23.12.2012 Views

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

laus. Så opna han augo og gret. Heile

familien var fortvila, dei var så redd han

skulle døy. Men guten vakna til, og han

kom seg. Utruleg nok kom sonen frå det

heile utan varige skadar, og blei frisk og

rask som før. Men for Haraza blei frykta

stadig sterkare. Han ønskte ikkje lenger å

bli buande i Palestina:

Etter denne hendinga tenkte eg: Du må

dra. Eg var ikkje redd for min eigen del;

dersom eg døyr, er det normalt - som

andre menneske i Palestina. Men å sjå

sonen min døy... Ingen kan sjå sonen sin

døy utan å gjere noko. Om eg ser sonen

min, kona mi eller brørne mine bli drepne,

kva kan eg gjere? Skaffe våpen, gå til

gatene og drepe israelarar? Fordi dei har

drepe sonen min? Det er ikkje bra. Det er

ikkje bra å løyse problemet ved å slåss

eller drepe. Det vi treng er fred, men israelske

styresmakter gir oss ikkje fred.

I 2008 kom Haraza til Noreg som asylsøkjar.

Han håper etter kvart å kunne få

kona og sønene i tryggleik til Noreg.

I migrasjonsforskinga skil ein gjerne

mellom "push" og "pull"-faktorar. Pushfaktorar

er grunnar til at folk reiser frå ein

stad, som krig, fattigdom og arbeidsløyse.

Pull-faktorar er grunnar til at folk reiser til

ein stad. For flyktningane er det pushfaktorane

som utløysar reisa. Dei vil ikkje

forlate heimlandet sitt, men har ikkje

noko val. Krig og utryggleik har tvinga

dei til å prøve å starte livet på nytt ein

annan stad, og denne staden blei – for

mange av rein slump – nettopp Noreg og

Sogn og Fjordane.

Men for andre deltakarar i prosjektet er

det pull-faktorane som står sentralt. Dei

har sjølv valt å flytte frå heimlandet sitt,

og dei har – meir eller mindre medvitne –

også valt Noreg som destinasjon. Betre

løna arbeid, vakker natur, plass rundt seg,

trygge omgivnader for barna, eit mindre

stressande arbeidsliv, eventyrlyst, ønske

om å oppleve noko nytt og kjærleikens

uransakelege vegar er grunnane dei oppgjer

for at dei valde å flytte til Noreg. I ein

artikkel i Kommunal Rapport (18.02.04)

blir nederlendarar som flyttar frå kontinental

trengsel til ro og armslag i urørt

norsk natur kalla "stressflyktningar".

Anne van Oorschot er ein av desse stressflyktningane.

Ho flytta med mann og to

barn frå Rotterdam til Bremanger for sju

og eit halvt år sidan. Om bakgrunnen for

flyttinga fortel ho:

Eg må nok seie at grunnen til at eg i det

heile tatt reiste, det var jo mannen min.

26

Fordi vi fant ut at han hadde eit veldig

sterkt ønske om – han hadde lyst på noko

som rett og slett ikkje fanst i Nederland:

det var urørt natur og god plass rundt

seg. Og for han så var det viktig å ha ein

jobb der han faktisk kunne jobbe ute, ikkje

berre på eit kontor. Og det som òg låg

bak, var jo tanken om å kunne tilby ungane

våre eit godt og trygt oppvekstmiljø.

Og i ein periode så fant vi jo ut at det

ønsket var så sterkt for han at eg såg at eg

ikkje kunne motarbeide han på det. Eg

ville ikkje at vi skulle sitte på aldersheimen

når vi var åtti år og at han var sur og

bitter på meg og sa at "Ja, det var på

grunn av deg at ikkje vi fekk flytte!" Og eg

tenkte ja, eg kan finne på masse gode

grunnar til at vi ikkje skal flytte, men kanskje

vi rett og slett skal gjere det; no

hadde vi berre små ungar, vi var relativt

fleksible - så vi fant ut at vi måtte berre

prøve det. Så ønskte mannen min - han

har nemlig reist veldig mykje - han ønskte

å flytte til New Zealand. Men det fant

eg ut at det hørtes no skrekkeleg langt ut.

