Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
Kjelda

Nr. 2 - Juni 2009. Årgang 18

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fylkesarkivet på Internett:

www.fylkesarkiv.no
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Nytt liv i gamle protokollar

Vi som arbeider med arkiv spør oss

sjølv ofte: - Kvifor er det slik at store

mengder med viktig kjeldemateriale

om Sogn og Fjordane ligg fullstendig

ubrukt? Det gjeld til dømes dei gamle

kommunearkiva. Det er kanskje den

viktigaste kjelda til lokalhistorie frå

nyare tid.

Men i staden for å klage på publikum,

må vi spørje oss sjølve: - kva kan vi

gjere for å auke bruken av kommunearkiva?

Korleis kan vi mest mogeleg

effektivt spreie kunnskap om desse

verdfulle kjeldene til lokalhistoria om

bygdene i Sogn og Fjordane? Det er eit

spørsmål som mange innanfor arkivsektoren

har stilt seg opp gjennom

åra. For vi må vel berre innrømme det:

Generelt blir arkiva svært lite brukt;

dei ligg der som ”muslingperler som

skinner for ingens øyne”, for å seie det

med diktaren.

Skal kommunen og fylkeskommunen

sine rike og verdfulle arkiv få ei rolle å

spele, og bli ein viktig kunnskaps-

2

Redaksjon

kjelde må det etter mitt syn gjerast

nokre grep.

Først og fremst må vi blåse støve av

arkiva og få dei opp i dagsljoset, dvs.

gjere dei tilgjengelege der folk er og

ferdast. Og i våre dagar er det (og vil

bli) Internett. Våre viktige kjeldeseriar

må publiserast i sin heilskap på

Internett, gratis og fritt tigjengeleg for

alle.

Dernest må det lagast gode verkty for

søking, framfinning og lesing. Til sist

må det leggjast til rette for at brukarane

skal kunne ta tak i stoffet og

produsere nye tekstar, nytt innhald,

gjerne kopla mot anna innhald og

andre tenester på nettet. Vi må lage

opne løysingar som kan bruke vårt

innhald. Potensialet for spreiing og

gjenbruk av innhald er grenselaust.

Og viss det blir gjort på ein god måte,

kan desse viktige kjeldene vere døropnar

for resten av arkiva, dvs skape

interesse og kunnskap om alt det andre

Snorre D. Øverbø (red.) Marit Anita Skrede, Sturla Binder, Olaf Knarvik

Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året.

Ei årstinging kostar kr 155,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682.

Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven.

Ansvarleg dette nummer: Marit Anita Skrede.

Utforming: Sogne-Prent AS.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00.

Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no

Fylkesarkivar:

Snorre D. Øverbø, tlf. 57 65 64 01, snorre.d.overbo@sfj.no

Arkivarar:

Olaf Knarvik (foto), Fototeknisk avd., 6823 Sandane. Tlf. 57 86 51 24, olaf.knarvik@sfj.no

Karianne Schmidt Vindenes (fagleiar), tlf. 57 65 64 06, karianne.schmidt.vindenes@sfj.no

Sturla Binder (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 20, sturla.binder@sfj.no

Gerd Vik (stadnamn/digitalisering) 57 65 64 00, gerd.vik@sfj.no

Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, marit.anita.skrede@sfj.no

Randi Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no

Elin Østevik (EuropeanaLocal) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no

Per Olav Bøyum (kommunearkiv), tlf. 57 82 50 17, per.olav.boyum@sfj.no

Håvard Kastet (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, havard.kastet@sfj.no

ABM-Sogn og Fjordane:

Øystein Åsnes, Tlf. 57 65 64 04, oystein.asnes@sfj.no

Oddvar Natvik, tlf. 57 65 64 05, oddvar.natvik@sfj.no

Bjarnhild Samland, tlf. 57 65 64 08, bjarnhild.samland@sfj.no

Nettstad: www.fylkesarkiv.no

FRAMSIDEBILETE: Frå gravferda til Emma Hove, 1955. Fotograf: Ivar O. Hove. SFFf-1994251.0030.

interessante og uoppdaga som finst i

kommune- og fylkesarkiva. Draumen

måtte jo vere at arkiva om nokre år

kunne bli gjenstand for omfattande

forsking og bruk, både hjå lek og

lærd.

Ein slik døropnar kan nettopp vere dei

gamle formannskapsprotokollane frå

kommunane i Sogn og Fjordane.

Fylkesarkivet er allereie komen godt i

gong med i gjere dei tilgjengeleg for

alle på våre websider. I løpet av

hausten og neste år vil tenesta blir

relansert med mange nye spanande

funksjonar.

–Følg med på våre websider!

Snorre D. Øverbø

Fylkesarkivar

Personalnytt

Håvard Kastet

frå Jostedalen er

tilsett som arkivar

for kommunale

arkiv. Han

vil ha hovudansvar

for elektroniske

arkiv,

både med rettleiing

til kommunar og fylkeskommune,

og i samband med avlevering

av elektroniske arkiv til depot.

Heidi Rohde Rafto har fullført

sitt engasjement ved Fylkesarkivet

knytt til prosjektet "Mangfaldige

arkiv". Ho slutta 20. mai.
Innhald

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

• Leiar: Nytt liv i gamle protokollar Av Snorre D. Øverbø...................................................................................................................... s. 2

• Stå på, Gamle Innvik Ullvarefabrikk! Av Hermund Kleppa............................................................................................................. s. 4

• Gamal meieribygning på Vassenden Av Hermund Kleppa................................................................................................................... s. 6

• Brekke bedehus Av Hermund Kleppa ........................................................................................................................................................................... s. 8

• Kva tyder “Jølster”? Av Arne W. Aasland................................................................................................................................................................. s. 11

• Langhus på Ålhus i Jølster Av Marit Anita Skrede.......................................................................................................................................... s. 12

• Kraftsats til formannskapet i Eivindvik prestegjeld Av Per Olav Bøyum........................................................................ s. 13

• Kommunalt edruskapsarbeid i Sogn og Fjordane -Frå forbod og straff til

råd og hjelp Av Sturla Binder................................................................................................................................................................................................. s. 16

• Årdal kommune 150 år Av Oddvar Natvik............................................................................................................................................................. s. 19

• Forgifta lyd Av Karianne Schmidt Vindenes................................................................................................................................................................. s. 19

• Den siste kvila: Døden som fotografisk objekt Av Elin Østevik................................................................................................. s. 20

• Sogn og Fjordane sett med nye auge Av Heidi Rohde Rafto............................................................................................................... s. 25

• Opprøret i Ungarn 1956 og ungarske flyktningar i Noreg Av Karianne Shmidt Vindenes............................... s. 31

• Irske Potts-poteter i over hundre år Av Hermund Kleppa................................................................................................................... s. 34

• Vel blåst! Av Marit Anita Skrede............................................................................................................................................................................................ s. 35

3
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18 KULTURMINNEÅRET 2009

Stå på, Gamle

Innvik Ullvarefabrikk! Av Hermund Kleppa

Innvik Ullvarefabrikk 1900.

”Tidenes kulturfest” var overskrifta

på stykket i førre Kjelda om opninga

av Kulturminneåret 2009 i Innvik

Ullvarefabrikk, torsdag 5. mars. Ein

stad mellom 350 og 400 interesserte

var tilstades.

I den ruvande bygningen fylt opp med

gamalt produksjonsutstyr, utstilte

gjenstandar og fotografi kom den vel

hundre år lange historia til fabrikken

tett innpå. Og det fyldige og samansette

programmet var med på å

levandegjera historia.

Kjeldematerialet til kunnskap om Innvik

Ullvarefabrikk er rikt og mangslunge:

Bygningen, interiøret, svære produksjonsmaskinar

og ulike produkt som har

kome frå fabrikken, som tøy, ullteppe,

pledd og meir. Vidare finst arkiv (rekneskapsbøker,

brev o.a.), fotografi, informasjon

i trykte kjelder som bøker, blad

aviser, og sist, men ikkje minst minne-

4

stoff; slikt folk hugsar av eiga røynsle

eller har høyrt frå andre.

Leverandørane og kundane var mange,

og heldt til i eit vidt område. Kvart kundeforhold

er også ein flik av fabrikkhistoria,

at folk tinga tøy eller noko anna

frå fabrikken og i mange år gjerne gjorde

opp med ei råvare, ull. Ein slags bytehandel.

På tilstellinga gav Wald Skaaden, barnebarn

til grunnleggjaren, interessante

glimt frå fabrikkhistoria, frå det han

hugsar og det han elles veit. Ei veke seinare

skildra Inge Fænn i Fjordingen eit

barndomsminne, om ein gong han som

gutunge fekk vera med i fabrikken og

sjå alt som rørde seg der. Framfor alt var

det ristinga i bygningen som brende seg

fast i minnet. Fænn knytte også nokre

kommentarar til forteljinga si, om kulturvern

og om formidling av historie

gjennom musea i inn- og utland – og

framfor alt om potensialet i Gamle

Innvik Ullvarefabrikk som historisk

attraksjon og turistmagnet.

Eit lite barndomsminne

Opninga av kulturminneåret i Gamle

Innvik Ullvarefabrikk vart ei minnerik

oppleving. Her har både Vikane [lokal

nemning for Innvik og Utvik, sørsida av

tidlegare Innvik kommune] og resten av

kommunen [Stryn] fått ei storstove som

må brukast oftare. Rett nok var det golvkaldt,

men alt det andre varma.

Det vart snakka mykje om kor bygningen

rista den gongen det var full drift i bygningen,

og det vart snakk om korleis folk

bytte ull mot ”innviketøy”. [Det er]

Historie for dei fleste etterkvart, men for

meg er den mykje omtala ristinga eit

spennande barndomsminne.

Like etter krigen grodde sanitetsforeningane

fram kring i bygdene. Dr. Andenæs
KULTURMINNEÅRET 2009

fortalde meg ein gong at største framsteget

han opplevde som doktor i Stryn, var

sanitetsforeningane og sjukerøktlaga som

greidde å finansiera ei sjukesøster i halv

stilling. Det hjelpte mykje på arbeidsdagen,

eller rettare sagt arbeidsdøgnet.

Markane sanitetsforening var ei av desse

foreningane. Basaren var hovudinntekta,

og mor var formann, som det heitte den

gongen. Hovudgevinsten var eit ullteppe

frå Innvik Ullvarefabriukk, og det vart

satsa mange tiøres lodd for å sikre seg litt

ekstra sengevarme til vinterkulden slo

inn.

Prosessen fram til basaren var fylgjande:

Kvinnene i Markane skulle legge kvar sitt

kilo med ull i ein papirsekk i Dalesmia.

Når alle hadde gitt sin skjerv reiste mor til

Innvik Ullvarefabrikk for å levere ulla og

hente ullteppe.

For meg var dette ein tur ut i den store

verda. Først mjølkebilen frå Markane til

Faleide med Andreas Bøe ved rattet og

pipa i munnen. Frå Faleide var det båt til

Innvik, anten Arve Nesdal eller Martin

Frøholm. Bestemor var med. Skulle vi til

Innvik så skulle vi til Innvik. Det var

slektsbesøk, middag og kaffi og kaker.

Dagen gjekk og alle hadde tid til å prate.

Innvik Ullvarefabrikk kring 1950.

Det er likevel den ristande fabrikken som

sit i minnet, og heisen som tok ullsekken

opp gjennom etasjane. Det rista og rista,

og ein kar tok meg i handa og viste meg

rundt,

Ristinga er borte for alltid, men bygningen

står der. Vi augnar også eit gryande

teikn til nytt liv. Det er brukt mykje pengar,

og dersom styresmaktene verkeleg

meiner noko med kulturminneår og kulturvern

så må dei ikkje knipe att pengepungen.

Det er tid for å opne den på vid

vegg.

Eg har alltid vore interessert i museum og

historie. På reiser i utlandet, mellom

anna i Danmark, har eg vore innom

mange slike museum. Det som har slege

meg er at det er liv i utanlandske museum.

Vi møter historia gjennom nevenyttige

folk som er i arbeid.

Norske museum er døde museum, sa ein

danske museumsbestyrar eg intervjua ein

gong. Han hadde diverre rett, men i

Innvik har dei ein eineståande sjanse til å

snu på dette.

Ullvarefabrikken er industrihistorie, men

vi har ein levande i industri i kommunen

vår [Stryn] som kunne få utstillingsplass i

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

desse lokala. Lokal industri i eit hundreårsperspektiv.

Eg berre slengjer ut ideen.

Og så må vi evne å sjå samanhengane.

Vegen er kort til garden Lid og landbrukshistorie.

Eg vågar ikkje nemne landbruksskule

for det svevar framleis i eit tomrom.

Når vi let tankane spinne så ser vi at

vegen til Utvik er kort, og også den delen

av Vikane har industrihistorie.

Vi er stadig på leit etter ”turistmagnetar”

som skal få folk til å ta ei ekstra natt i dei

mange overnattingssengene vi har å tilby.

Det er berre fantasien som set grenser for

kva som er mogeleg å få til med utgangspunkt

i Gamle Innvik Ullvarefabrikk og

det som soknar til, dersom det er vilje til

å setje inn økonomiske ressursar.

Opninga av kulturminneåret vart ein festkveld,

og det er viktig å gå vidare medan

ein har feststemninga i kroppen. At det

koldna litt i fotblada mot slutten var ikkje

nok til å kjøle ned den gode stemninga.

Det er på sommarstid at bygningen har

sine store sjanse om styresmaktene verkeleg

meiner noko med kulturvern, reiselivssatsing

og distriktsutbygging

5
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Gamal meieribygning på

Vassenden

Gamlemeieriet på Vassenden 2009. Her heldt Vassenden meieri til i åra 1897-1957.

På Vassenden i Jølster står det eit

lite hus som skil seg ut frå dei

andre. Det ligg tett attmed vegen på

den smale stripa mellom E39 og

Jølstra. Det bur ikkje folk og der er

heller ikkje noka verksemd. Det

spesielle med huset er at bygningen

blei sett opp i 1897, og at dette var

Vassenden meieri i 60 år.

2009

Den gamle meiribygningen er godt

synleg frå riksvegen enten ein køyrer

sørover eller nordover. Det eine brystet

vender mot vegen, det andre mot

elva Jølstra. Huset ser ut til å vera lite

brukt. Ein snødag viser ingen spor

inn til inngangsdørene. To av dørene i

svala på nordsida er spikra føre. Ein

kikk inn eit vindauga viser at huset

blir brukt som lagerplass.

Kring 1940

Gamlemeieriet var noko heilt anna

før i tida, då det kom mjølk inn til

6

meieriet og det blei ekspedert smør

og ost til Førde og endå vidare. Eit

fotografi frå kring 1940 viser eit hus

som utvendig er mykje det same som

i 2009. Den einaste skilnaden er at

pipa er borte, og at dei to dørene på

framsida er noko utvida. Derimot er

det stor skilnad på aktiviteten ved

huset: Det gamle fotografiet viser

folk med hestar og meierispann. Ein

damesykkel står ved døra på langveggen,

kan henda meierska sin?

Meieria i Sogn og Fjordane

Meieriutviklinga i Sogn og Fjordane

er i hovudtrekk denne: Dei første

meieria starta opp på slutten av 1800talet

som små grendemeieri. Fleire

hadde kort levetid. Etter siste verdskrigen

byrja utviklinga mot større

meieri som avløyste fleire småmeieri.

Denne utviklinga heldt fram til 2002

då fylket stod att med to meieri, stormeieriet

til Tine på Byrkjelo og

gamalostmeieriet i Vik. Frå det fyrste

Av Hermund Kleppa

meieriet i Vik i 1874 hadde då fylket

hatt langt over 100 meieri.

Vassenden meieri

Meieriet som stod ferdig på

Vassenden i 1897, viste seg å vera liv

laga. Mange og etter måten store gardar

sikra ei stabil drift. I 1957 vart

gamlemeieriet avløyst av ein ny og

større meieribygning. Dette var i drift

til 1976 då Vassenden meieri gjekk

med i Firdameieriet (Sunnfjord

Meieri), og mjølka vart frakta til

Førde.

Jubileumsskrift

Styret i meieriet på Vassenden vedtok

på eit møte 27. november 1975 å få

laga eit sogeskrift. Formannen i styret,

Bjarne Hamar, fekk oppgåva med å

samla tilfang og å stå føre skrivinga.

Resultatet blei heftet Vassenden Meieri

1897-1976 på 32 sider som kom ut i

1976. I det følgjande tek me med nokre

spreidde noteringar frå heftet.
Vassenden Meieri kring 1940. Eksteriøret er mykje godt det same som 2009.

(Foto i Meieribruket i Sogn og Fjordane (1974).

Stort meieri for si tid

Meieriet på Vassenden var for si tid

eit stort og godt utstyrt meieri. Det

var drive med vasskraft. Meieriet

hadde langt fleire leverandørar enn

det som var vanleg ved andre meieri

på denne tida. Hotelleigar Nikolai

Nilsen, Vassenden, var ei drivande

kraft i arbeidet med å byggja meieriet.

Han hadde gode medspelarar i

Johs. Kjelsnes og Lars Hammer.

Skipingsdagen var 2. februar 1897.

24 interessentar var med på møtet og

sette namnet sitt under lovene for

Vassenden Meieri. Nikolai Nilsen

vart valt til formann i det første styret.

Han var også kasserar dei to første

åra. Meieriet stod ferdig og kom i

drift i oktober 1897.

Meieristyrar John Kvam og kona i gamlemeieriet i 1952.

