23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

FRAMSYNING 89

element. Here belong Isocrates and his immediate followers", (2) "the treatment of a

paradoxical theme, a mere jeu d'esprit", (3) alt det som ligg mellom desse to

yttarpunkta. (Burgess 1902, 96-97.)

Ved å utdjupa det epideiktiske som eit mangfald, gjer Burgess det som mange

vil sjå som eit terminologisk problem, til ein kraftfull teori. Førestillinga om grad av

framsyning kan relaterast til skrift-begrepet, til førestillinga om grad av utpeiking i

kontekst, og til diksjons-begrepet, til førestillinga om glidande overgang mellom

brukstekst og estetisk objekt, som er nedfelt i teorien til Genette. Her er det ikkje

minst på sin plass å minna om den freistinga som Genette åtvara mot, nemleg å gjera

bruk og estetikk til kategoriar som gjensidig utelukkar kvarandre; at epideiktisk for

ein del blir oppfatta som "rein" kategori, utelukkande orientert mot framsyning,

tyder på at motstanden mot freistinga kan ha vore svak.

Teorien til Burgess er aktuell for Holbergs reflekterande prosa der framsyning

som varierande innslag er eit sentralt tekstleg element. Dette blir konkretisert i dei tre

hovudkapitla om brev, paradoks og enkel stil nedanfor.

Metaspråk og figur

I ei nyare avhandling gjer Richard Lockwood greie for eit syn som langt på veg

samsvarer med det Burgess forfektar.

Lockwood ser den epideiktiske teksten som dobbel, dvs. at den både peiker ut

i og bøyer av overfor sin historiske kontekst, og han etterlyser ei lesing som tar

omsyn til denne doble naturen, som nærmare bestemt kan gjera greie for at

epideiktisk litteratur på den eine sida - til liks med skjønnlitteraturen - har ei

sjølvmedviten utforming og er laga utan tanke på direkte nytteverdi, og på den

andre sida - til skilnad frå skjønnlitteraturen - er tiltenkt ein sosial, politisk, religiøs

eller filosofisk funksjon. Lockwood analyserer eit tilfang av tekstar som er klart

forskjellig frå Holberg-essayet (Platon, Aristoteles, Bossuet, Racine og Pascal).

Likevel er det som han kallar tekstens doble natur, og som han samlar i begrepet

lesarens figur (som også er tittel på boka), karakteristisk for all epideiktisk litteratur.

For Lockwood er metaspråk, sjølvrefleksjon og sjølvinkluderande utsegner

det essensielle. "[T]he persistence of metadiscourse can be found everywhere in th e

epideictic" (Lockwood 1996, 20). Når han spør om kva verknad det har på lesaren at

teksten reflekterer over seg sjølv og si eiga lesing, spesifiserer han spørsmålet som eit

retorisk spørsmål, eller som retorisk analyse: Kven gjer kva

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!