Dersom ein vil halde kontakten med familie

og vener så er New Zealand absolutt

den andre enden av jordkloden. Så det var

litt for ambisiøst for min del. Da sa

Rogier at kanskje det skal bli Europa sitt

New Zealand... og det er jo Noreg!

Etter å ha bestemt seg for å flytte til Noreg

gjekk van Oorschot og ektemannen

Rogier i gang med førebuingar til reisa.

Dei var bestemt på at dette skulle dei få

til, og gav ikkje opp - sjølv om prosessen

ikkje var enkel. Ein av dei måtte finne seg

ein jobb i Noreg før dei kunne flytte, men

det tok lang tid før dei fekk napp, trass i

aktiv og engasjert arbeidssøking. Dei

byrja likevel på norskkurs gjennom Den

norske kyrkja i Rotterdam. Etter kvart

vurderte dei å flytte til Oslo først, for så

seinare å flytte vidare til Vestlandet. Men

så fekk Rogier, som er ingeniør og økonom,

høyre om eit nederlandsk firma som

skulle starte opp i Nordfjord. Han ringte

og tilbaud arbeidskrafta si. Først fekk han

eit skuffande avslag - men så, nokre

månader seinare, blei han kontakta igjen,

med spørsmål om han framleis var interessert.

Det var han, og kort tid etter flytta

familien, med to barn - den yngste to

månader gamal - til Dyrstad i Bremanger.

Kunnskapen Anne van Oorschot tilegna

seg i denne prosessen fekk ho god nytte

av seinare, då ho blei tilsett som prosjektleiar

for å rekruttere nederlendarar til

Bremanger. No jobbar ho som dagleg leiar

i Framtidsfylket AS, og koordinerer arbeidet

med å rekruttere unge vaksne med

høgare utdanning til Sogn og Fjordane.

Deltakar Mohamed Shute Mohamud.

Mohamud er 20 år og kjem frå Somalia.

Han har budd i Noreg og Sogndal i 2 år.

Medan van Oorschot hadde ein klar plan

om å flytte til Vestlandet, har andre

”stressflyktningar” hamna i Noreg og i

Sogn og Fjordane som følgje av ei rekkje

tilfelle. Jonathan Di Blasi er italienskamerikanar

med lang erfaring frå restaurantbransjen

i California bak seg. Han

ønskte seg bort frå det han opplevde som

eit materialistisk, overflatisk og stressande

samfunn og arbeidsliv. Han hadde

først kortare opphald i Italia og i Sveits,

med tanke på å slå seg ned der, men forventningane

blei ikkje innfridde, og han

vende tilbake til California og til sin tidlegare

jobb. Eit besøk hjå ein ven som

hadde flytta til Noreg gav han inspirasjon

til å flytte hit. Han fortel:

Min beste ven var i lag med ei norsk jente.

Dei møtte kvarande rett før eg drog til

Italia. Ho var i California som au pair,

dei reiste fram og tilbake ein del år, og så

etablerte dei seg i California. Nokre år

seinare var ho lei av California og ville

flytte heim. Så ho flytta heim, og han flytta

etter ho. Men innan eit år skilde dei

seg. Og etter at dei skilde seg sa eg til

venen min: Å, så du kjem tilbake til

California! Men han sa: Nei, Bergen er

heimen min. Og eg tenkte; her er guten

som ikkje flytta frå mora si før han var 30

år gamal; han er skilt, han har ingen

familie i Noreg; han har vener, men -

kvifor skulle han bli buande i Noreg? Så

eg tenkte ok, du har overtydd meg, no vil

eg kome og besøke deg - for han hadde

alltid spurt meg om å kome på besøk.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!