(Foto i Meieribruket i Sogn og Fjordane (1974).

Litt om byggjearbeidet i møteboka

Den første møteboka innheld noteringar

om byggjearbeidet. Til dømes

står det 11. mars 1897:

"År 1897 den 11 Mars sammentrådte

bestyrelsen i Vassenden Meieri og

overdrog til Ludv. j. Årset og Peder

Gjesdal at påbegynde mineringsarbeide

for en godtgjørelse af kr. 1,30

pr. dag g at disse to leier andre lige

gode fo samme dagløn.

Ligeledes besluttedes innkjøpt 2

stenger mineborstål og 2 "sæt"

hamre, samt det tiltrængende minerkrudt

og "streng": Formanden pålagdes

at tilskrive meieriassistent Ihlen

om at hans nærværelse ønskes straks

for at bistå med planlegning og teg-

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

ning af meierianlegget. I henhold til

generalforsamlingens bemyndigelse

af 27de Februar d.å. underskrives

kontrakt med Tollef Årseth om tomt

m.v. Kontrakten er skrevet på stemplet

papir til 50 øre.”

Meiersker

Dei første meieria vart ofte kvinnene

sitt domene, på same måten som fjøsa

og matstellet var det på gardane.

Første meierska på Vassenden meieri

var Hanns Olsdotter Lien frå Førde.

Frå februar 1898 fekk ho med seg ei

"hjelperske", Nikoline E. Gjesdal.

Fleire av meierskene hadde kort

tenestetid, andre lenger. Olina D.

Sandal var meierske i heile 14 år, frå

1934 til 1948.

Olina D. Sandal, meierske i Vassenden Meieri

i åra 1934-1948. (Foto i Meieribruket i Sogn

og Fjordane (1974).

Nokre årstal

1897 Skipingsmøte vart halde

2. februar

1897 Meieriet starta opp i oktober

1928 Norske Meieriers Salgssentral

(NMS) vart skipa

1932 Alt smøret vart sendt til NMS

1938 Jølster hadde 12 småmeieri

1943 Maskinanlegget vart

modernisert

1948 Meieriet fekk godkjent

pasteuriseringsanlegg

1957 Nytt meieribygg vart teke i

bruk 18. oktober

Prenta kjelder:

Vassenden Meieri 1897-1976. Hefte,

32 sider, 1976.

Sandsmark, Kristian: Meieribruket i

Sogn og Fjordane, 1974.

7
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18 BEDEHUS

Brekke bedehus

Bedehuset i Brekke er eitt av fire

bedehus i Sogn og Fjordane som

vart bygde på 1970-talet. Huset

vart vigsla søndag 15. juli 1973.

Utvendig

Brekke bedehus står på garden

Tynning, eit par kilometer frå bygdesenteret.

Huset har hovudinngang til

garderobe og toalett i ein fløy bygd ut

frå sjølve huset. I nordre enden er

laga til inngang for rullestolbrukarar.

Møtesalen har fire vindauga på kvar

side og eitt vindauga med glassmaleri

i endeveggen mot sør. På framsida

er det planta prydplanter langs veggen.

"Vakkert og høveleg"

Indremisjonsbladet Sognevarden

hadde i august 1973 eit stykke om

Brekke bedehus 2008. Huset stod ferdig og vart vigsla 15. juli 1973.

Foto: H.Kleppa

8

vigslehøgtida søndag 15. juli. "Det er

eit vakkert og høveleg bedehus bygda

har fått", skreiv signaturen "O.M."

Tidlegare Brekke kommune hadde

gjeve fri grunn og elles eit gamalt

skulehus. Mykje av materialen i skulehuset

hadde blitt brukt i bedehuset.

Heile kostnaden kom på 100.000 kroner,

men i denne summen var ikkje

rekna med mykje dugnadsarbeid.

Johs. J. Takle hadde vore formann i

byggjenemnda, og Georg Hjellum

hadde vore byggjeleiar.

Vigslingsdagen - i kyrkja

Vigslingsdagen byrja med gudsteneste

i kyrkja som var fullsett med bygdefolk

og tilreisande. Generalsekretær

i Indremisjonsselskapet,

Gustav Ballestad, heldt preika for

dagen, ut frå bibelorda Matt. 7-16.

Av Hermund Kleppa

Han understreka sterkt å først ordna

opp med bjelken i sitt eige auga før

ein ser etter flisa i auga til bror sin.

Vigslingsdagen - på sentralskulen

Etter gudstenesta samlast over 200

menneske i sentralskulen som gjester

til lærar Anders Kvamme. Kvamme

fylte 90 år denne dagen. Han hadde i

mange år vore ein ivrig talsmann for

å få reist eit bedehus i Brekke. Det

vart servert smørbrød og kaffi.

Mange bar fram helsingar. Ordførar

Harald Takle takka Kvamme og overleverte

ein sjekk på 2500 kroner til

bedehuset frå Gulen kommune.

Lærar Kvamme takka til slutt for

gode ord og gåver og sa at han var ein

lukkeleg mann som hadde mykje å

takka Gud for.
BEDEHUS

Vigslingsdagen - i det nye bedehuset

Klokka 15.00 var bedehuset fullsett

til vigslehøgtida, leia av Georg

Hjellum. Han ynskte velkommen og

las frå Johs. Op. 12,12-25. Han minna

om dei mange oppgåvene i Guds rike

og om å vera tru i det kallet ein er

sett. Deretter las fleire skriftord frå

Bibelen: Johs. J. Takle, A.J. Kvamme,

Inga Haugland, Ingebjørg Tveit og

Malene Engesæter. Soknepresten sa

så huset vigsla i namnet til Faderen,

Sonen og Den heilage ande.

Generalsekretær Ballestad ynskte

bygda til lukke med bedehuset og

mana folket til å akta og tru Herrens

ord.

Mange bar fram helsingar, somme

også nyttige gåver til det nye bedehuset.

Musikklaget i bygda song fleire songar

og det vart teke opp offer til bedehuset.

Bruk

Brekke kristelege ungdomslag eig

bedehuset og er ansvarleg for drifta

og aktiviteten. Etter Vestlandske

indremisjon sine normalreglar for

bedehus skal huset brukast i ”samhøve

med Guds ord og sannkjenningi åt

den evangelisk-lutherske kyrkja.”

Brekke bedehus har vore mykje i

bruk sidan huset stod ferdig i 1973.

Godt illustrerande i så måte er årsmeldinga

for året 2008:

”Brekke Bedehus er ein samlingsstad

for born, unge og eldre ved ulike

høve. Huset vert brukt til samlingar

av ymse slag som møter, festar, minnestunder

ved gravferder, barne- og

ungdomsarbeid, selskap ved gebursdag,

barnedåp, konfirmasjon, o.l.”

Sameleis seier årsplanen for 2009

noko om aktiviteten på bedehuset:

Julefest, konfirmantfest, møte ved

Israelsmisjonen, møte ved Sogn og

Fjordane indremisjon, påskesamling,

familiefest, møte ved tilreisande

Anders Alme og haustmesse. I tillegg

kjem tysdagskafe og barneforeininga

Regnbogen annan kvar tysdagskveld

utanom sommarhalvåret.

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Storsalen 2009. Trefatet Sigurd Nyheim gav til bedehuset i 1989 heng framme attmed vindauga.

(Foto utlånt av Erna Kjelby)

Årstalliste

1973 Huset vigsla 15. juli

1973 Småsalen utleigd til Brekke

kommune i påvente av nybygg

ved Brekke skule.

1978-

1997 Huset utleigd til

kommunal barnehage, 19 år.

1989 Kjøpt inn høgtalaranlegg

2004 Kjøpt inn elektronisk piano.

(Frå før elektronisk orgel.)

2005 Maleri av kunstnaren Mons

Breidvik, gåve frå Karin og

Jon Takle.

2006 Bygt rullestolinngang

2007 Rusta opp varmeanlegget

Trefat på veggen

På veggen framme i Storesalen heng

eit dreia trefat. Det er laga av Sigurd

Nyheim og er ei gåve frå han i 1989.

Saman med fatet skreiv Nyheim følgjande

gåvebrev:

Fyrste gongen eg var inne i bedehuset

so tykte eg verkeleg det var eit koselig

hus De hadde fenge. Og eg sat å

undra meg på at det verkelig gjekk an

å få til noko slikt i Bygda. Og eg

skyna at det har vore mykje planlegjing,

arbeid og kostnad av folket for

å få til noko slikt. Og eg kan tenkja

meg De var glade da De hadde fenge

huset ferdig.

Då eg stod å brende mønster i dette

fatet, so kom eg ihug at det var igentleg

altfor stort i ei vanleg stove. I eit

forsamlingshus vilde det taka seg

bedre ut. Då rann tanken i meg øyeblikkelig

at på bedehuset i Brekke

vilde det koma meir til sin rett, um det

var intresert i det. Og eg gjorde meg

den meining, at dei skulde få det, so

sant det var intresert. Men so var det

ein ting. Vilde dei hava det. Det motte

eg fyrst undersøkja.

Bilete av kunstnaren Mons Breidvik.

Bedehuset fekk biletet som gåve.

(Foto utlånt av Erna Kjelby)

9
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Frå vigslingsdagen, søndag 15. juli 1973. (Foto utlånt av Erna Kjelby)

So trefte det so lagleg til at eg fekk

snakka med ein mann som eg rekna

med hadde vore ein av dei som hadde

arbeidt for dette huset. Og eg lagde

tankane mine fram for honom slik eg

hadde tenkte det. Han var sverande

grei og sa med eingong at han syntest

Frå jubileumsfest 1998. Bedehuset 25 år.

Johs J. Takle (venstre), formann i byggjenemnda

1973, og prest Olav Rossabø som

vigsla huset i 1973.

(Foto utlånt av Erna Kjelby)

10

dette var svert posetivt og vart

begeistra for det. Modet vaks liksom i

meg og då eg høyrde det.

Og glad vart eg og. Ingen viste då

korleis dette fatet såg ut som eg

hadde laga. Um det var noko å hava

eller ei. Eg var då ein mann på 75 år

då eg laga dette, so det kunde vel

ikkje vera so rare greidene å hava

kanskje. For arbeidet vert då dorlegare

di eldre ein vert. Eg vil vona at

De vart so nokolunde fornøgd med

fatet og arbeidet mitt. De finn vel ein

stad på veggen De kan henja det.

Lukke til.

Oppedal 18 mars 1989

Sigurd Nyheim (namnetrekk)

Kjelder:

Sognevarden. August 1973.

Informasjon frå Erna Kjelby.

Rundt år for

revebjølla

Det er 20 år sidan Sogn og

Fjordane fekk fylkesblomen

sin. Den 6. juni 1989 slutta fylkestinget

seg samrøystes til eit

framlegg frå Det Norske

Hageselskap og professor i

botanikk, Olav Gjærevoll, om

at revebjølla skulle vera Sogn

og Fjordane sin fylkesblom.

Sogn og Fjordane fekk fylkesblomen

sin, revebjølla, i 1989.

At fylket skulle ha sin fylkesblom,

og at fylkesblomen skulle

vera revebjølla, er forankra i fylkeskommunen

sine øvste politiske

organ. Fylkesutvalet handsama

saka på møte 19. april 1989.

Fylkesutvalet rådde til at fylkestinget

fatta vedtak om å slutta

seg til eit framlegg som var

kome frå Det Norske

Hageselskap og Norsk botanisk

forening om at revebjølla skulle

vera Sogn og Fjordane sin fylkesblom.

Fylkestinget handsama

saka under sak 1 på fylkestinget

6. juni 1989 og slutta seg samrøystes

til framlegget.
Kva tyder ”Jølster”?

Biletet er teke ca 1900, og syner starten av elva jølstra ved Vassenden i Jølster.

Både i Ryghs ”Norske gaardnavne”

(1918) og Eivind Vågslids

”Stadnamntydingar 2” (1974) finn vi

tilløp til forklaring av namnet

”Jølster”. Dei knyter seg til elv og

vatn. Bygdebokforfattaren Albert

Joleik har derimot prøvd å forklare

namnet ut frå ein buskvekst. Denne

teksten fører vassdragtolkinga

vidare, men lesaren må ta den som

eit forsøk for underteikna si rekning.

PROBLEMET

Namna ”Jølster”, ”Jølst”, ”Jølstra” og

”Jølstravatnet” heng språkleg saman.

Stammen ser ut til å vere ”jølstr”

sidan ein ikkje snakkar om ”jølstingar”.

Kva dette ordet kjem frå, må vi

rekonstruere fordi dei eldste formene,

frå 1300-talet, ikkje seier nok.

Utgangspunktet ligg truleg langt over

1000 år tilbake. Ei vellukka tolking

bør få alle formene på plass.

VATN OG ELV

Dei eldste formene av ”jølstr” gjeld

bygdenamnet. Elvenamnet finn vi

stava som ”Jylster elv” og liknande i

eldre dokument. Det tyder på at folk

sa ”Jølsterelva” eller ”Jølstraelva”, og

at ”Jølstra” er ei kortform av dette frå

dei siste 3-4 hundreåra. Namnet på

vatnet er utan tvil eit sekundærnamn

til bygdenamnet. Kva er då utgangspunktet

for bygdenamnet? Sidan

vatnet dominerer Jølster, og den vassrike

elva er strengen mellom bygd og

sjø, er det svært sannsynleg at namnet

har med vassdraget å gjere. ”Jølstr” er

heller ikkje gardsnamn eller grendanamn,

og må då vere knytt til ein

fellesnemnar for bygda. Elvar og

store vatn fekk namn svært tidleg.

JOLMSTAR 1338

Frå ei rettsak i Breim 1338 har vi den

eldste kjende forma av bygdenamnet.

Saka galdt rettane ”jolmstar verir”

(jølstringane) hadde til naust og beite

på Sandane. ”Jolmstar” er eigeform,

anten feilstava (for ”Jolmstrar”) eller

eit uttrykk for uttalen blant folk. Då

blir grunnforma (nominativ)

”Jolmstr”. Dokumentet er heller ikkje

eintydig på o-lyden. Men berre o med

kvist (kort å-lyd) gir oss eit spor.

”Jolm” kan då vere eit substantiv av

”å jalma”, som tyder ”gjalle, brake,

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Av Arne W. Aasland

ljome”. Vi kjenner det frå engelsk

”jam session”. Verbet peikar mot

elva, som har mange strie stryk og

den lange Stakaldefossen; ”støtande

foss”, som Vågslid har tolka den.

Jølstra kan då ha hatt namnet

”Jalma”, ”ho som brakar”. Kanskje

galdt namnet også Jølstravatnet.

Nokre forskarar skal ha nemnd ”linn

susing” som ei sidetyding av å jalma.

Det passar på vatnet.

JOLUISTER 1367

Vi har endå ei gammal form,

”Joluister”, frå 1367. Den finst i ei

avskriving frå 1500-talet. Forskarane

har meint at her ligg ein feil. Forma

skal vere ”Jolmster”. Men ein skrivar

frå 1367 har og god kunnskap om

gammalnorsk, og kan ha skrive noko

reelt om opphavet til ordet. Vågslid

ser her ei mogleg forklaring på

endinga ”-str”, som er eit hovudproblem

i Jolmstr-namnet. Endinga finst

i nokre stadnamn, som t.d. Luster og

Isteren, men er gåtefull.

JOLMUVISTR?

”Joluister” set Vågslid på ordet

11
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

”vistr”, som tyder ”buplass med

mat”, seinare ”føderåd”. ”Viste” er

gardsnamn i Randaberg og på Voss,

begge med gammal busetting, men

bør eigne seg som bygdenamn.

Jølster-namnet kan då vere ei samansetting

av ”Jolmu”, eigeform av

”Jalma” og ”vistr”, altså ”buplass

med mat ved Jalma”. At det var råd å

bu så langt frå sjøen, må ha vore eit

springande punkt då folk busette seg i

innlandet. Namnet blir då både rettleiande

om lokaliseringa og ein slags

reklame. Her var mat nok.

FORKLARING

Formene Jolmstar og Joluister ligg

nær kvarandre i tid, men er tilsynelatande

svært ulike. Ei forklaring kan

vere at begge skrivarane visste noko

om opphavet til namnet, som var

under radikal forenkling. I folkeleg

uttale var uttalen alt blitt ”Jollstr”.

Første skrivar la inn att ”m” til

”Jolmstar”, siste skrivar eit fyldigare

andreledd ”-uister” til ”Jolluister”.

Kanskje har han også skrive ”-vister”,

som på 1500-talet blei mistolka til ”uister”?

Når vi støter på namnet

sidan, er forma stabilt ”Jøllster”, der

”o” har opna seg til ”ø”.

NYTT ELVENAMN

Då ”Jolmuvistr” var brote ned til

12

Eit langhus på 41 meter er den siste månaden avdekka

og undersøkt av tre arkeologar frå Bergen Museum. Dei

arkeologiske registreringane som tidlegare er utført av

Kulturavdelinga i fylkeskommunen viste at bygningen

var i bruk i folkevandringstida (400-570 e.Kr).

Undersøkingane som Bergen Museum har gjort vil gje

utfyllande kunnskap om når bygningen har vore i bruk,

og korleis den vart brukt.

Dei førebelse resultata viser at langhuset var 41 m langt

og 7 m breitt. Arkeologane har også funne spor som

tyder på at det har vore fire dører i huset, to på kvar

langside. Det er også ting som tyder på at huset har vore

delt i fem rom. I tillegg til langhuset er det funne fleire

kokegroper og spor etter dyrking. Det er dyrkingsspor i

form av ardspor og åkerlag. Det yngste åkerlaget er

datert til vikingtida (800-1000), men det er forventa at

dateringane på dei eldste åkerlaga vil bli trekt bak til

eldre bronsealder (rundt 1500 f.Kr). Ei kokegrop er

datert til romartid (0-400 f.Kr).

