23.12.2012 Views

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Skadeverknadene alkoholen hadde på heim og barn fekk

stor merksemd mot slutten av 1800-talet og byrjinga av

1900-talet. Illustrasjonen er henta frå Norsk Barnehjelpstidende

frå 1907.

kvalifikasjonar og interesser for å gå inn

i arbeidet med å fremje edruskapen i

kommunen.

Råd og hjelp

Når det gjaldt punkt 1, så kunne nemnda

gripe inn mot ein person viss vedkommande

sjølv meldte seg, eller dei

kunne gripe inn etter initiativ frå ektefelle

eller slektningar. Prest eller lege

kunne også ta kontakt på vegne av dei

pårørande. Elles kunne initiativet

komme frå til dømes verjeråd, fattigstyre

eller politi. Det vart etablert eit nett

med informasjonskanalar mellom lokalsamfunn

og nemnd. På bakgrunn av

informasjonen nemnda fekk, skulle dei

gjere undersøkingar og setje inn tiltak.

Frå edruskapsnemndene i fylket vart det

i 1949 meldt at 16 av dei 23 nemndene

som hadde levert årsmelding, hadde

teke imot melding om alkoholmisbruk.

Av desse var tre meldingar frå huslydar,

1 frå lege, 86 frå politi, og fem personar

hadde nemnder sjølv teke seg av. Berre

ei nemnd melde om ein som var innlagd

på kurheim.

Frå edruskapsnemnda i ein av kystkommunane

i Sogn og Fjordane fann eg følgjande

døme på korleis edruskapsnemndene

kunne gå fram om dei fekk melding

om alkoholmisbruk:

”Kona åt NN har klaga til dr. NN nokre

gonger over at mannen hennar drikk så

mykje at ho og heile den stor huslyden -

18

minst seks born - lid vondt

av den grunn. Ho uttala seg

omlag soleis til formannen i

nemndi: ’der ingen som kan

setja seg inn i korleis eg har

hatt det’.

Kona åt NN er eit dugande

og likande menneske med

godt omdøme, og etter det

kjennskap nemndi har til

henne, er det uråd å tru at

ho ville ha kome med dette

klagemålet utan tvingande

og sers sterke grunnar.

NN er av yrke førar for ein

større motorbåt som går i

fraktfart på Bergen, han har

eit svert ansvarsfullt arbeid,

og det er klårt at det er eit

arbeid som set store krav til

sin mann og serleg at han

ikkje misbrukar alkohol.

Nemndi finn etter dette å

måtte gjere dette vedtaket:

Nemndi bed til a/s Vinmonopolet

i Bergen om å stogga

alt sal av spiritiosa til motorbåtførar

NN, minstfald? for ei tid av 3 år”.

Å hindre tilgang til alkohol var altså første

steg. Den omtalte mannen klaga til

nemnda og fekk følgjande svar:

”Då sjølve vedtaket har havt den uskurden

det har havt på tilhøva i heimen,

finn vi å kunne gå med på å råde til at

NN alt no får retten att så han får høve

å vise at han kan eige retten utan å misbruke

han. Men han vart gjort kjend

med at han måtte halde seg unna misbruk

i framtida”.

Om ikkje den drikkfeldige innretta seg,

måtte nemnda "ta dei steg som lov og

tilhøve tilseier".

Kva ”steg” det kunne vere snakk om

finn vi døme på i ei anna sak frå same

kommune:

"Då edruskapsnemnda bad stogge alt

sal til NN i tre år, var vi samstundes

tenkt på å få han til friviljugt å reise på

kuranstalt. Då dette ikkje var, sa vi frå at

kunne han ikkje halde seg frå misbruk

av alkohol, vart det tvangsinnlegging".

Nemnda skulle altså i første omgang

leggje opp til samarbeid og frivilje i

behandlingstiltaka, men riset bak spegelen

var heile tida tvangsinnlegging.

Slutt på bruk av tvang

Edruskapsloven, med etableringa av

edruskapsnemnder, vart til som eit

resultat av ein mislukka forbodspolitikk

og ein erkjenning av at straff ikkje var

noko eigna middel til å hindre alkohol-

misbruk. Men trusselen om bruk av

tvang var felles for alle tiltaka mot alkoholmisbrukaren.

Bak denne trusselen

låg ei grunnleggjande forståing av misbrukaren

som ein person som trengde

vern mot seg sjølv. På 1960-talet byrja

ein for alvor å setje spørsmål ved bruken

av tvang, og i 1970 forsvann tvangsparagrafen

i lausgjengarlova. Det vart slutt

på umyndiggjeringa av alkoholmisbrukaren,

og alkoholistomsorga vart integrert

i helse-, trygde og sosialapparatet.

Kjelder:

- Kommunale arkiv:

korrespondanse/saksarkiv og

møtebøker frå edruskapsnemnder

- Edruelighetsnemndene i 1950 –

sammendrag av årsmeldingane

- Norges offisielle statistikk,

Sundhetstilstanden og medisinalforholdene,

årgang 67 og 69

Litteratur:

- Fuglum, P. (1995),

Brennevinsforbudet i Norge.

Trondheim

- Løvsland, A (1979), "Det gjelder nå

at kjerring og onger får fred":

edruskapsloven av 1932

- Schrumpf, E. (2003), "Berus eder!":

norske drikkekulturer i de siste

200 år. Oslo blir til. Oslo

- Ulvund, F. (2003),"det frygtelige

krigsskib" - utforming, iverksetjing

og virkemåte til lausgjengarlova av

31. mai 1900, Bergen. Henta frå

www.bora.uib.no 14.05.2009

Ei av arbeidsoppgåvene for edruskapsnemndene

var å fremje undervisning og

opplysingsverksemd om alkoholspørsmålet i

skulane. Her ser vi omslaget på ein brosjyre

som vart brukt i skulen på 1950-talet.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!