23.12.2012 Views

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Etter andre verdskrigen hadde ni europeiske

statar kommuniststyre og jernteppet

som Churchill kalla det, hadde

lagt seg over Aust-Europa. Mange av

leiarane i dei kommunistiske partia

hadde opphalde seg i Sovjetunionen.

Kombinert med sovjetisk militært nærvær

i åra etter krigen skapte det grunnlag

for sterke kommunistiske styre.

I Ungarn vart kommunistpartiet det

einaste lovlege partiet i 1949. Partiet sin

leiar János Kádár hadde sterke band til

Sovjetunionen og var prega av stalinistiske

idear. I 1953 tok Imre Nagy over

som statsminister. Dette vart starten på

ein periode prega av oppmjuking i tilhøvet

til Sovjetunionen og arbeid med

politiske reformer.

Hjå ungararane skapte politikken til

Nagy krav og forventning om ytterlegare

demokratiseringsprosess. Tida

fram til hausten 1956 var prega av maktkamp

mellom Nagy og Kádár og begge

hadde sine periodar som statsminister.

23. oktober 1956 demonstrerte 200 000

menneske i Budapest med krav om fridom

frå Sovjetunionen. Nagy vart på

nytt satt inn som statsminister. Han sette

ned ei samlingsregjering og meldte

landet ut av Warszavapakta.

Stor merksemd i Vest-Europa

”I Ungarn opplever ein ikkje berre ei

nasjonal reising, men også eit politisk

oppreist mot kommunismen.

Vasalstatane vil ikkje lenger vera vasall.

Dei underkua vil ikkje lenger verta

underkua. Dei som har vore utnytta vil

ikkje lata seg utnytta lenger”. Dette sitatet

er henta frå Fjordabladet 2. november

1956 og illustrerer korleis situasjonen i

Ungarn var blitt eit tema for media i

heile Vest-Europa.

Medan Europa følgde med intervenerte

Sovjetunionens væpna styrker Ungarn

4. november 1956. Nær 20 000 ungararar

vart drepne og Sovjetunionen sytte

for at eit nytt undertrykksregime vart

etablert i løpet av kort tid. Sovjet kalla

demonstrasjonane i Ungarn ”kontrare-

volusjon” (Palmer (1995), s. 912) og

gjennomførte strenge rettsoppgjer.

Hendingane i november 1956 og oppgjeret

i etterkant, førte til masseflukt.

Minst 180 000 ungararar flykta til

Austerrike og 20 000 til Jugoslavia i

perioden frå vinteren 1956 til våren

1958.

6. november kunne abonnentane av

Fjordabladet lese om den Sovjetiske

intervensjonen: ”Sovjet-russiske fly

bomba i går Budapest. Fridomskjemparane

held fram med striden sjølv

om russarane har sendt ut sterke oppmodingar

om å leggja ned våpna”. I same

avisa var det også ei oppmoding om å

hjelpe Ungarn: ”Fridom og fred for ein

einaste dag. Det var alt Ungarn kunne

få. Det tappert kjempende ungarske folk

er atter under russarane sine klør. For

berre nokre dagar sidan lova russarane

at dei ville tinge om å drage troppene

attende. No har dei hersett landet.

Situasjonen er dypt tragisk. Framferda

til russarane har vekt ein storm av protestar.”

I Norsk innvandringshistorie (Kjeldstadli,

red. (2003)) drøftar Hallvard Tjelmeland

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Opprøret i Ungarn 1956 og

ungarske flyktningar i Noreg Av Karianne Schmidt Vindenes

Under demonstrasjonane hausten 1956 var ein statue av Stalin tatt ned og øydelagd av

demonstrantane.

korleis hendingane i Ungarn vart oppfatta

i Noreg og resten av Europa. Som sitatet

frå Fjordabladet 2. november viser, var

opprøret mot kommunismen viktig.

Fjordabladet har brukt ord som

”fridomskjempar”, ”det tappert kjempende

ungarske folk” og ”under russarane

sine klør” for å beskrive situasjonen.

Med den kalde krigen som bakteppe

vart ungararane sin kamp symbolet

på vesten sin kamp mot kommunismen.

I Noreg vart den sovjetiske

invasjonen fordømt av dei politiske

partia. Media rapporterte om dramatisk

flukt og vanskelege tilhøve i flyktningleirane.

Det vart skipa til fleire innsamlingsaksjonar,

og Raude Krossen si

innsamling var til dømes godt omtala i

Fjordabladet.

Ungarske flyktningar i Noreg

Etter den sovjetiske intervensjonen i

Ungarn flykta altså om lag 200 000

ungararar. Dei fleste til Austerrike der

det vart etablert flyktningleirar. Den

første tida var i følgje Norsk innvandringshistorie

Noreg sin politikk å

yte hjelp til flyktningane som opphaldt

seg i Austerrike og Jugoslavia, og

Stortinget løyvde ein halv million kroner

31

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!