Den faktiske kunnskapen me sit med i dag, er at dette

området har vore nytta i årtusenet etter Kristus.

”Jollstr”, kunne folk ikkje lenger

høyre at elvenamnet ”Jalma” låg inni

bygdenamnet. Men det var viktig å ha

eit elvenamn som knytte seg til bygdenamnet.

Bygdenamnet var no eit

betre særmerke for elva enn at ho

”jalma”. Dermed kom forma

”Jølstraelva”, som sidan blei forenkla

til ”Jølstra”. Ein parallell til dette er

”Nausta” i Naustdal. Ei elv kan ikkje

”nauste”, og opphavet må vere

”Naustdalselva”, som så har fått ei

kortform.

INNSJØEN

”Jalma” kan ha vore namnet også på

det store vatnet frå starten av. Men

meir sannsynleg er forma ”Jolmu

sær” (sjø). For ordet ”sær” har vore

aktivt i området. Vi veit at

Holsavatnet var ein ”sær”, og vi finn

garden ”Seim” (av Særheimr) ved

Breimsvatnet. Ved Jølstravatnet er

namnet ”Sægrov” ein mogleg rest av

at ein omtalte vatnet som ”sær”. Men

også dette namnet blei det betre å

knyte direkte til bygdenamnet, som

”Jølstravatnet”.

JØLSTER OG JØLST

Etter vanleg språkutvikling, skulle

forma ”Jollstr” ha mista ”-r” etter

gammalnorsk tid. Det skjedde ikkje.

Forklaringa kan vere at ein oppfatta

ordet som eit særnamn og heller skaut

inn ein ”e” for å lette uttalen.

”Joluister” 1367 kan vere eit vitnemål

om det. Kanskje hadde ein ei kjensle

av at ”r” hørte med fordi den var innarbeidd

i ”jølstring” og eigeforma

”jølstra-”. Også dativ levde vidare i

jølstramålet. Dativforma, etter preposisjonen

”på”, skulle teoretisk bli

”Jollste” ut frå ”viste”. Men sidan

forma var tydeleg nok utan ”e”, fall

ein truleg ned på ”Jollst” ganske

raskt, kanskje alt før samantrekkinga

av namnet. Varianten ”Jølst”, som

mange jølstringar likar å bruke, bør

ein då reservere til uttrykket ”på

Jølst”, slik praksis stort sett er.

KONKLUSJON

Med eit visst atterhald for at det er

verbet ”jalma” som ligg i ”Jolmstar”,

og eit større atterhald for å lese

”vistr” ut av forma ”Joluister”, har vi

då ei forklaring på korleis

Jølsternamnet og sekundærnamna er

blitt til. Opphavet ligg i den brakande

elva og i at området kring elv og vatn

gav grunnlag for fast busetting.

”Jolmuvistr” var ”buplassen med mat

ved elva Jalma”.

Langhus på Ålhus i Jølster Av Marit Anita Skrede

Etterarbeidet til utgravinga vil gje mange fleire svar på

når området var brukt og kva aktivitet me kan knyta til

huset og området rundt. Feltleiar Anita Haugen har sagt

seg viljug til å skriva ein artikkel til Kjelda der ho fortel

om resultata frå

utgravinga. Denne artikkelen

vil koma i julenummeret.

Me ser fram

til å få meir og inngåande

kunnskap om dette

spanande området – garden

der Audun

Hugleikson fekk ført opp

borga si på 1200-talet!

Feltleiar Anita Haugen skal

skriva ein artikkel om utgravingane

på Ålhus. Artikkelen

blir presentert i julenummeret

av Kjelda.
Kraftsats til formannskapet i

Eivindvik prestegjeld

Biletet viser Herresalen i Eivindvik til venstre for kyrkja. Huset vart bygt i 1819, og var prost Dahl sin bustad.

(Fotograf: ukjend. SFFf-95155.0004)

Formannskapslovene frå 1837 var

ikkje krystallklårt utforma med

omsyn til kor langt kommunane sitt

kompetanseområde skulle strekkje

seg. Det førte fleire gonger til konfliktar

mellom dei nye styringsapparata

og høgare autoritetar.

Formannskapet i Eivindvik hamna

allereie i 1838 i ein heftig krangel

med amtmannen om grensene for

myndigheitsfeltet deira.

Eivindvik prestegjeld omfatta omlag

det som i dag er kommunane Gulen

og Solund. Det blei i 1837 utgangspunkt

for eit eige formannskapsdistrikt

(kommune) med «Eivindvigens

anden skaber», prost Niels Griis

Alstrup Dahl, som fyrste ordførar.

Dahl kom til Eivindvik i 1804, og

fram til han døydde i 1853 la han for

dagen eit samfunnsengasjement utanom

det vanlege.

Det er for arbeidet innan jordbruk og

folkeopplysing Dahl i ettertid har

hausta størst anerkjenning, men han

førte òg ein strid kamp mot alkohol,

sedløyse og fattigdom. I Eivindvik

fekk han skipa eit fattigstell som var

mønstergyldig. Alle som ikkje kunne

ta vare på seg sjølv, fekk eit anstendig

tilbod om hjelp. Blant anna skal legdlemmene

ha fått utdelt tobakk, og det

var visst heller ikkje det minst «nødtørftige»

dei fekk.

Men offentleg forsorg kosta, og fattighjelp

var ein av dei store kommunale

utgiftspostane. Alle tiltak som

kunne avgrensa dette kostnadssluket

var såleis av det gode. Dahl såg særleg

på alkohol som eit samfunnsnedbrytande

element som førte mange ut

i fattigdom og elende. Av eiga lomme

kjøpte han opp tre gjestgjevarstader,

for slik å sikre seg at det ikkje vart

servert brennevin der.

Rusdrykken førte ikkje berre til at

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Av Per Olav Bøyum

bønder drakk seg frå gard og grunn, i

fylgje Dahl var det òg ei kopling

mellom brennevin og sedløyse:

Med Nattesværmeriet vedblir det,

trods alle Forsikringer, omtrent som

før der hvor en har Brændevin i tilstrækkelige

Mængder, andre Steder

der dette er i Avtagende, minker

ogsaa Nattesværmeiet som en naturlig

Følge af det.

Dahl formidla her synspunkt som går

att i mange visitasmeldingar frå

1800-talet. Brennevin blei sett på som

årsak til nattefrieri og uekte fødslar,

og særleg ille skal det ha vore i delar

av Sogn.

Nattefrieri og horelivnad

Det er ikkje overraskande at kampen

mot alkohol og lauslivnad blei ført

inn i det nyskipa formannskapet for

Eivindvik, der Dahl sat som ordførar

dei fyrste 12 åra. Saka som fekk amt-

13
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

mannen til å ta fram fjørpenn og papir

blei handsama av dei folkevalde i

1838. Formennene retta innleiingsvis

søkeljoset mot det usedelege nattefrieriet:

[...]den Orden der paaligger enhver

Husfader i sit Huus at overholde og

iagttage med Hensyn til at forekomme

Ungdommers usædelige og letfærdige

Omgang og Forhold, bekjendt i Sogn

under Navn av Nattesværmen, at

være af yderste Vigtighed, da

Ungdom af begge Kjøn forsøge paa

af Husbonderne at tiltvinge sig

Rettighed til hver Helligdags Aften og

oftere at søge Omgang med hinanden.

Denne fordærvelige Uorden har

hidtil ikke været gængs her i

Præstegjeldet.

Nattefrieri – skikken at gutar besøkte

jenter om natta – hadde lange røter,

og skal ha vore særleg utbreidd i

Indre Sogn. Slike usømelege vitjingar

var visstnok sjeldsynte i Eivindvik,

men det hadde blitt observert på eit

par gardar i Brekke sokn:

[...]denne Uorden har insmøget sig

og endog draget til Følge ei mindre

end 7 a 8 personer f.a. bleve venerisk

smittede, og foranledigede Communen

ei Liden Omkostning ved at Læge

maatte tilhentes, og alle disse personer

gientagne Gange maatte transporteres

til Bergen og Sygehuset i

Sogndahl.

Syndarane kom visstnok frå andre

prestegjeld, nokre av dei også frå

Bergen. Dahl og medhjelparen hans

greip då inn og bad bøndene på dei to

gardane om å vise vekk dei aktuelle

personane. Men eit par av dei – ei

jente og ein gut – hadde etter kuropphald

kome attende til Brekke og drive

hor, høvesvis med ein gift husmann

og ei enke. Resultatet var to uekte

born. Nok ein gong vart det servert

pauli ord om å vise dei vekk, men

denne gongen til ingen nytte.

Formennene oppmoda difor presten

om å gå til sorenskrivaren og be han –

utanom justisprotokollen – å ta opp

forholdet med dei to bøndene det

galdt. Viss dei framleis var steile og

let sedløysa breie om seg på gardsbruka

sine, vart neste stig at «et

14

Forhør til Politiretsags Anlæg maatte

institueres». Korkje bonde eller tenestemann

slapp unna: [...]«den første

for at have sadt sig udover de af

Sognepresten og ham givne

Advarsler, og den anden for et beviselig

førte usædelige Levnet.»

Formennene meinte såleis at tvang

mot både dei to tenestefolka og husfedrane

deira var på sin plass for å

hindre umoralske tilstandar i soknet.

Når innstendige formaningar ikkje

nådde fram, var det naudsynt å kople

inn rettsstellet.

Kamp mot «ubetimelige» ekteskap

Ei anna sak som vekte harme hjå amtmannen

var formannskapet sin freistnad

på å hindre giftarmål mellom folk

som hadde spinkle utsikter til å livberge

seg sjølv. Småkårsfolk med

store barneflokkar blei sett på som ei

tung bør for fattigstellet. År om anna

kunne talet på born i Gulen som vart

sette bort på legd kome opp i 30-40.

Dahl opplyste at det i lengre tid hadde

vore [...]”forsøgt at sætte Grænser for

ubetimelige Ægteskabs forbindelser

og den byrde Fattigvæsenet derved

paaføres». På den måten hadde fattigstellet

blitt spart for store utgifter.

Men Dahl var no komen til eit punkt

der han ikkje lenger tykte seg å ha

mynde til å vedlikehalde ordninga.

Han meinte difor at formennene og

representantane skulle skipe til eit

system der forlovarane tok på seg

ansvar for «Bidrag til de Børns

Forsørgelse hvis Ægteskab de have

fremmet ved at være Forlovere».

Formennene stetta forslaget til ordføraren.

Å stille opp som forlovar skulle

såleis innebere ei plikt til å ta på

seg dei utgifter som ekteskapet eventuelt

ville påføre fattigkassa. Om

naudsynt skulle det vere mogleg for

fattigkommisjonen å stemne forlovarar

til forlikskommisjonen. Men formennene

la til at forslaget fyrst måtte

godkjennast av representantane, og at

det dessutan måtte bli funnen ein lovheimel

til forslaget.

Amtmannen reagerer

Formannskapslovene slo fast at amtmennene

skulle godkjenne vedtak i

dei nye folkevalde organa. Enkelte

økonomiske avgjerder trong dessutan

å bli approbert av regjeringa.

Halvannan månad etter dei to vedtaka

i Eivindvik formannskap kom det

tilbakemelding frå amtmann Kastrup

i Nordre Bergenhus. Det var uvanleg

krast:

Amtet vil ikke her omtale det

Latterlige i at ville bringe Sædelighed

og Orden tilveie ved at nægte

Personer som have begaaet

Leiermaal, at tage Tjeneste hvor de

vil og kan erholde den – Man vil ikke

omtale det Fordærvelige det prohebitiesystem,

som gaaer igjennom

Formandskabets Forhandlinger og

Beslutninger, ligesom dette altid har

været Ordførerens System, men man

vil her Herigjennom paa det kraftigste

protestere mod at Formandskabet

tillader sig at agere Lovgiver, at tilsidesætte

den giældende Lovs

Forskrifter i den forfængelige

Indbildning, at det spiller en sand

Reformators Rolle, og idet Man

Herigjennom opfordrer Formandskabet

til at giøre sig Rede for, hvad

dets Function egentlig er, for i fremtiden

at undgaa at giøre Skridt, som

det omhandlede, der maaske end og

kunde qvalifisere sig til Paatale, tilkjendegive

Man tillige, at Amtet af al

Magt vil modarbeide Beslutningers

Udførelse af saadan Beskaffenhed,

som overnævnte, som strider mot Lov

og Ret.

Amtmannen reagerte særleg på saka

om sedløyse i Brekke. Det et tydeleg

at han oppfatta vedtaket slik at formannskapet

hadde tvunge seg til ei

lovgivarrolle. Opplagt er det òg at han

sette inn eit særleg stikk mot ordføraren.

Formelt var det sjølvsagt formannskapet

som stod for vedtaket,

men arkitekten bak mange av sakene

formannskapet i Eivindvik handsama,

var naturleg nok prost Dahl.

Dahl var ein myndig mann som kriga

heilhjarta for dei sakene han brann

for. Til dømes kom han fleire gonger

i konflikt med lensmenn og gjestgjevarar

i kampen for å stanse sal av

brennevin. I 1833 fekk han dessutan

refs av amtmann Kastrup fordi han let

bygdevektaren sende ein fattigmann

attende til Bergen. Personen hadde
Dahl viste sin stordom på mange felt.

Særleg innan jordskifte var han ein framsynt

person. Formidabel var òg innsatsen

for folkeopplysing, skule- og fattigstell. Det

er iaugefallande kor store personlege offer

han la ned som samfunnsbyggjar. Av eiga

lomme betalte han til dømes for vegbygging,

kjøpte skulehus, spanderte utdanning

på lærarar og tok til seg fattigborn til oppfostring.

Dette biletet av Dahl hang i kommunestyresalen

i Eivindvik. Lenge trudde

ein det var av prosten, men det har seinare

kome fram at det er av Niels Nielsen Dahl,

sokneprest i Eid og stortingsmann frå

Søndre Trondhjems Amt. (Fotograf: ukjend)

etla seg Trondheim og passet var i

orden, men Dahl mistenkte at han

ville tigge på vegen gjennom

Eivindvik, og det fann ikkje prosten

seg i.

Det er fleire slike eksempel på at

Dahl tukta og straffa folk, og kanskje

til og med tøya lovverket meir enn

kva godt var. Kastrup støtte nok Dahl

sin paternalisme, men i synet på formannskapslovene

stod dei på kvar sin

kant. Medan Dahl var ein overtydd

tilhengjar av lovene, uttrykte amtmannen

seg kritisk til kommunalt

sjølvstyre. Som mange andre embetsmenn

var Kastrup bekymra for om

ålmugen var tilstrekkeleg opplyst og

mogen for det ansvaret formannskapslovene

innebar.

I Eivindvik var det rett nok ikkje

berre uvitande bønder som var problemet.

Det er tydeleg at amtmannen

like mykje såg seg lei på det «prohebitiesystem»

som den eigenrådige

ordføraren hadde utvikla.

Formannskapet svarer på kritikken

Formennene viste til paragraf 21 i

formannskapslova då dei tok opp

saka om sedløyse i Brekke sokn.

Den presiserte ansvars- og kompetansefeltet

til formannskapet slik:

at vaage over Kommunens eller

dens enkeltes Afdelingers Rettigheder

og paase sammes Anliggenders

ordentlige og sparsommelige

Forvaltning, saavelsom i

enhver anden Henseende at varetage

Kommunens Gavn og Bedste.

Paragrafen inneheldt òg andre oppgåver

og plikter, men det var passusen

ovanfor som krita opp grensene

for det kommunale sjølvstendet.

Så kva var eigentleg funksjonen til

formannskapa? Historikarane

Edgar Hovland og Sverre Steen

understrekar båe at verkeområdet

var temmeleg vagt definert.

Tradisjonelt har kommunane sin

kompetanse blitt negativt avgrensa.

Dei kunne treffe vedtak så lenge

desse ikkje utrykkeleg var i strid

med lovverket. Konsekvensen blei

at lova måtte bli tolka, og i praksis

gå seg til gjennom approbasjonssystem

og prøving av saker til regjeringa.

Formannskapet i Eivindvik kan

såleis ikkje skuldast for å ha drive

rå sjølvtekt; ved å vise til paragraf

21 i formannskapslova hadde dei

funne ein heimel for vedtaka sine,

men amtmannen var altså ikkje

samd i denne tolkinga

Formennene hevda difor at dei var

blitt misforstått av amtmannen. Dei

understreka at saka om sedløyse i

Brekke ikkje innebar eit generelt

forbod mod leiermål, men at det

galdt personar som nyleg hadde

blitt smitta av kjønnssjukdommar.

Når det galdt saka om å hindre

ekteskap som kunne føre til ei

belastning for fattigstellet, peikte

formannskapet på at heller ikkje

dette var eit lovpålegg, men fullt ut

ei frivillig ordning.

