekk seg potts-poteter

når dei skulle baka poteteskaker.

Deigen blei fastare enn av andre slag.

Om kvelden, 13. mai, sette dei Potts-poteter

på Osen gard. Det har dei gjort i over 100

år.

No – i 2009 – er Potts-poteten komne

i jorda att på Osen gard, kanskje for

125. gongen. Og ikkje nok med det.

Henning Rivedal og underskrivne har

sett irske Potts-poteter i Sogn. Godt

åla og tidleg sette er dei alt komne til

syne på Røysafeltet. Me kjem til å

følgja "årets vekst" med age og

undring, både i Osen og på heimlege

trakter. Og me lovar ei melding om

"årets avling" i Kjelda til jul.