23.12.2012 Views

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

”vistr”, som tyder ”buplass med

mat”, seinare ”føderåd”. ”Viste” er

gardsnamn i Randaberg og på Voss,

begge med gammal busetting, men

bør eigne seg som bygdenamn.

Jølster-namnet kan då vere ei samansetting

av ”Jolmu”, eigeform av

”Jalma” og ”vistr”, altså ”buplass

med mat ved Jalma”. At det var råd å

bu så langt frå sjøen, må ha vore eit

springande punkt då folk busette seg i

innlandet. Namnet blir då både rettleiande

om lokaliseringa og ein slags

reklame. Her var mat nok.

FORKLARING

Formene Jolmstar og Joluister ligg

nær kvarandre i tid, men er tilsynelatande

svært ulike. Ei forklaring kan

vere at begge skrivarane visste noko

om opphavet til namnet, som var

under radikal forenkling. I folkeleg

uttale var uttalen alt blitt ”Jollstr”.

Første skrivar la inn att ”m” til

”Jolmstar”, siste skrivar eit fyldigare

andreledd ”-uister” til ”Jolluister”.

Kanskje har han også skrive ”-vister”,

som på 1500-talet blei mistolka til ”uister”?

Når vi støter på namnet

sidan, er forma stabilt ”Jøllster”, der

”o” har opna seg til ”ø”.

NYTT ELVENAMN

Då ”Jolmuvistr” var brote ned til

12

Eit langhus på 41 meter er den siste månaden avdekka

og undersøkt av tre arkeologar frå Bergen Museum. Dei

arkeologiske registreringane som tidlegare er utført av

Kulturavdelinga i fylkeskommunen viste at bygningen

var i bruk i folkevandringstida (400-570 e.Kr).

Undersøkingane som Bergen Museum har gjort vil gje

utfyllande kunnskap om når bygningen har vore i bruk,

og korleis den vart brukt.

Dei førebelse resultata viser at langhuset var 41 m langt

og 7 m breitt. Arkeologane har også funne spor som

tyder på at det har vore fire dører i huset, to på kvar

langside. Det er også ting som tyder på at huset har vore

delt i fem rom. I tillegg til langhuset er det funne fleire

kokegroper og spor etter dyrking. Det er dyrkingsspor i

form av ardspor og åkerlag. Det yngste åkerlaget er

datert til vikingtida (800-1000), men det er forventa at

dateringane på dei eldste åkerlaga vil bli trekt bak til

eldre bronsealder (rundt 1500 f.Kr). Ei kokegrop er

datert til romartid (0-400 f.Kr).

Den faktiske kunnskapen me sit med i dag, er at dette

området har vore nytta i årtusenet etter Kristus.

”Jollstr”, kunne folk ikkje lenger

høyre at elvenamnet ”Jalma” låg inni

bygdenamnet. Men det var viktig å ha

eit elvenamn som knytte seg til bygdenamnet.

Bygdenamnet var no eit

betre særmerke for elva enn at ho

”jalma”. Dermed kom forma

”Jølstraelva”, som sidan blei forenkla

til ”Jølstra”. Ein parallell til dette er

”Nausta” i Naustdal. Ei elv kan ikkje

”nauste”, og opphavet må vere

”Naustdalselva”, som så har fått ei

kortform.

INNSJØEN

”Jalma” kan ha vore namnet også på

det store vatnet frå starten av. Men

meir sannsynleg er forma ”Jolmu

sær” (sjø). For ordet ”sær” har vore

aktivt i området. Vi veit at

Holsavatnet var ein ”sær”, og vi finn

garden ”Seim” (av Særheimr) ved

Breimsvatnet. Ved Jølstravatnet er

namnet ”Sægrov” ein mogleg rest av

at ein omtalte vatnet som ”sær”. Men

også dette namnet blei det betre å

knyte direkte til bygdenamnet, som

”Jølstravatnet”.

JØLSTER OG JØLST

Etter vanleg språkutvikling, skulle

forma ”Jollstr” ha mista ”-r” etter

gammalnorsk tid. Det skjedde ikkje.

Forklaringa kan vere at ein oppfatta

ordet som eit særnamn og heller skaut

inn ein ”e” for å lette uttalen.

”Joluister” 1367 kan vere eit vitnemål

om det. Kanskje hadde ein ei kjensle

av at ”r” hørte med fordi den var innarbeidd

i ”jølstring” og eigeforma

”jølstra-”. Også dativ levde vidare i

jølstramålet. Dativforma, etter preposisjonen

”på”, skulle teoretisk bli

”Jollste” ut frå ”viste”. Men sidan

forma var tydeleg nok utan ”e”, fall

ein truleg ned på ”Jollst” ganske

raskt, kanskje alt før samantrekkinga

av namnet. Varianten ”Jølst”, som

mange jølstringar likar å bruke, bør

ein då reservere til uttrykket ”på

Jølst”, slik praksis stort sett er.

KONKLUSJON

Med eit visst atterhald for at det er

verbet ”jalma” som ligg i ”Jolmstar”,

og eit større atterhald for å lese

”vistr” ut av forma ”Joluister”, har vi

då ei forklaring på korleis

Jølsternamnet og sekundærnamna er

blitt til. Opphavet ligg i den brakande

elva og i at området kring elv og vatn

gav grunnlag for fast busetting.

”Jolmuvistr” var ”buplassen med mat

ved elva Jalma”.

Langhus på Ålhus i Jølster Av Marit Anita Skrede

Etterarbeidet til utgravinga vil gje mange fleire svar på

når området var brukt og kva aktivitet me kan knyta til

huset og området rundt. Feltleiar Anita Haugen har sagt

seg viljug til å skriva ein artikkel til Kjelda der ho fortel

om resultata frå

utgravinga. Denne artikkelen

vil koma i julenummeret.

Me ser fram

til å få meir og inngåande

kunnskap om dette

spanande området – garden

der Audun

Hugleikson fekk ført opp

borga si på 1200-talet!

Feltleiar Anita Haugen skal

skriva ein artikkel om utgravingane

på Ålhus. Artikkelen

blir presentert i julenummeret

av Kjelda.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!