Avslutningsvis kom formannskapet

med formuleringar som tyder på at

dei likevel tok sjølvkritikk for dei

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

to sakene amtmannen hadde nekta å

godkjenne:

Til slutning bemerkes, at Amtet kan

være forvisset om, at skulle end

Evindvigs Formandskab nære

Anskuelser, og i sin Tid fatte

Beslutning, som Amtet for sit

Vedkommende ikke deler, er det dog

Formandskabets kjæreste Ønske,

samt ufravigelige Pligt med at modtage

og benytte Amtet, som indsigtsfull

og rettskaffen Mands Raad og

Veiledning, i fuld Erkjendelse af hvormeget

der kan mangle i, at

Formandskabet ikke kan formaa fuldelig

at sætte sig ind i en saa aldeles

uvandt og ny Indretning, samt alle

dens former.

Den fyrste tida etter at formannskapslovene

blei sanksjonerte var ein

læringsperiode for både lokalt folkevalde

og amtmenn. Slik måtte det

nesten bli, ettersom fleire av paragrafane

var vage og difor trong å bli

tolka. I Eivindvik blei truleg konflikten

mellom formannskapet og amtmannen

ytterlegare tilspissa ved at

ordføraren var ein stridshuga person,

glad i tukt og tvang, både mot stein og

stril.

Kjelder:

Gulen kommune. Formannskapet.

Møtebok 1837-1885

Gulen kommune. Formannskapet.

Korrespondanse/saksdokument

Litteratur

Hovland, Edgar: Grotid og glanstid. S. 30-

153. I: Folkestyre i by og bygd: norske kommuner

gjennom 150 år. Oslo:

Universitetsforlaget, 1987

Kleiva, Ivar: Niels Griis Alstrup Dahl. S.

10-28. I: Tidsskrift utgjeve av Historielaget

for Sogn, nr 17 (1955)

Kleiva, Ivar: Niels Griis Alstrup Dahl: II. S.

76-90. I: Tidsskrift utgjeve av Historielaget

for Sogn, nr 18 (1956)

Randal, Aud: Eivindvigens anden skaber:

Niels Griis Alstrup Dahl (1778-1852).

Hovudoppgåve i historie - Universitetet i

Bergen, 1995

Seip, Hans: Sogn og Fjordane: eit tilskot til

kommunalsoga. Leikanger: Sogn og

Fjordane fylkeskommune, 1958

Steen, Sverre: Lokalt selvstyre i Norges

bygder: første fase. Oslo: Cappelen, 1968

15
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Kommunalt edruskapsarbeid i Sogn og Fjordane

-Frå forbod og straff til råd og hjelp

Eit overordna mål for alkoholpolitikken

i Noreg var å hindre at folk misbrukte

alkohol, men historia syner at

det har vore ulike syn på korleis ein

skulle gå fram for å oppnå målet. To

verkemiddel synast å vere sentrale: Å

hindre tilgang til alkohol, og tvinge

misbrukaren til å avstå frå alkohol.

Når dei kommunale edruskapsnemndene

vart sett ned gjennom edruskapslova

av 1932, var det på mange

måtar resultat av erfaringar med

bruk av desse verkemidla i kampen

mot alkoholmisbruket.

Under fattiglovas regime.

”Lov om fattigvæsenet i Kjøbstæderne”

i 1845 gjorde det mogleg å setje personar

på tvangsarbeid i tukthus grunna

”ørkesløshed” (dagdriveri) og drukkenskap.

Kort tid etter vart ”Tvangen” i

Bergen ein berykta tvangsarbeidsanstalt.

I eit fleirtal av sakene er drukkenskap

nemnt som ei av årsakene til innsetjing,

og drukkenskap vart igjen knytt

opp mot mistanke om kriminell handling

ved at dei ”af den Grund ikke kunne

lovlig ernære sig”.

I 1865 inngjekk leiinga ved anstalten ein

avtale med Nordre Bergenhus amt om å

ta imot tvangslemar frå kommunane,

men mottaket var ikkje særleg omfattande.

Det er gjort ein studie av personar

med ”karriere” som innsett i tvangsarbeids-

og straffanstaltar i Bergen ca

1850-75. Den syner at det mellom 15.

august 1865 og 22. juni 1867 fann stad

til saman 327 innsetjingar, men frå Sogn

og Fjordane var det blant desse berre ein

frå kvart av fogderia. Tvangsarbeid var

altså inga løysing kommunane tydde til

i nokon særleg grad, men det var sikkert

greitt å ha som siste utveg. Av dei innsette

som hadde heimstad i Sogn og

Fjordane i heile den perioden som studien

tek for seg, var dei fleste rekruttert

frå Sogn (Ulvund 2003).

I den kommunale møteboka frå

Leikanger i 1872 finn ein eit sjeldant

døme på korleis ein kommune kunne ty

til tvangsarbeid som løysing. I saka

kjem det fram at Erik Eriksen Henjum

(fødd 1855) hadde vore innsett på

Bergens tvangsarbeids anstalt i tre

månadar. Innsetjinga vert grunngjeve

16

med at han er ”hengiven til Ørkesløshed

og ikke lovlig kan ernære sig”. Faren,

Erik Johannesen Henjum, måtte betale

kostnadane kommunen hadde til transport.

Det gjekk nok ikkje så bra med

sonen. I 1875 er han registrert som tukthusfange

i folketeljinga for Bergen.

Lausgjengarlova

Medan fattiglova av 1845 skulle hindre

drukkenskap utelukkande ved hjelp av

straff og refs, la lausgjengarlova i 1900

meir vekt på behandling. Vel å merkje

var det ikkje snakk om behandling slik

vi tenkjer oss i dag, men stort sett hardt

arbeid og fråhald frå alkohol. Vidare bar

behandlinga preg av tvang, og vart primært

ei straffelov. Men lova var viktig

fordi behandlingstanken vart etablert.

”Alkoholnemnd” etter mønster

frå Sverige

Resultata av behandlinga var sørgjelege,

og dei fleste vart domfelt kort tid etter

opphaldet på kur- eller tvangsarbeidsanstalt.

Situasjonen kravde alternative tiltak

overfor alkoholmisbrukarane, og

blikket vart retta mot Sverige. Der

hadde det over lengre tid vore ein diskusjon

om korleis problemet med misbruk

kunne løysast. Merksemda vart retta

mot førebyggjande tiltak. Stort sett ville

det seie avgrensing av omsetjinga av

alkoholhaldig drykk, men kunne misbruksproblemet

løysast utan totalfor-

Av Sturla Binder

Teikning av manufakturhuset i Bergen frå 1765. Det vart brukt som tvangsarbeidsanstalt

kort tid etter fattiglova kom i 1845. Den vart først lagt ned i 1912. Illustrasjon henta frå

wikipedia

bod? Ei førebyggjande ”alkoholnemnd”

vart føreslått. Ho skulle trå støttande til

overfor misbrukarane og familiane

deira, både økonomisk og sosialt. Berre

i siste instans skulle ein bruke tvangsinternering.

I Noreg vart det i 1910 sett ned ein statleg

alkoholkommisjon. Eit sentralt medlem

her var Johan Scharffenberg. Han

vidareførte den svenske modellen med

lokale nemnder til norske forhold. Kvar

kommune skulle opprette eit eige organ

som skulle ha ansvar for offentlege tiltak

mot alkoholbruken. Lensmannen

skulle vere formann i nemnda. Dessutan

skulle nemnda ha ein lege eller andre

medhjelparar for å undersøke drikkfeldige

og gje råd og støtte til pårørande.

Det var opp til nemnda å avgjere om ein

person var drikkfeldig, og eventuelt

bestemme åtgjerder. Tiltak som nemnda

kunne setje iverk kunne vere alt i frå å

nekte vedkommande å kjøpe alkohol til

å sjå til at misbrukaren vart lagt inn på

kurstad, psykiatrisk klinikk eller tvangsarbeidshus.

Forslaget til Scharffenberg

liknar mykje dei edruskapsnemndene

som sidan vart etablert.

Kommisjonen romma ulike syn på kor

langt ein skulle gå når det gjaldt kontroll.

Schaffenberg var den ivrigaste

pådrivaren for eit totalt forbod mot alkohol.
Forbodstida

Forbodet mot brennevin og heitvin som

varte frå 1919-1926, hadde stor innverknad

på etableringa av edruskapslova i

1932.

Sjølv om folkeavstemminga i 1919 gav

ein klar siger for forbod, utvikla det seg

til ein fiasko. Forbodet var meint å få

bukt med drukkenskapen, men fekk

berre liten verknad. Årsaka var mellom

anna manglande respekt for fleirtalet sin

vilje både frå myndigheiter og meinigmann.

Dette synast ikkje så rart når

sjølv statsminister Otto B. Halvorsen frå

Høgre uttalte at han såg på avstemninga

som eit folkebedrag.

Sjølv i eit sterkt fråhaldsfylke som Sogn

og Fjordane kan vi sjå utslag av denne

manglande respekten. I alle høve om vi

skal tru medisinalberetningane frå

legane i dei forskjellige legedistrikta.

Det vi må ta omsyn til når vi les denne

type skildringar, er at motstandarane av

forbodet nok ville trekkje fram til dømes

smugling og heimebrenning som naturlege

utslag av forbodet. Motsett ville

fråhaldsfolket forklare lovbrota med

passiv haldning frå myndigheitene til

denne type kriminalitet.

For åra 1919 og 1921 finn vi følgjande

omtaler av edruskapen:

Leikanger 1919: "Edrueligheten synes

ikke å være så god som tidligere. Der

brygges maltøl, rosinvin og moseøl, og

Johan Scharffenberg (født 23. november

1869, død 1. februar 1965) var ein norsk

psykiater. Han var dessutan kriminolog,

samfunnsforskar og forfattar, samt medlem

av Alkoholkommisjonen og aktiv i fråhaldsrørsla

anleggsarbeidere, som kommer hjem,

skal også ha med seg sterkere saker".

1921: "Edrueligheten er ikke så god

som før. Møreøl, heimabrent og 'pip pip',

en vare, som tillaves av rosiner og gjær

- nytes av ungdom til overmål".

Vik 1919: "Edruelighetstilstanden er

langt i fra god tross forbudet, og den

almindelige mening er, at der aldrig har

været så megen fyll som nu, og de dårlige

varer vino blanco og tinto, som nytes

er årsak i at lægen ofte søges, hvor

årsaken er 'tømmermenn' som varer i

dagevis. Nærsagt hver båt kommer med

kasser av disse viner".

1921: "Den gamle ølbrygning har tatt

sig betydelig op, men 'heimebrenning'

forekommer likevel. Tallet av avholdsfolk

minker jevnt, snart er de kun en

saga blot, hvis forbudet vedvarer".

Kyrkjebø: "Drikkfeldigheten og usedeligheten

er ringe".

Naustdal 1919: ”Bruken av hjemmebrygget

øl er øket efter forbudsbestemmelsene.

Der lages også et produkt av

sukkervann og gjær, som kan virke ganske

kraftig berusende. De fleste drikker

hele suppen, når den er ferdiggjæret,

men nogle forsøker sig på destillasjonskunsten

med større eller mindre held.

Jeg har latt undersøke destillatet, som

viste sig å holde 55 pct".

Førde 1921: "Av alkoholholdig drikke

nytes hjemmebrygget øl, der kan være

meget sterk, og gjæret 'sukkervatn'.

Drikkfeldighet er skjelden".

Bremanger 1921: "...alkohol betraktes

som universalmiddel"

Vågsøy 1921: "Edrueligheten og sedeligheten

er bra, men det er her som

andre steder: moralen og ansvarsfølelsen

er slappet efter krigen og høikonjukturen".

Ytre Nordfjord 1919: "Noget større

misbruk av drikkevarer er der ikke, men

det ser ut som vindrikkingen tiltar".

Innvik 1919: "Forbudet har brakt frem

igjen det gode hjemmebryggete øl, som

der fremstilles ikke litet av".

1921: "Der drikkes mye hjemmebrygget

øl, navnlig i Opstryn og Hornindal,

dessuten har man under forbudet slått

sig på sprit, som før var litet kjent".

Gloppen 1921: "Edrueligheten er god,

men skal ikke ha bedret sig de siste år".

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Elles sto det visstnok bra til med "edruligheten"

både i Lærdal (1921:

”Sedelighets- og edruelighetsforholdene

er gjennomgående upåklagelige), Lavik

(1919: "litt hjemmebrygging, men ingen

brenning"), Fjaler (1919: "hjemmebrenning

hører man intet til og ølbrygging

blir sjeldnere"), Nordfjordeid,

Selje og Davik. I dei øvrige legedistrikta

er ”edrueligheten” ikkje omtalt i

desse åra.

Edruskapsnemnder - behandling

framfor forbod og straff

Resultatet av forbodstida var tydeleg:

Sjølv under slike forhold måtte ein

rekne med eit stort alkoholmisbruk.

Dette aktualiserte ideen om behandling

av alkoholmisbrukarar. Kunne ein ikkje

få bukt med bruken av alkohol, ville det

vere eit framsteg å hindre misbruk. Ein

statleg komité vart sett ned for å greie ut

”edruelighetstilstanden og behandlingen

av drikkfeldige” i Noreg. Blikket vart

retta mot alkoholmisbruket som ei sosial

plage som var øydeleggjande for

heim, familie og samfunn. Her vart

ikkje alkoholen eller tilgangen til alkohol

presentert som noko problem, men

heller bruken av den.

I 1931 la komiteen fram forslag til ”lov

om edruelighetsnevnder og behandling

av drikkfeldige” for Stortinget. Lova

vart vedteke året etter, men dei vanskelege

økonomiske tilhøva i mellomkrigstida

gjorde at systemet ikkje vart innført

før mot slutten av 1930-talet. Gjennom

denne lova vart det bestemt at kommunane

kunne opprette edruskapsnemnder.

Edruskapsnemndene skulle arbeide for

betre ”edruelighetsforhold” i kommunane.

Oppgåva var tredelt:

1. å ta sig av drikkfeldige og yde råd

og hjelp til deres pårørende;

2. Å støtte og fremme undervisning

og oplysningsvirksomhet om

alkoholspørsmålet i skoler og på

annen måte;

3. Å gjøre henstillinger og avgi

uttalelser overfor de kommunale

myndigheter til fremme av

nevndens opgaver.

Kvar kommune som hadde gjeve løyve

til sal eller skjenking av alkohaldig

drykk med meir enn 2,50 volumprosent

alkohol, skulle setje ned ei edruskapsnemnd.

Medlemmene av nemnda skulle

veljast av kommunestyret for tre år.

Begge kjønn skulle vere representert, og

det burde vere ein lege blant dei.

Medlemmene skulle vidare ha særlige

17
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Skadeverknadene alkoholen hadde på heim og barn fekk

stor merksemd mot slutten av 1800-talet og byrjinga av

1900-talet. Illustrasjonen er henta frå Norsk Barnehjelpstidende

frå 1907.

kvalifikasjonar og interesser for å gå inn

i arbeidet med å fremje edruskapen i

kommunen.

Råd og hjelp

Når det gjaldt punkt 1, så kunne nemnda

gripe inn mot ein person viss vedkommande

sjølv meldte seg, eller dei

kunne gripe inn etter initiativ frå ektefelle

eller slektningar. Prest eller lege

kunne også ta kontakt på vegne av dei

pårørande. Elles kunne initiativet

komme frå til dømes verjeråd, fattigstyre

eller politi. Det vart etablert eit nett

med informasjonskanalar mellom lokalsamfunn

og nemnd. På bakgrunn av

informasjonen nemnda fekk, skulle dei

gjere undersøkingar og setje inn tiltak.

Frå edruskapsnemndene i fylket vart det

i 1949 meldt at 16 av dei 23 nemndene

som hadde levert årsmelding, hadde

teke imot melding om alkoholmisbruk.

Av desse var tre meldingar frå huslydar,

1 frå lege, 86 frå politi, og fem personar

hadde nemnder sjølv teke seg av. Berre

ei nemnd melde om ein som var innlagd

på kurheim.

Frå edruskapsnemnda i ein av kystkommunane

i Sogn og Fjordane fann eg følgjande

døme på korleis edruskapsnemndene

kunne gå fram om dei fekk melding

om alkoholmisbruk:

”Kona åt NN har klaga til dr. NN nokre

gonger over at mannen hennar drikk så

mykje at ho og heile den stor huslyden -

18

minst seks born - lid vondt

av den grunn. Ho uttala seg

omlag soleis til formannen i

nemndi: ’der ingen som kan

setja seg inn i korleis eg har

hatt det’.

Kona åt NN er eit dugande

og likande menneske med

godt omdøme, og etter det

kjennskap nemndi har til

henne, er det uråd å tru at

ho ville ha kome med dette

klagemålet utan tvingande

og sers sterke grunnar.

NN er av yrke førar for ein

større motorbåt som går i

fraktfart på Bergen, han har

eit svert ansvarsfullt arbeid,

og det er klårt at det er eit

arbeid som set store krav til

sin mann og serleg at han

ikkje misbrukar alkohol.

Nemndi finn etter dette å

måtte gjere dette vedtaket:

Nemndi bed til a/s Vinmonopolet

i Bergen om å stogga

alt sal av spiritiosa til motorbåtførar

NN, minstfald? for ei tid av 3 år”.

Å hindre tilgang til alkohol var altså første

steg. Den omtalte mannen klaga til

nemnda og fekk følgjande svar:

”Då sjølve vedtaket har havt den uskurden

det har havt på tilhøva i heimen,

finn vi å kunne gå med på å råde til at

NN alt no får retten att så han får høve

å vise at han kan eige retten utan å misbruke

han. Men han vart gjort kjend

med at han måtte halde seg unna misbruk

i framtida”.

Om ikkje den drikkfeldige innretta seg,

måtte nemnda "ta dei steg som lov og

tilhøve tilseier".

Kva ”steg” det kunne vere snakk om

finn vi døme på i ei anna sak frå same

kommune:

"Då edruskapsnemnda bad stogge alt

sal til NN i tre år, var vi samstundes

tenkt på å få han til friviljugt å reise på

kuranstalt. Då dette ikkje var, sa vi frå at

kunne han ikkje halde seg frå misbruk

av alkohol, vart det tvangsinnlegging".

Nemnda skulle altså i første omgang

leggje opp til samarbeid og frivilje i

behandlingstiltaka, men riset bak spegelen

var heile tida tvangsinnlegging.

Slutt på bruk av tvang

Edruskapsloven, med etableringa av

edruskapsnemnder, vart til som eit

resultat av ein mislukka forbodspolitikk

og ein erkjenning av at straff ikkje var

noko eigna middel til å hindre alkohol-

misbruk. Men trusselen om bruk av

tvang var felles for alle tiltaka mot alkoholmisbrukaren.

Bak denne trusselen

låg ei grunnleggjande forståing av misbrukaren

som ein person som trengde

vern mot seg sjølv. På 1960-talet byrja

ein for alvor å setje spørsmål ved bruken

av tvang, og i 1970 forsvann tvangsparagrafen

i lausgjengarlova. Det vart slutt

på umyndiggjeringa av alkoholmisbrukaren,

og alkoholistomsorga vart integrert

i helse-, trygde og sosialapparatet.

Kjelder:

- Kommunale arkiv:

korrespondanse/saksarkiv og

møtebøker frå edruskapsnemnder

- Edruelighetsnemndene i 1950 –

sammendrag av årsmeldingane

- Norges offisielle statistikk,

Sundhetstilstanden og medisinalforholdene,

årgang 67 og 69

Litteratur:

- Fuglum, P. (1995),

Brennevinsforbudet i Norge.

Trondheim

- Løvsland, A (1979), "Det gjelder nå

at kjerring og onger får fred":

edruskapsloven av 1932

- Schrumpf, E. (2003), "Berus eder!":

norske drikkekulturer i de siste

200 år. Oslo blir til. Oslo

- Ulvund, F. (2003),"det frygtelige

krigsskib" - utforming, iverksetjing

og virkemåte til lausgjengarlova av

31. mai 1900, Bergen. Henta frå

www.bora.uib.no 14.05.2009

Ei av arbeidsoppgåvene for edruskapsnemndene

var å fremje undervisning og

opplysingsverksemd om alkoholspørsmålet i

skulane. Her ser vi omslaget på ein brosjyre

som vart brukt i skulen på 1950-talet.
Årdal kommune 150 år

Utover i 1850-åra tok einskilde i

Årdal til å lufta tanken om at Årdal

burde få status som sjølvstendig

kommune. I 1837 vart lovene om

formannskap på landet og i byane

vedtekne, men den gongen vart

Årdal del av Lærdal kommune. Det

var prestegjeldsgrensene som låg til

grunn for inndelinga, og Årdal sokn

hadde i fleire hundre år vore del av

Lærdal prestegjeld.

26. april 1859 sende formennene og

representantane frå Årdal ei grunngjeven

føreteljing til futen i Sogn om å

verta utskild i 'geistlig som verdslig

henseende'. Dei bad futen, som eit første

steg i denne lei, om å syta for ei

avrøysting i saka på det første sommartinget

for Årdal tinglag. Røystingi

vart halden 28. mai, og 21 av dei 29

røysteføre møtte. Alle frammøtte

røysta for søknad om serskilt kommunestyre

for Årdal. Futen rådde så til at

talet på formenn vart sett til 3, og at

dei kunne byrja verksemda si 1. januar

1860.

Fylkesmann Aubert skreiv 7. september

at han ikkje såg noko til hinder for

det. Tanken om Årdal som eigen kommune

var visseleg ikkje ny den gongen

kravet vart reist skriftleg, men først

då hadde han vokse til eit folkekrav

som gjorde tida mogen til å realisera

han.

Tre representantar og ein formann vart

valde 17. oktober 1859 ved utfyllande

val, og 14. november same år vart det

fyrste møtet i Årdal heradsstyre halde.

Endre I. Offerdal vart vald til fyrste

ordføraren og Erik E. Offerdal til varaordførar.

Endre Offerdal hadde gjort

det meste av arbeidet for at Årdal

skulle bli eigen kommune, og han har

hovudæra for utskiljinga. Det var difor

naturleg at han vart vald til fyrste ordføraren.

Heradsstyret hadde ikkje møtebok i

fyrste møtet sitt, men hadde skaffa seg

det til møtet 20. februar 1860. Dette

blir dermed rekna som startdatoen for

den nye kommunen.

Sjølv om Årdal var vorten eigen kommune,

hadde ikkje bygda vorte eige

prestegjeld, men den saka vart ordna

ved kgl. res. 4. oktober 1862, og 11.

april 1863 vart den fyrste presten etter

reformasjonen utnemnd i Årdal.

Folketalet var kring 1700 i 1860. Den

store utvandringa til Amerika reduserte

folketalet til 1299 i 1900. Seinare

vaks det jamt til 2182 like etter andre

verdskrigen. Med ny industri i bygda

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Av Oddvar Natvik

Endre I. Offerdal (1832 - 1919) vart fyrste

ordføraren i den nye Årdal kommune, berre

28 år gamal. Han var i alt ordførar i 17 år,

fordelt på tre ulike bolkar.

vart det ein eksplosiv vekst utover i

1950- og 60-åra. Toppen vart nådd i

1972 med 7556 innbyggjarar.

I jubileumsåret 2010 blir det planlagt

ei aktivitetsveke i februar. Det er og

sett ned ein redaksjon for å koma med

eit skrift i høve jubileet.

Kjelde:

Knut Kramviken, Årdal kommune i

dag. 1860 - 1960. Årdal, 1960.

Forgifta lyd Av Karianne Schmidt Vindenes

Frå Fjordabladet 5. januar 1957:

Rock’n Roll galskapen kjem av

”forgifta” lyd

I Amerika har Rock’n allereide sett sine beste dagar.

Over heile verda har Rock’n Roll ført til mykje oppstyr

mellom ungdommen. Ei rekkje psykiatere har analysert innverknaden

av rytmen på ungdommen og har stilt diagnosen:

Akutt form for sinnsjuke framkalla ved ”forgifta lyd”.

Musikken sjølv set kjenslene i gang. Han kan også skape godt

humør, nøytralisere trøttleiken, skape ro og fred, fremkalle

lengt, skape patriotisme og piska opp masse psykose. Rock’n

Roll er som eit fossefall av ulyd, forgifta lyd som eksploderer

som sprenggranatar i unge og kjenslevare sinn, og framkalle

vill og tøylelaus galskap og vitløyse. Tempoet er uregelrett og

komplisert og løyser opp alle kjente omgrep.

Rock’n Roll er inga oppmoding til dans, men ein grov ordre

om å bryte med det tilvante og viljelaus la seg rive med av rytmen

og ulyden si makt. Og uutvikla ungdom let seg føre med

ut i villskapen.

Rock’n Roll har sin parallell i visse avartar av den moderne

roman sin prosa. Normale menneske får vondt i hovudet av å

lese det. Men Rock’n Roll har allereide sett sine beste dagar.

I Amerika er han allereide avlegs og motsetnaden, den langsame

vals, er kome i staden. Om nokre månader vil ein kanskje

seie det var ei døgnfluge.

19
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Den siste kvila:

Døden som fotografisk objekt

1. ”Min Søn Bernt som Lig”. Fotograf: Schilling. Privatarkiv SFF-881100.

Frå fotografiets barndom og fram

til mellomkrigstida var det ein

utbreidd praksis å portrettere

avlidne personar i samband med

gravferda. Desse post mortem-fotografia

vart behandla som andre

familiebilete – dei vart sende til

20

slekt og vener, dei hadde ein naturleg

plass i familiealbumet og dei

vart rama inn og hengde opp på

veggen.

Fotografi, minne og sorg

Kvifor vart slike fotografi laga?

Av Elin Østevik

Praksisen vert ofte forklart med høg

dødsfrekvens, spesielt blant småbarn,

og mangelen på fotografi blant folk

flest i den gjeldande perioden. I

mangel på eit fotografi av den døde i

live, valde mange å få tatt eit portrett i

samband med gravferda. Fotografiet

vart eit viktig minne om den døde og

var til hjelp i sorgprosessen.

Den amerikanske antropologen Jay

Ruby (1999) har synleggjort at post

mortem-fotografering av dødfødde

og for tidleg fødde spedbarn er ein

etablert, om enn lite omtala, praksis

ved fleire amerikanske sjukehus også

i dag. Motivasjonen for å ta slike

bilete er framleis ønsket om å ha eit

minnebilete av den døde, og forståinga

av kor viktige slike bilete kan

vere i foreldras sorgprosess.

I motsetning til tidlegare tider er

desse bileta i dag å forstå som svært

private. Dei vert ikkje sirkulert og

synt fram i det offentlege rommet

eller i det større sosiale fellesskapet

slik som tidlegare. Våre haldningar til

døden har endra seg på fundamentalt

vis i høve tidlegare tider.

Utbreiinga av post mortem-fotografering

fram mot mellomkrigstida må

forståast på bakgrunn av ei annleis

kulturell grunnhaldning til døden i

perioden frå 1840 og fram mot

mellomkrigstida.

Døden som den siste kvila

Post mortem-fotografi kan seiast å

utgjere ein eigen fotografisk sjanger.

Sjangeren oppstod likevel ikkje med

fotografiet, men har røter tilbake til

før-fotografiske biletkonvensjonar.

Sjangeren er knytt til ei romantisk

estetisering av døden som den siste

kvila.

I perioden fram mot mellomkrigstida

var døden ein naturleg del av både det
2. Post-mortem portrett av ukjent mor og barn, datert til ca. 1895-1930. Fotograf: Isak I. Hellebust. SFFf-1990060.119916.

offentlege rom og heimen som sosialt

rom. Dei døde vart stelt heime og

dødsritualet omfatta kistelegging, likstrå,

likvake (forbode i 1860), utsynging

og gravferd (Reiakvam 1997).

Fotografering av den døde var ein

meir eller mindre integrert del av

dødsrituala som fann stad i heimen.

Etnologen Oddlaug Reiakvam, som

har skrive om post mortem-fotografi

med utgangspunkt i produksjonen til

fotograf Olai Fauske frå Førde, hevdar

at bygdefotografen si rolle var ӌ

vere seremonimeister for transformasjonen,

frå lik til ein estetisert representasjon

av den døde” (Reiakvam

1997: 286). I post mortem-portretta

vart døden framstilt som eit endeleg

farvel, med søvnen som den sentrale

metaforen: Døden er den siste kvila.

Sjangervariasjonar

På dei tidlegaste post mortem-portretta,

ca 1840-1870, er den avlidne

gjerne portrettert som sovande eller

sitjande, i nokre tilfelle med opne

auge. Dødssymbol som blomar og

liknande er fråverande. Bileta kan

nærast gi eit inntrykk av eit

ønske om å fornekte døden

og framstille den avbilda

som å vere i live.

Bilete 1, frå privatarkivet

etter Bernt Askevold

(1846-1926), er eit døme

på eit tidleg post mortemportrett.

Eksplisitte dødssymbol

er fråverande i biletet;

barnet ser ut som det

søv. Det er påskrifta på

biletet som fortel oss at så

ikkje er tilfelle.

Seinare, frå 1890-åra av,

vert symbol på døden, som

til dømes forseggjorte likklede,

eviggrønt og falda

hender, ein integrert del av

post mortem-portretta.

Søvnmetaforen dominerer

likevel framstillinga, døden

er berre diskret antyda, sjå

bilete 2 og 3.

På bilete 4 og 5 er kista

godt synleg. Søvnmeta-

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

3. Familien Hove avbilda på gravferdsdagen til Agnes

(19414-1915). Fotograf: Ukjend. SFFf-1995021.0045.

21
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

4. Johannes Solbakken (1918-1927) vart berre 9 år. Kista er plassert på gardstunet. Fotograf: Ukjend. SFFf-1997046.0017.

foren synest dermed ikkje så tydeleg

uttrykt i desse fotografia; sjølve

døden trer klarare fram.

Frå post mortem-fotografi til

gravferdsbilete

I dagens samfunn er døden i stor grad

22

skjult, døden er privatisert og institusjonalisert.

Heimen er ikkje lenger

den sentrale rituelle arena for død og

gravferd, og fleire av dei tidlegare

dødsrituala som post mortem-fotograferinga

var ein del av vert ikkje

lenger praktisert. Døden vert ikkje

lenger oppfatta som den siste kvila,

hevdar Reiakvam, men som ingenting.

Døden vert fortrengd og tabubelagt.

Med den endra kulturelle haldninga

til døden og tilhøyrande endring i

6. Gravferda til Samuel Rasmussen Førde i 1924. I dette tilfellet er fotografen også prest. Fotograf: Olav Kvaale. NFMf-1984002.0024
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

5. Uidentifisert mann fotografert i lyset frå eit delvis tildekt vindauge, ca. 1930-1935. Fotografiet er frå Vetlefjorden i Balestrand kommune.

Fotograf: Ukjend. SFFf-1991102.0017.

rituell praksis, skjer det ei endring

også i fotografisk praksis. I mellomkrigstida

skjer det ei dreiing frå post

mortem-portrettering til gravferdsfotografi

med den sosiale fellesskapen i

fokus. Slike kollektive gravferdsbilete

vart også teke tidlegare parallelt

med post mortem-fotografia, men

vert no altså meir eller mindre einerådande.

Gravfylgje vert fotografert utanfor

heimen eller på veg til kyrkja, sjå

bilete 6 og 7. Seinare er det i all

hovudsak kyrkja eller sjølve gravplassen,

sjå bilete 8, som blir den

fotografiske hovudarena (Reiakvam

1997).

Avslutning

I produksjonen av post mortem-foto-

23
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

grafi og gravferdsfotografi har det å

fotografere ein dobbel funksjon:

…både som del av rituelle handlingar

ved høgdepunkta/vendepunkta i livet,

anten det gjeld bryllaup eller gravferd,

og som historiske vitnemål om

dei same hendingane (Reiakvam

1997: 280).

Fotografia vi her har sett på kan dermed

fortelje oss om endra fotografisk

praksis og sjangerutvikling, og dei er

kjelder til kunnskap om døden i eit

kulturhistorisk perspektiv. At post

mortem-fotografia i dag kan virke

morbide og upassande på oss er kanskje

desto større grunn til å gjere dei

til gjenstand for fagleg merksemd og

personleg ettertanke.

Litteratur:

Ekeberg, Jonas og Harald Østgaard Lund

(red), (2008), 80 millioner bilder: Norsk kulturhistorisk

fotografi 1855-2005, Forlaget

Press: Oslo

Grindland, Kari (1992), ”Post-mortem fotografier:

Noen skjebner fra Smaalenenes

Amt”, Bildet lever! Bidrag til norsk fotohistorie,

6: 65-80

Reiakvam, Oddlaug (1997), Bilderøyndom.

Røyndomsbilde: Fotografi som kulturelle

tidsuttrykk, Det Norske Samlaget: Oslo

Ruby, Jay (1999), Secure the Shadow: Death

and Photography in America, The MIT

Press: Cambridge

8. Frå gravferda til Jon J. Aase i 1956. Kista vert senka. Fotograf: Ukjend. SFFf-1993135.0010

24

7. Gravferda til Emma Hove, 1955. Fotograf: Ivar O. Hove. SFFf-1994251.0030.
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Sogn og Fjordane sett med nye auge

Etterarbeid med lydfiler. Prosjektmedarbeidar Heidi Rohde Rafto.

I overkant av fem tusen menneske med

utanlandsk bakgrunn bur i Sogn og

Fjordane. Våren 2009 har

Fylkesarkivet intervjua ti av dei. I

denne artikkelen får vi eit innblikk i

deira liv og erfaringar.

Sogndal, 23. mars 2009

Det er ein fredfylt måndag i slutten av

mars. Sola skin skarpt frå ein lettskya

himmel, snøen glitrar kvit på fjelltoppane

og fjorden ligg mørk og stille - Sogn og

Fjordane viser seg frå si beste side. I

Sogndalsfjøra ønskjer eit stort skilt velkomen

til Fjøra Intro, eit introduksjonssenter

for flyktningar og innvandrarar. Her

kan ein kome innom for å treffe vener,

bruke internett, spille TV-spill, eller slå av

ein prat med leiaren for senteret, Dag

Olav Osen. Kaffi og te er gratis, og det er

rikeleg med bord og stolar kor ein kan slå

seg ned for ei stund. Bak disken står Eto,

ei ung kvinne som har eit varmt smil og

nokre venlege ord til alle som kjem

innom. På trass av det fine veret ute er

lokala fulle av menneske i dag.

Stemninga er god, praten går høgt på

mange språk. Nokon er berre innom for å

helse på kjente, andre blir her i mange

timar. Dei kjem frå Somalia, Etiopia,

Kenya og Eritrea, frå Guinea, Palestina,

Tsjetsjenia. Ein mann har fått avslag på

asylsøknaden sin. Han gjengir med alvorleg

mine eit utvalt bibelsitat: "The system

will allways be against good people". Og

han legg til: Dersom du får positivt svar

på din asylsøknad, bør du gå i deg sjølv!

Sjølv er han ein svært god person, og

målet hans er å kome til Paradis. Men

først vil han gjerne til USA. Venene ler.

Ein solid dose galgenhumor kjem nok

godt med her. Lokala er lyse, med store

vindauge mot gata, dekka av tynne, kvite

gardiner. På ein vegg heng plakatar med

typiske sogndalsuttrykk, som "ke",

"kest", "keleis" og så vidare. Plakaten kan

nok vere til god hjelp for dei nytilflytta i

Sogndal, som lærar bokmål på norskkurs.

Etter kvart som det nærmar seg stengetid

blir det færre menneske i lokalet. Nokre

enkeltpersonar kjem innom for å bruke

internett. Eto snur Åpen Fjøra Intro-skiltet

i vindauget, ryddar bort tekoppar og

dei to stolane som har knekt saman i løpet

av dagen. I overmorgon er ho tilbake og

opnar dørene for nye samtalar, tv-spel,

latter og alvor.

Bakgrunn

I samband med Mangfaldsåret 2008 sette

Fylkesarkivet i gang prosjektet Mangfaldige

arkiv. Målet med dette prosjektet

har vore å auke fokuset på etnisk og kulturelt

mangfald i fylket, blant anna

gjennom innsamling av nye kjelder. I

løpet av ein prosjektperiode på 3,5 månader

har vi gjennomført livsminneintervju

med ti personar som har utanlandsk bakgrunn

og som bur her i fylket. Fem av

desse deltakarane har bakgrunn som

flyktningar og asylsøkarar. Dei kjem frå

Somalia, Rwanda, Burundi, Eritrea og

Palestina, og dei har flykta frå krig og uro

til ein tryggare kvardag i Noreg. Det er

sterke historier dei har bak seg. Francesca

Tué kom som FN-overføringsflyktning til

Av Heidi Rohde Rafto

Noreg i 2003. Før det hadde ho allereie i

mange år levd utanfor heimlandet,

Burundi, Ho fortel:

Eg blei født i Burundi. Så i 1972 braut krigen

i Burundi ut, og vi måtte flykte til

Rwanda. Vi budde i Rwanda i 22 år. Så

braut krigen i Rwanda ut, vi måtte flykte

til Tanzania. Og eg kom til Noreg frå

Tanzania.

Fleire andre har òg fått føle krigens brutalitet

nært på kroppen. Ei kvinne fortel:

Eg hadde tre søstrer, og så mor og far. Ja.

Og dei er døde. Det er berre eg som overlevde.

Palestinske Mohammad Haraza hadde

foreldre som var flyktningar, og vaks

sjølv opp i eksil. Han fortel om ein god og

trygg oppvekst i Kuwait. Men etter Golfkrigen

på byrjinga av 90-talet måtte palestinarane

forlate landet, og saman med

foreldra reiste han tilbake til Palestina.

Der gifta han seg og fekk to born. Men

livet var utrygt, prega av stadige krigshandlingar.

På spørsmål om kvifor han

valde å forlate Palestina fortel han om då

sonen hans vart skada i eit israelsk bombeangrep.

Sonen, som var knapt to år

gamal, låg 45 dagar på sjukehus, bevisst-

Prosjektmedarbeidar Heidi Rohde Rafto

saman med prosjektdeltakar Jonathan Di

Blasi. Di Blasi er italiensk-amerikanar,

oppvaksen i California, no busett i

Leikanger, der han driv kafeen Herman.

25
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

laus. Så opna han augo og gret. Heile

familien var fortvila, dei var så redd han

skulle døy. Men guten vakna til, og han

kom seg. Utruleg nok kom sonen frå det

heile utan varige skadar, og blei frisk og

rask som før. Men for Haraza blei frykta

stadig sterkare. Han ønskte ikkje lenger å

bli buande i Palestina:

Etter denne hendinga tenkte eg: Du må

dra. Eg var ikkje redd for min eigen del;

dersom eg døyr, er det normalt - som

andre menneske i Palestina. Men å sjå

sonen min døy... Ingen kan sjå sonen sin

døy utan å gjere noko. Om eg ser sonen

min, kona mi eller brørne mine bli drepne,

kva kan eg gjere? Skaffe våpen, gå til

gatene og drepe israelarar? Fordi dei har

drepe sonen min? Det er ikkje bra. Det er

ikkje bra å løyse problemet ved å slåss

eller drepe. Det vi treng er fred, men israelske

styresmakter gir oss ikkje fred.

I 2008 kom Haraza til Noreg som asylsøkjar.

Han håper etter kvart å kunne få

kona og sønene i tryggleik til Noreg.

I migrasjonsforskinga skil ein gjerne

mellom "push" og "pull"-faktorar. Pushfaktorar

er grunnar til at folk reiser frå ein

stad, som krig, fattigdom og arbeidsløyse.

Pull-faktorar er grunnar til at folk reiser til

ein stad. For flyktningane er det pushfaktorane

som utløysar reisa. Dei vil ikkje

forlate heimlandet sitt, men har ikkje

noko val. Krig og utryggleik har tvinga

dei til å prøve å starte livet på nytt ein

annan stad, og denne staden blei – for

mange av rein slump – nettopp Noreg og

Sogn og Fjordane.

Men for andre deltakarar i prosjektet er

det pull-faktorane som står sentralt. Dei

har sjølv valt å flytte frå heimlandet sitt,

og dei har – meir eller mindre medvitne –

også valt Noreg som destinasjon. Betre

løna arbeid, vakker natur, plass rundt seg,

trygge omgivnader for barna, eit mindre

stressande arbeidsliv, eventyrlyst, ønske

om å oppleve noko nytt og kjærleikens

uransakelege vegar er grunnane dei oppgjer

for at dei valde å flytte til Noreg. I ein

artikkel i Kommunal Rapport (18.02.04)

blir nederlendarar som flyttar frå kontinental

trengsel til ro og armslag i urørt

norsk natur kalla "stressflyktningar".

Anne van Oorschot er ein av desse stressflyktningane.

Ho flytta med mann og to

barn frå Rotterdam til Bremanger for sju

og eit halvt år sidan. Om bakgrunnen for

flyttinga fortel ho:

Eg må nok seie at grunnen til at eg i det

heile tatt reiste, det var jo mannen min.

26

Fordi vi fant ut at han hadde eit veldig

sterkt ønske om – han hadde lyst på noko

som rett og slett ikkje fanst i Nederland:

det var urørt natur og god plass rundt

seg. Og for han så var det viktig å ha ein

jobb der han faktisk kunne jobbe ute, ikkje

berre på eit kontor. Og det som òg låg

bak, var jo tanken om å kunne tilby ungane

våre eit godt og trygt oppvekstmiljø.

Og i ein periode så fant vi jo ut at det

ønsket var så sterkt for han at eg såg at eg

ikkje kunne motarbeide han på det. Eg

ville ikkje at vi skulle sitte på aldersheimen

når vi var åtti år og at han var sur og

bitter på meg og sa at "Ja, det var på

grunn av deg at ikkje vi fekk flytte!" Og eg

tenkte ja, eg kan finne på masse gode

grunnar til at vi ikkje skal flytte, men kanskje

vi rett og slett skal gjere det; no

hadde vi berre små ungar, vi var relativt

fleksible - så vi fant ut at vi måtte berre

prøve det. Så ønskte mannen min - han

har nemlig reist veldig mykje - han ønskte

å flytte til New Zealand. Men det fant

eg ut at det hørtes no skrekkeleg langt ut.

Dersom ein vil halde kontakten med familie

og vener så er New Zealand absolutt

den andre enden av jordkloden. Så det var

litt for ambisiøst for min del. Da sa

Rogier at kanskje det skal bli Europa sitt

New Zealand... og det er jo Noreg!

Etter å ha bestemt seg for å flytte til Noreg

gjekk van Oorschot og ektemannen

Rogier i gang med førebuingar til reisa.

Dei var bestemt på at dette skulle dei få

til, og gav ikkje opp - sjølv om prosessen

ikkje var enkel. Ein av dei måtte finne seg

ein jobb i Noreg før dei kunne flytte, men

det tok lang tid før dei fekk napp, trass i

aktiv og engasjert arbeidssøking. Dei

byrja likevel på norskkurs gjennom Den

norske kyrkja i Rotterdam. Etter kvart

vurderte dei å flytte til Oslo først, for så

seinare å flytte vidare til Vestlandet. Men

så fekk Rogier, som er ingeniør og økonom,

høyre om eit nederlandsk firma som

skulle starte opp i Nordfjord. Han ringte

og tilbaud arbeidskrafta si. Først fekk han

eit skuffande avslag - men så, nokre

månader seinare, blei han kontakta igjen,

med spørsmål om han framleis var interessert.

Det var han, og kort tid etter flytta

familien, med to barn - den yngste to

månader gamal - til Dyrstad i Bremanger.

Kunnskapen Anne van Oorschot tilegna

seg i denne prosessen fekk ho god nytte

av seinare, då ho blei tilsett som prosjektleiar

for å rekruttere nederlendarar til

Bremanger. No jobbar ho som dagleg leiar

i Framtidsfylket AS, og koordinerer arbeidet

med å rekruttere unge vaksne med

høgare utdanning til Sogn og Fjordane.

Deltakar Mohamed Shute Mohamud.

Mohamud er 20 år og kjem frå Somalia.

Han har budd i Noreg og Sogndal i 2 år.

Medan van Oorschot hadde ein klar plan

om å flytte til Vestlandet, har andre

”stressflyktningar” hamna i Noreg og i

Sogn og Fjordane som følgje av ei rekkje

tilfelle. Jonathan Di Blasi er italienskamerikanar

med lang erfaring frå restaurantbransjen

i California bak seg. Han

ønskte seg bort frå det han opplevde som

eit materialistisk, overflatisk og stressande

samfunn og arbeidsliv. Han hadde

først kortare opphald i Italia og i Sveits,

med tanke på å slå seg ned der, men forventningane

blei ikkje innfridde, og han

vende tilbake til California og til sin tidlegare

jobb. Eit besøk hjå ein ven som

hadde flytta til Noreg gav han inspirasjon

til å flytte hit. Han fortel:

Min beste ven var i lag med ei norsk jente.

Dei møtte kvarande rett før eg drog til

Italia. Ho var i California som au pair,

dei reiste fram og tilbake ein del år, og så

etablerte dei seg i California. Nokre år

seinare var ho lei av California og ville

flytte heim. Så ho flytta heim, og han flytta

etter ho. Men innan eit år skilde dei

seg. Og etter at dei skilde seg sa eg til

venen min: Å, så du kjem tilbake til

California! Men han sa: Nei, Bergen er

heimen min. Og eg tenkte; her er guten

som ikkje flytta frå mora si før han var 30

år gamal; han er skilt, han har ingen

familie i Noreg; han har vener, men -

kvifor skulle han bli buande i Noreg? Så

eg tenkte ok, du har overtydd meg, no vil

eg kome og besøke deg - for han hadde

alltid spurt meg om å kome på besøk.
Di Blasi dreg på besøk til venen sin i

Bergen, og besøket blir svært vellukka.

Han møter mange venlege menneske og

stor gjestfridom, han kan snakke engelsk

og alle forstår han. Han opplever at menneska

han treff er oppriktig interesserte

når dei snakkar med han, og er fascinert

av at dei òg latar til å vere oppriktig interesserte

når dei snakkar med kvarandre -

dette er heilt annleis enn den overflatiske

kommunikasjonen han er van med

heimanfrå. Venen hans, som tidlegare var

ein nokså tough guy, har òg forandra seg

- i Noreg verker han roleg og tilfreds. Di

Blasi ringjer heim og fortel at her treng

ein ikkje ein gong sjå seg for før ein kryssar

vegen. Ni månader seinare flytter han

til Noreg. Han får jobb i Bergen og bur

der i seks år. I Bergen møter han sambuaren

sin, og når sjansen dukkar opp for

å flytte til hennar heimbygd, Leikanger,

grip dei den. Di Blasi driv no sin eigen

kafé og får dermed god nytte av den lange

erfaringa si frå restaurantbransjen. Han

snakkar varmt om Leikanger, og kallar

bygda a dream-like place.

Også for Nomeda Høgseth var det uventa

hendingar som førte til at ho busette seg

her i landet. Ho er frå Litauen og kom til

Noreg av eventyrlyst, med ønske om å

oppleve noko nytt. Ho fortel at ho alltid

har vore slik - nyfiken, interessert i å lære

nye ting. Gjennom ei dame ho kjende

fekk ho jobb som avløysar i Førde - sjølv

om ho aldri før hadde vore nær ei ku. Då

ho gjekk av bussen fekk ho brått ei kjensle

av tvil; ho snakka ikkje norsk og kunne

lite engelsk. Korleis skulle ho kommunisere

med arbeidsgivaren? Men ho lærte

seg fort engelsk, og kommunikasjonen

gjekk langt betre enn frykta; ho gifta seg

med arbeidsgivaren, og har no etablert seg

i Førde med mann og barn.

Møtet med Noreg

Vi ser at dei ti deltakarene i prosjektet har

svært ulik bakgrunn, og dermed ulike

føresetnader for møtet med Noreg og

lokalsamfunnet. Mens nokre var godt

førebudd då dei kom hit, har andre ikkje

hatt same moglegheit til å setje seg inn i

norsk språk, kultur og samfunn før dei

kom. For dei baud møtet med Noreg på

mange overraskingar. Liban Warsame

Liban gjev ei levande skildring av ein episode

som gjorde han merksam på at årstidene,

døgnet og veka kan vere svært ulik

i Noreg og Somalia. Han ler når han fortel:

Første gong når eg kom hit til Sogndal -

eg kom til Sogndal mottak - dei første 4-5

dagane berre sov eg og åt, fordi eg kjende

ingenting her. Etterpå fekk eg nokre

kameratar som kunne hjelpe meg og vise

meg kor biblioteket var, og mottakskontoret,

og storsenteret. Det var i desember.

Og det var kjempemørkt på denne tida.

Det er kjempeforskjellig frå Somalia - der

er det ikkje så mørkt, og det var masse snø

- det er ikkje snø i Somalia. Det er det som

er mest forskjellig. Så, etterpå, skjønte eg

litt og litt. Og så når eg hadde budd her

på Sogndal mottak i 4 månader blei det

lysare - ikkje det same som før. Mørkret

gjekk bort, i byrjinga av april. Så det som

skjedde som eg hugsar er ein dag då sto

eg opp så tidleg - og her i Noreg har folk

fri laurdag og søndag. Men i Somalia har

vi ikkje fri søndag og laurdag. Vi går på

skule, vi går på jobb; når vi har fri frå

skulen for eksempel, det er to dagar; fredag

og torsdag. Og vi har fri frå jobben

berre fredag. Men søndag og laurdag, det

er vanlege dagar for oss. Så det var ein

laurdag då eg sto opp så tidleg, kanskje

klokka seks. Eg går på badet og kler på

meg, eg tenker at det er opent overalt

fordi eg sjekkar ut vindauget og ser at det

er kjempelyst, og tenker at klokka er ni,

eller meir. På grunn av at eg kom hit i den

mørke tida. Men eg tenker ikkje på å sjekke

klokka. Etterpå går eg til mottakskontoret,

det er stengt - eg går til kameraten

sitt hus, der er ingen - eg sjekkar

vegen, det er heilt tomt; ingen folk ute - eg

kjem tilbake åleine og sjekkar klokka: den

er halv sju om morgonen. Då tenker eg:

"Å... tida er forskjellig - eller eg er blitt

gal...!"

Fleire fortel at det vanskelegaste med å

kome til Noreg var kulda, og snøen. Ikkje

alle var kledd for klimaet som venta dei

her. Ei afrikansk kvinne fortel leande om

afrikanarar som kjem i sandalar, og har

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

store problem med å røre seg på norsk

vinterføre - om det så er snakk om nokre

få meter. Mohammad Haraza fortel om

eit møte då han var ny i landet:

Eg hadde ikkje jakke fordi i landet mitt er

det 35 grader - veldig varmt. Eg kom hit,

og eg visste ikkje korleis veret var. Og det

var november - veldig kaldt. Eg fraus. Ein

mann kom bort til meg og spurde meg

kvar eg kom frå. Eg sa: Kvifor spør du

meg? Han spurde om eg var arabisk, og

eg svarte ja. Han sa "Salaam aleikum" på

arabisk. Puh! Eg var i himmelen! Og eg...

eg forsto ikkje. Du er arabisk? Ja. Kva

kan eg gjere? Han sa: Du er galen, du har

ikkje jakke... Og han gav meg jakka si. Eg

sa nei, no blir du kald. Men han sa: Eg

kom hit før deg, det er normalt - du kan ta

jakka. Han skulle gå og ete, og spurte meg

kva eg gjorde her. Eg sa at eg måtte gå til

politistasjonen, at eg var flyktning. Han

tok meg med for å ete, så gjekk han saman

med meg og viste meg kor politistasjonen

var, og ønskte meg lukke til. Eg kjem aldri

til å gløyme denne mannen.

Dei fleste innvandrarar i Noreg vel å

busette seg i større byar; ein tredel av innvandrarbefolkninga

i Noreg bur i Oslo.

Men dei ti deltakarane i Mangfaldige

arkiv set pris på å bu i Sogn og Fjordane,

i mindre lokalsamfunn. "Small place - big

possibility" seier ein, og oppsumerar

såleis det også fleire andre seier; på ein

liten stad er det lettare å kome i kontakt

med folk, å lære seg språket, å bli integrert.

Det er kanskje òg lettare å få

praksisplass og jobb. Mange set pris på

vakker natur og å ha god plass rundt seg.

Fleire kjem frå store byar og set pris på eit

rolegare liv. På spørsmål om kva dei

saknar ved å bu på ein liten stad er svara

27
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

forskjellige. Nokon saknar vener som bur

andre stader. Nokon saknar eit religiøst

fellesskap; i Sogn og Fjordane er det til

dømes ofte langt til næraste moské. Det er

heller ikkje alltid lett å få tak i halal-kjøt,

eller andre matvarer ein treng om ein vil

lage mat som ein likar frå heimlandet. For

dei som skal til med studiar er det ofte

naudsynt å flytte - kanskje for ein periode

- fordi den utdanninga ein ønskjer å ta

ikkje finst i her i fylket.

Livet i dag

I Stortingsmelding nr. 17 (2005-2006)

blir det kulturelle mangfaldet lovprist

med store ord. Kulturelt mangfald er, i

følgje stortingsmeldinga, "ei grunnleggjande

kjelde til berekraftig utvikling

for samfunn, folk og nasjonar" og "opphav

til ei rik og variert verd som gir fleire

valmoglegheiter og gjer menneskelege

evner og verdiar rikare". Men ikkje alle er

like euforiske. I ei diskusjonsgruppe på

Facebook heiter det at eit asylmottak i

Aurland vil vere uheldig fordi "Aurland

skal vise turistane den vakre naturen og

kulturen vår. Me tykkjer det blir feil

dersom turistane blir motteke av 80-120

asylsøkjarar, alle med ulike kulturar".

Syna på kulturelt mangfald er svært

mangfaldige. Tema knytt til mangfald,

til kulturmøte og -kollisjonar, innvandring

og innvandrarar er svært

aktuelle i den norske offentlege debatten.

Og mellom dei ulike diskursane rundt og

haldningane til desse tema lever dei fem

tusen innflyttarane og innvandrarane i

Sogn og Fjordane dei daglege liva sine.

Dei ti som eg har intervjua utgjer ei

samansett gruppe. Dei kjem frå ni ulike

land og fire verdsdelar, alder frå 20 til

54 år. Til dagleg går dei på skule, dei

jobbar, er heime med barn. På fritida

gjer dei lekser, ser på TV, møter vener,

har deltidsjobb, jobbar frivillig, deltek i

ulike aktivitetar, tek vidareutdanning,

gjør husarbeid, ringjer heim til familien,

reiser på tur og bruker tid saman med

kjæraste, ektefelle, barn. På mange

måtar skil ikkje liva deira seg ut frå liva

til andre i lokalsamfunnet. Men mykje

er annleis her enn i landa dei kjem frå,

og det er mykje nytt å bli van med.

Integrering er ein lang prosess. Ein av

deltakarane fortel at det har teke ho 12

år å kunne slappe av - å ikkje alltid

måtte vere på vakt for å unngå misforståingar.

Ho forklarar:

No forstår eg kva eg ser, eg forstår kva

eg opplever, eg forstår folk sin måte å

vere på; eg forstår kroppsspråk. Eg for-

28

står dei reglane som er skrivne og dei

uskrivne reglane. Og eg føler no, etter

tolv år, at eg kan slappe av. Sånn var det

ikkje før. Heile tida var hjernen full av

nye inntrykk og spørsmål: Kva tyder

dette her? Kva slags situasjon er dette?

Også med språk: Kva sa den og den?

Og situasjonar - forståing av situasjonar,

heile tida. Beste måte å relatere seg

til - ja - jobb, vener og aktivitetar. Veldig

morosamt for eksempel var dette med at

her i Noreg, dersom du inviterer meg -

sånn har eg opplevd; eg inviterer deg,

skal vi gå og ta ein kaffi, eller noko sånt.

Og da betaler du din kaffi, og eg betaler

min kaffi. Riktig? Ja.! Surprise, surprise!

Sånn er det ikkje i Portugal. Dersom eg

seier at eg inviterer deg, så betaler eg.

Så det er ein liten forskjell mellom å

invitere og spandere. DET lærer ein seg

veldig fort!

Arbeidsliv og skule

Deltakarane har ulik bakgrunn med seg

i møtet med Noreg og lokalsamfunnet.

Dermed opplever dei òg det som møter

dei her ulikt. Eit eksempel på dette er

møtet med arbeidslivet. Zelfanya

Tewelde går på norskkurs, og har ein

deltidsjobb nokre timar i veka som reinhaldar.

Ho opplever det norske arbeidslivet

som krevjande, og forklarar med ei

samanlikning med arbeidslivet i heimlandet,

Eritrea:

For eksempel her, dersom du jobbar fire

timar ein dag, då jobbar du hardt. Etter

dei fire timane har du fri. Men i mitt

land - kontoret opnar klokka åtte; og

klokka ti er det tepause. Og ein jobbar

fram til tolv, då avsluttar ein. Og du kan

stengje før om du vil; ikkje noko

problem! Og så startar ein igjen klokka

to, og jobbar fram til klokka fem. Men

dette er ikkje hardt. Nokre stader kanskje,

men dei største arbeidsplassane,

der er det lett. Ikkje som i Noreg. Her -

dersom du har ein time å jobbe, då

jobbar du hardt i ein time.

Anne van Oorschot, på si side, opplever

og ein kontrast mellom arbeidslivet i opphavslandet

og her, men med motsatt forteikn.

Ho fortel om ein ting alle nederlendarar

i Noreg reagerer på:

Det er dette uttrykket "Ting tar tid". Det

synest vi er heilt frykteleg! Fordi vi synest

altså at ting generelt sett går seint. Og det

er ikkje vi vande med frå Nederland. Der

skal alt gå veldig fort. Og når du jobbar i

ei bedrift eller i det offentlege, då har du

masse fristar å forhalde deg til og du må

vere utruleg serviceinnstilt. Det med at

ting tar tid, det trur eg at alle nordmenn

har eit forhold til. Men det er klart at den

positive sida av det er jo at i Nederland

bikkar det over på den gale sida med at

det er utruleg mykje stress - det er veldig

mykje konkurranse også i arbeidslivet, der

du skal kome på jobb ein halvtime før

sjefen kjem og skal reise heim ein halvtime

etter at han har dratt frå kontoret. Og alt

går alt for fort der. Så det er klart at om vi

no kan finne eit kompromiss eller balanse

mellom det samfunnet og det norske samfunnet

- det trur eg hadde vore ideelt!

Ønsket om eit kompromiss eller ein

"gylden middelveg" kjem òg opp når det

gjeld erfaringar med skule og barnehage.

Fleire av deltakarane som har barn i skule

og barnehage seier at dei set pris på at i

Noreg får barna utfalde seg, dei blir tekne

på alvor og har krav på å bli høyrt i saker

som gjeld dei, og skule og barnehage set

fokus på trivsel, ikkje berre fagleg progresjon.

Samstundes er det fleire som skulle
ønskje seg noko meir disiplin og klare

rammer. Ei mor fortel:

Sånn som når ungane kjem og seier

[etterliknar barnerop]:"Du Ann-Mari,

kan eg gå der?" Eg - eg fikk sjokk i byrjinga,

fordi at det var ikkje sånn vi var

oppdratt. Vi måtte først rekke handa opp,

og så om du får lov å spørje, og så vidare.

Så det var mykje strengare. Eg synast at

ungane har det mykje betre her. Kanskje

litt for bra! (...) Då eg var barn hadde vi

meir respekt for foreldre. Heilt frå barnehagen

har vaksne makt over deg. Og då

sit det i hovudet, at det skal vere sånn, du

skal ikkje motseie noko - så vi fekk eit

anna forhold til familie. Vi skulle gjere

som foreldra sa. Eg hugser at eg følte meg

ganske som eit barn sjølv då eg var 30 år

gamal; for eg følte press frå faren min og

frå tantene mine, dei bestemte kor eg

skulle gå og kva eg skulle gjere, sjølv om

eg var ein vaksen person. Men her har

folk det mykje friare, dei gjer som dei vil,

på ein måte; foreldre berre rettleiar ungane

på ein fri måte. Ingen får noko press

- ikkje på den måten som vi hadde det.

Men eg at synast når folk blir eldre, dette

med respekt for foreldre - då synast eg det

er betre i Litauen. For mor ho er mor og

du kan ikkje tenkje annleis. Ho er

liksom.. ho er sol og himmel! Sånn som

her, at folk har foreldre på gamleheim, det

skjer ikkje i Litauen.

Ei anna mor seier at det å skulle forstå

skulesystemet har vore noko av det

vanskelegaste med å kome til Noreg. Ho

forklarar:

Fordi - i alle fall for ti år sidan - hadde

lærarane i Portugal mykje makt. Det var

mange reglar. Heilt frå barnehagen blir

ein vurdert, kanskje med rød prikk og

grøn prikk. Det er reglar for alt, ein skal

alltid leggje ting tilbake på plass. Det er

veldig mykje orden og oppdraging, heile

tida. Korleis ein oppfører seg og ikkje

oppfører seg, kva som er bra og ikkje bra.

Hele dagen høyrer du om reglar, om du

gjer det godt nok eller ikkje godt nok.

Mange ting. Og så då eg kom til Noreg

var det veldig fritt. Overalt! I skulen, i

fritidsordninga. Barna var veldig frie til å

bestemme kva de ville gjere, korleis de

ville gjere det, om dei kanskje gadd eller

ikkje å rydde etter seg - det var veldig

merkeleg. Det er framleis litt merkeleg!

Ho reagerer på debatten rundt kor vidt

heimelekser er viktige eller ikkje, og slår

fast at ein slik diskusjon ville vore

utenkjeleg i Portugal. Men ho legg til:

Men - det er Noreg. Noreg er veldig sånn

- alt kan stillast spørsmål rundt. Ein må

berre venne seg til det, og akseptere det.

Dersom ein vil fungere her.

Religion

Ein dag eg var innom Fjøra Intro møtte eg

ei ung kvinne som var på randen av

utmatting etter dagens dose lærdom om

det norske samfunnet. Ho hadde besøkt ei

lokal kyrkje og fått informasjon om den

nye kjønnsnøytrale ekteskapslova, og om

at personar som lever homofilt kan bli

prestar i den norske kyrkja. Det var nesten

ikkje mogleg å snakke med ho; i dag

kunne ho ikkje ta inn meir. Ho måtte heim

og kvile.

Religion og religiøs praksis er eit felt som

kan skape utfordringar for dei som flyttar

frå eit land til eit anna. Migrasjonsforsking

viser at den religiøse tilhøyrsla

ofte kan endre seg i samband med migrasjon.

Religionen kan bli ein viktigare del

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

av livet, fordi den blir eit forankringspunkt

for identitet i eit samfunn der mykje

er framand og ukjend. Men personars forståing

av eigen religion kan òg utvikle og

endre seg, fordi møtet med eit annleis

samfunn og andre livssyn utfordrar dei

normene og det verdsbiletet ein lærte å

kjenne i heimlandet.

Kva erfaringar har deltakarane i

Mangfaldige arkiv med dette? Kva refleksjonar

har dei gjort seg kring religion og

religiøs praksis, i samband med eigen

migrasjon? På spørsmål om kor vidt deira

livssyn, tru eller religiøse tilhøyrsle har

endra seg på grunn av at dei flytta til

Noreg, er svara ulike. Fleire svarar

bestemt nei:

Nei. Då eg kom frå Somalia var eg

muslim. Og når eg kom hit, er eg muslim.

Det er det same, seier Liban Warsame

Liban.

Frå ein annan deltakar kjem eit like klart

"ja." Ho seier:

Sjølvsagt. Fordi viss du - for å sette det på

spissen - viss du hadde budd med andre

rasar som var heilt, heilt annleis enn deg,

hadde det ikkje påverka deg og forandra

deg? Det er sjølvsagt slik. Altså, detaljar

på prosentvis, det kan eg ikkje gi deg.

Men heilt klart, ja. Og det er ikkje noko

dårlig. Det er berre at man utvidar - eg

trur eg blei eit meir komplekst menneske,

med meir forståing for andre, andre sin

kultur, andre sitt språk, andre måtar å

vere på, andre typar tankeverksemd -

altså; du blir mykje rikare enn du var før.

Og det gjer igjen at du må vurdere, og

utvide, og kanskje kaste bort nokre synspunkt

du hadde frå før. Og opne deg for

noko nytt!

Når det gjeld kor vidt deira religiøse

praksis har endra seg som følgje av at dei

flytta frå heimlandet og kom til Noreg, er

deltakarane meir samstemde. For dei

fleste har det vore endring, fordi rammene

rundt det religiøse livet er annleis der dei

bur no enn der dei budde før. For nokon

betyr det at dei går oftare i kyrkja enn før

- kyrkja har kanskje ei sentral rolle i lokalsamfunnet

der dei bur. Andre går

sjeldnare til gudsteneste, bøn eller religiøse

møte no enn før, nokon fordi det ikkje

er like lett å finne eit religiøst fellesskap

der dei bur no, andre fordi kyrkja i Noreg

ikkje organiserer storslåtte folkefester

som dei er vande med heimanfrå – der ein

gjekk like mykje for å treffe folk, som for

det religiøse innhaldet i markeringa. Ei

kvinne fortel om fellesskap på tvers av

29
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Fjøra Intro er et introduksjonssenter for flyktningar og innvandrarar i Sogndal.

skiljeliner som hadde mykje å seie i heimlandet

– her i Noreg har identiteten som

kristen blitt viktigare, og kva for ei retning

av kristendomen ein høyrer til speler

mindre rolle. For muslimane eg har

intervjua har religiøs praksis endra seg

fordi det i Sogn og Fjordane er langt å

reise til næraste moské; private heimar

overtar difor rolla som samlingsstad for

religiøse markeringar og høgtider.

Framtida

Vi har no fått eit innblikk i bakgrunnen til

deltakarane i prosjektet Mangfaldige

arkiv. Vi har høyrt om ulike grunnar til at

dei valde å forlate heimlandet sitt, og at

dei enda opp nettopp her. Deltakarane har

fortalt om sine første opplevingar i møte

med norske årstider, klima og samfunn,

og om sine refleksjonar rundt forskjellar

mellom livet her og i dei landa dei kjem

frå. Vi har òg fått eit innblikk i erfaringar

knytt til arbeidsliv, oppdraging av barn i

eit nytt land og korleis religiøs tru og

praksis kan bli påverka av migrasjon. Eit

tema står att - framtida. Kva slags planar

og draumar har deltakarane for livet

vidare? Ønskjer dei å bli buande i Sogn

og Fjordane? Kva slags ønskjer har dei

eventuelt for barna sine?

Eg ønskjer å bu her i Sogndal. Eg vil

jobbe, og ta utdanning, gifte meg og få

barn, seier Mohamed Shute Mohamud.

Han er interessert i sport, og kunne gjerne

tenkje seg å jobbe i ein sportsbutikk.

30

Viss eg ikkje var gift ville eg kanskje

studere og byrje livet på nytt. No må eg

sjå mine draumar i min familie og mine

barn. Kanskje, dersom min familie får

komme hit... Eg håpar å sjå min familie

lukkeleg. Eg ser norske folk vere glade, eg

ønskjer å sjå min familie glad. Og sjå

barna mine lære og få ei god framtid,

seier Mohammad Haraza.

Eg kan drøyme, men - det er vanskeleg å

forklare. Du veit at for å leve godt er det

avhengig av korleis ein tener pengar. Men

eg har ikkje jobb slik at eg kan få pengar.

Derfor kan eg ikkje drøyme om noko,

seier Francesca Tué. Dersom ho hadde

hatt moglegheit til å drøyme, ville ho ha

ønskt å kunne kjøpe sitt eige hus.

Eg ønskjer å bli lege eller forskar, seier

Maria Jones. Ho kom til Noreg frå

Rwanda for tre år sidan, no går ho siste

året på vidaregåande skule. Til hausten

skal ho flytte for å studere. Ho kan gjerne

tenkje seg å flytte tilbake til Sogn etter

utdanninga, men kor ho skal bu avhenger

av kor ho får seg jobb når den tid kjem.

Framtida den er her på Davik, utan tvil!

seier Anne van Oorschot. Ho håper at om

20-30 år er Davik framleis ei bygd som

blomstrar, med mange kjekke menneske å

omgåast. Ho håper også at barna hennar

får ei fin framtid, med god helse, og - når

den tid kjem - at dei får jobbar dei trivst

med. Ikkje minst håper ho at barna, når

dei er ferdige med studiar og reiser, vil

flytte tilbake til Sogn og Fjordane. For,

som ho seier: her har vi så mange gode

verdiar og så mange moglegheiter!

For å høyre alle livsminneintervjua frå

Mangfaldige arkiv-prosjektet, sjå

www.fylkesarkiv.no.

Kjelder:

Stortingsmelding nr. 17 (2005-2006):

2008 som markeringsår for kulturelt

mangfold.

Facebook: Opprop for NEI til asylmottak

i Aurland

www.kommunal-rapport.no, 18.02.04

www.byarkivet.oslo.kommune.no

Fuglerud, Øivind 2001:

Migrasjonsforståelse. Oslo:

Universitetsforlaget

Takk til:

Nomeda Høgseth, Francesca Tué,

Mohammad Haraza, Mohamed Shute

Mohamud, Maria Jones, Liban Warsame

Liban, Zelfanya Tewelde, Jonathan Di

Blasi, Anne van Oorshot og Dag Olav

Osen.

Alle sitat er omarbeidd eller omsett av

artikkelforfattaren.
Etter andre verdskrigen hadde ni europeiske

statar kommuniststyre og jernteppet

som Churchill kalla det, hadde

lagt seg over Aust-Europa. Mange av

leiarane i dei kommunistiske partia

hadde opphalde seg i Sovjetunionen.

Kombinert med sovjetisk militært nærvær

i åra etter krigen skapte det grunnlag

for sterke kommunistiske styre.

I Ungarn vart kommunistpartiet det

einaste lovlege partiet i 1949. Partiet sin

leiar János Kádár hadde sterke band til

Sovjetunionen og var prega av stalinistiske

idear. I 1953 tok Imre Nagy over

som statsminister. Dette vart starten på

ein periode prega av oppmjuking i tilhøvet

til Sovjetunionen og arbeid med

politiske reformer.

Hjå ungararane skapte politikken til

Nagy krav og forventning om ytterlegare

demokratiseringsprosess. Tida

fram til hausten 1956 var prega av maktkamp

mellom Nagy og Kádár og begge

hadde sine periodar som statsminister.

23. oktober 1956 demonstrerte 200 000

menneske i Budapest med krav om fridom

frå Sovjetunionen. Nagy vart på

nytt satt inn som statsminister. Han sette

ned ei samlingsregjering og meldte

landet ut av Warszavapakta.

Stor merksemd i Vest-Europa

”I Ungarn opplever ein ikkje berre ei

nasjonal reising, men også eit politisk

oppreist mot kommunismen.

Vasalstatane vil ikkje lenger vera vasall.

Dei underkua vil ikkje lenger verta

underkua. Dei som har vore utnytta vil

ikkje lata seg utnytta lenger”. Dette sitatet

er henta frå Fjordabladet 2. november

1956 og illustrerer korleis situasjonen i

Ungarn var blitt eit tema for media i

heile Vest-Europa.

Medan Europa følgde med intervenerte

Sovjetunionens væpna styrker Ungarn

4. november 1956. Nær 20 000 ungararar

vart drepne og Sovjetunionen sytte

for at eit nytt undertrykksregime vart

etablert i løpet av kort tid. Sovjet kalla

demonstrasjonane i Ungarn ”kontrare-

volusjon” (Palmer (1995), s. 912) og

gjennomførte strenge rettsoppgjer.

Hendingane i november 1956 og oppgjeret

i etterkant, førte til masseflukt.

Minst 180 000 ungararar flykta til

Austerrike og 20 000 til Jugoslavia i

perioden frå vinteren 1956 til våren

1958.

6. november kunne abonnentane av

Fjordabladet lese om den Sovjetiske

intervensjonen: ”Sovjet-russiske fly

bomba i går Budapest. Fridomskjemparane

held fram med striden sjølv

om russarane har sendt ut sterke oppmodingar

om å leggja ned våpna”. I same

avisa var det også ei oppmoding om å

hjelpe Ungarn: ”Fridom og fred for ein

einaste dag. Det var alt Ungarn kunne

få. Det tappert kjempende ungarske folk

er atter under russarane sine klør. For

berre nokre dagar sidan lova russarane

at dei ville tinge om å drage troppene

attende. No har dei hersett landet.

Situasjonen er dypt tragisk. Framferda

til russarane har vekt ein storm av protestar.”

I Norsk innvandringshistorie (Kjeldstadli,

red. (2003)) drøftar Hallvard Tjelmeland

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Opprøret i Ungarn 1956 og

ungarske flyktningar i Noreg Av Karianne Schmidt Vindenes

Under demonstrasjonane hausten 1956 var ein statue av Stalin tatt ned og øydelagd av

demonstrantane.

korleis hendingane i Ungarn vart oppfatta

i Noreg og resten av Europa. Som sitatet

frå Fjordabladet 2. november viser, var

opprøret mot kommunismen viktig.

Fjordabladet har brukt ord som

”fridomskjempar”, ”det tappert kjempende

ungarske folk” og ”under russarane

sine klør” for å beskrive situasjonen.

Med den kalde krigen som bakteppe

vart ungararane sin kamp symbolet

på vesten sin kamp mot kommunismen.

I Noreg vart den sovjetiske

invasjonen fordømt av dei politiske

partia. Media rapporterte om dramatisk

flukt og vanskelege tilhøve i flyktningleirane.

Det vart skipa til fleire innsamlingsaksjonar,

og Raude Krossen si

innsamling var til dømes godt omtala i

Fjordabladet.

Ungarske flyktningar i Noreg

Etter den sovjetiske intervensjonen i

Ungarn flykta altså om lag 200 000

ungararar. Dei fleste til Austerrike der

det vart etablert flyktningleirar. Den

første tida var i følgje Norsk innvandringshistorie

Noreg sin politikk å

yte hjelp til flyktningane som opphaldt

seg i Austerrike og Jugoslavia, og

Stortinget løyvde ein halv million kroner

31
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

til hjelpearbeidet. Den store mengda med

flyktningar gjorde at Austerrike etter

kvart oppmoda andre land om å ta i mot

flyktningar.

Noreg bestemte at dei ville ta imot 1000

flyktningar og det vart etablert eit overføringsstyre

som skulle organisere mottaket.

Totalt kom det om lag 1500 flyktningar

til Noreg. Nordmenn hadde god

kunnskap om bakgrunnen flyktningane

kom frå og Norsk innvandringshistorie

seier at ”… verken før eller seinare har

flyktningar blitt møtt med så stor velvilje

og entusiasme” (Tjelmeland

(2005), s. 53)

Ulike land organiserte mottaket av flyktningar

på ulikt vis, og i Noreg var det

kommunane som fekk ansvar for mottak

og integrering i lokalsamfunna. I eit

rundskriv frå Styret for overføring av

ungarske flyktninger til Norge kan vi

lese at målet var å sikre flyktningane

rask tilpassing til det norske samfunnet.

Helseråda i kommunane fekk ansvar for

å undersøke alle flyktningar for tuberkulose

og kommunane hadde ansvar for

bustad- og arbeidsformidling.

Overføringsstyret presiserte kva sosiale

rettar flyktningane hadde krav på. Dette

32

Sovjetiske stidsvogner etter invasjonen 4. november 1956.

omfatta barnetrygd og sjuketrygd frå det

tidspunktet dei kom til Noreg, ulukkestrygd

frå det tidspunktet flyktningane

kom i arbeid, arbeidsløysetrygd og

pensjonstrygd etter gjeldande oppteningstider.

Rett til alderstrygd var

avhengig av at søkjar var over 70 år og

hadde budd i Noreg i fem år.

Overføringsstyret presiserte i rundskrivet

at dei einskilde trygdestyra

hadde høve til å fråvike kravet om fem

års opphald i landet.

Ungarske barn i Vågsøy

Sør-Vågsøy kommune var ein av kom-

Her kan vi sjå korleis statuen av Stalin vert dratt gjennom gatene i Budapest.

munane som tok i mot ungarske flyktningar.

4. september 1957 hadde Sør-

Vågsøy skulestyre opp ei sak om

”tilleggstimar for Ungarn-barn”. I

referatet kan vi lese at skulestyret ville

organisere opplæring for to ungarske

barn som hadde komme til kommunen.

Skulestyret hadde søkt om stønad til

ekstratimar og laga ein plan for undervisinga.

Barna frå Ungarn skulle gå i 3.

klasse som besto av 5., 6. og 7. årskull.

Nokre dagar gjekk alle kulla i lag, andre

dagar var dei delte og ungararane skulle

gå med alle tre kulla etter eit mønster.

Måndag og laurdag: heile 3. klasse, tysdag

og torsdag: 5. årskull, onsdag og

torsdag 6. og 7. årskull. Skulestyret laga

ein plan for skuleåret 1957/58. I åra

etterpå finn vi ikkje referanse til vidare

oppfølging av barna frå Ungarn.

Flest menn

Fleirtalet av dei ungarske flyktningane

som kom til Noreg var menn (sju av ti),

det var i hovudsak yngre folk med bakgrunn

som fagarbeidarar eller elevar ved

yrkesskular, berre eit fåtal hadde høgare

utdanning. Som vi kan sjå frå eit brev

frå Lærdal kommune, hadde også kommunane

klare forventningar om kva

flyktningar dei ville ta i mot.”…Lærdal

er viljug å ta mot ein familie på inntil 5

personar, kone, mann og inntil tre born,

ein ungdom i alderen 16-20 år og 2

born, i alt 8 personar. Dei vaksne må

vere kropsarbeidarar, og helst landsfolk”.

Ein av ti reiste tilbake

Vi har diverre ikkje tilgjenge til statistikk

som kan fortelje kor mange

ungararar som kom til Sogn og
Sovjetisk stridsvogn på gata i Budapest.

Fjordane. Dei nasjonale statistikkane

kan fortelje at talet har helde seg relativt

stabilt i Noreg. I 1950, før krisa i

Ungarn, budde det 198 personar med

fødeland Ungarn i Noreg. I 1960, nokre

få år etter krisa, var talet 1360. Totalt var

det komme om lag 1500 ungarske flyktningar

og etter tala i frå 1960 kan vi seie

at om lag 10% av flyktningane reiste

tilbake til Ungarn. I tiåra etter har talet

vore relativt stabilt: 1255 i 1970, 1254 i

1980 og 1305 i 1990.

Del di historie

Fylkesarkivet har kjelder som kan vere

med å dokumentere det praktiske vedrørande

ungarske flyktningar i Sogn og

Fjordane. Vi er også interessert i nytt

materiale som kan kaste lys over dei

ungarske flyktningane si historie i Sogn

og Fjordane.

Viss du kom som flyktning frå Ungarn

eller er etterkommar etter ein av flyktningane

vil vi gjerne at du tek kontakt

1950 1960 1970 1980 1990

Pers. Pers. Pers. Pers. Pers.

198 1360 1255 1254 1305

Viser folkemengd sortert på fødeland Ungarn og årstal.

1970 1980 1990 2000 2009

Pers. Pers. Pers. Pers. Pers.

Menn, Ungarn 909 938 991 903 1077

Kvinner, Ungarn 572 624 655 739 1018

Viser innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn (to utanlandske foreldre)

sortert på fødeland, kjønn og årstal.

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

med oss. Vi vil til dømes vere interessert

i bilete som er med på å fortelje historia

om livet i Ungarn, flukta og livet i

Noreg, dagbøker og korrespondanse

med familie i Ungarn eller andre land

Var du klassekamerat eller arbeidskamerat

med ein ungarar? Viss du har ei

historie å fortelje vil vi gjerne at du

kontaktar oss eller legg inn historia di i

digitalt fortalt (www.digitaltfortalt.no).

Kjelder:

Palmer, R.R. og Joel Colton (1995) A

History of the Modern World. Åttande

utgåve

Tjelmeland, Hallvard (2003) ”Del 1

1940-1975”. I: Knut Kjeldstadli (red.).

Norsk innvandringshistorie, bind 3, I

globaliseringens tid 1940-2000. Oslo

Lærdal kommune, formannskapet,

korrespondanse/sakarkiv 1957

Sør-Vågsøy kommune, skulestyret,

møtebok 1955-1963

Alle bileta er henta frå

www.Hungary1956.com, opplysning om

fotograf er ukjend.

33
kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Irske Potts-poteter i over hundre år

Osen gard i august 2008. Pottspoteter servert til kaffi på Potts-bordet i gardstunet.

Eit par dagar etter 17. mai kom det

melding frå Osen gard i Gaular:

Potts-potetene er komne i jorda! Det

har skjedd kvart einaste år sidan

slutten av 1800-talet. I 1878 kom

irlendaren William Trumperant

Potts til Osen for å fiska laks. Han og

to andre med namnet Potts åtte Osen

gard i mange år. Dei prøvde seg også

med setjepoteter frå Irland.

34

Eg skreiv eit stykke i Kjelda nr.

3/2008 om korleis det bar til at eg

sommaren 2008 fekk kjennskap til

irlendarane Potts på Osen gard. Eg

fortalde om Potts-poteten og om det

aller første møtet mitt med denne særs

spesielle poteten, i gardstunet attmed

eit steinbord med innhogde Pottsnamn

og årstal:

Eitt av Potts-potet-felta i Sogn 2009. Den første spira kom til syne alt 3. mai! Unn Karin

Kleppe på Osen gard skreiv då ho høyrde dette: "Eg er imponert kva de får til inne på

Systranda". Biletet viser feltet 4. juni.

Av Hermund Kleppa

Me sat attmed Potts-bordet, og det blei

spørsmål om eg hadde lyst på ein kopp

kaffi. Eg takka ja, sjølv om eg akkurat

då ikkje sakna noko som helst. Det

kom ei kaffikanne på plass, koppar,

syltetøy, kjeks, - og ei skål med femseks

poteter. Det siste stussa eg litt på,

men heldt det med meg sjølv. Poteter

til kaffien er ikkje daglegdags

servering.

Dei blei som rosina i pølsa, potetene.

Olav Johan [Mo, noverande eigar]

fortalde at det er poteter etter Potts.

Potts hadde med seg setjepoteter frå

Irland. Og så har dei dyrka desse

potetene kvart år seinare. Eg la merke

til at mor til Olav Johan kalla dei

potts-poteter. - Dei er ekstra rike på

stivelse, fortalde Olav Johan. Før i

tida hende det rett som det var at

naboar kom og fekk seg potts-poteter

når dei skulle baka poteteskaker.

Deigen blei fastare enn av andre slag.

Om kvelden, 13. mai, sette dei Potts-poteter

på Osen gard. Det har dei gjort i over 100

år.

No – i 2009 – er Potts-poteten komne

i jorda att på Osen gard, kanskje for

125. gongen. Og ikkje nok med det.

Henning Rivedal og underskrivne har

sett irske Potts-poteter i Sogn. Godt

åla og tidleg sette er dei alt komne til

syne på Røysafeltet. Me kjem til å

følgja "årets vekst" med age og

undring, både i Osen og på heimlege

trakter. Og me lovar ei melding om

"årets avling" i Kjelda til jul.
Vel blåst!

Kontaktkonferansen

2009 vart arrangert i

Flåm 27. og 28. april.

Dette er ein årleg

konferanse som kommunearkivordninga

arrangerar for personar

som jobbar

med arkiv i kommunane

og fylkeskommunen.

Koselege

Fretheim hotell var ei

fin ramme for konferansen

som samla i

overkant av 50 deltakarar.

Kontaktkonferansen

vart opna av ordføraren

i Aurland, Olav

Ellingsen. Han gav oss

ei fin reise gjennom kommunen i

ord og bilete. Programmet fortsette

med fleire interessante føredrag,

mellom anna fleire eksterne føredragshaldarar.

Frode Vik, IKTansvarleg

for skular og barnehagar i

Stryn kommune, presenterte

prosjektet Sikker sone Nordfjord.

Ordføraren i Aurland, Olav Ellingsen, opna

kontaktkonferansen i Flåm. Foto: Sturla

Binder.

Turen med Flåmsbana var eit populært innslag på konferansen. Foto: Sturla Binder.

Det er eit prosjekt i regi av alle

Nordfjord-kommunane som mellom

anna jobbar med å finna løysingar

for arkivering av arkiv frå skular og

barnehagar. Inge Manfred Bjørlin

frå Aust-Agder kulturhistoriske

senter er med i eit prosjekt som

jobbar med å samordna alle fagsystem

og sak-/arkivsystem frå tre

kommunar og Aust-Agder fylkeskommune.

I innlegget delte han ein

del av kunnskapane og erfaringane

sine med oss.

Det var eit variert program på konferansen,

der me også fekk høyra om

mellom anna arbeidet med arkivplan.no,

den nye offentleglova og

noko av det arbeidet som kommunearkivarane

held på med. Petter von

Krogh, kulturkonsulent i Aurland

kommune, fortalde om noko av

arbeidet på Lokalhistorisk senter i

Aurland. På Flickr, ei biletteneste på

nettet, har dei lagt ut bilete frå

kommunen. Her kan publikum koma

med tilbakemeldingar av ulik art.

Elin Østevik og Heidi Rohde Rafto

er tilsette på Fylkesarkivet i to ulike

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Av Marit Anita Skrede

prosjekt. Prosjekta vart presenterte

på konferansen. Elin er prosjektrådgjevar

i Europeana Local, eit EUprosjekt

som arbeider med å gjera

digitalt innhald frå lokale og regionale

ABM-institusjonar i Europa tilgjengleg

via ein felles fleirspråkleg

portal. Heidi dokumenterar mangfald

i fylket vårt ved å intervjua innvandrarar

frå ulike land og verdsdelar

om møtet med Sogn og

Fjordane.

Det sosiale er viktig på kontaktkonferansen.

I tillegg til god mat,

ynskjer me å sjå litt av den staden

me vitjar. Sidan konferansen vart

halden i Flåm, var Flåmsbana eit

naturleg val for utflukt. Dette var

tydelegvis noko som fall i smak, for

dei fleste av deltakarane gjorde seg

nytte av dette tilbodet. Diverre vart

det litt grått då me tok bana til

Myrdal og tilbake måndag ettermiddag.

Det var likevel ein fin tur,

og me let oss imponera over dei som

i si tid bygde denne spektakulære

bana.

35
Retur:

FYLKESARKIVET

Askedalen 2

6863 Leikanger

ISSN 0803-9682

Før: Biletet syner Hafstad i Førde ein gong mellom 1910 og 1920. Utsikt frå Hafstadbakken mot fjorden. Gardsbusetnaden

på Hafstad i framgrunnen og den framveksande tettstaden bak. Foto: Olai Fauske.

No: Utsikt frå grustaket på Hafstad i 2009. Her er det nesten berre horisonten som er gjenkjenneleg. Foto: Sturla Binder.