23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

88 KAP. 2.3

skarpe skilje mellom deltakar og tilskodar. Tankegangen Hos Aristoteles er grovt

formulert at det som ein lovpriser, vil ein også argumentera for. Til støtte for dette

tøyer han førestillinga om kva ein dommar er. Ikkje bare dommaren i

rettsforsamlinga, men einkvar som ein forsøker å overtala, er dommar. "Forholdet er

det samme med festtalen. Den komponeres nemlig med henblik på, at det er

publikum, der skal virke som dommer." (Aristoteles Retorik II.13.1; Vickers 1988, 54.)

I staden for å skilja epideiktisk litteratur skarpt og eintydig frå annan

litteratur, i staden for å sjå det epideiktiske som reindyrka fenomen, lausrive frå alle

meiningsfulle samanhengar, slik som ofte skjer når det blir knytt til sofistikken og

øvingsretorikken, legg Burgess vekt på at store delar av antikk (særleg gresk)

litteratur inneheld eit vesentleg epideiktisk element. Dette gjeld sentrale sjangrar

som historiografi, filosofi, poesi, osv. Det omfattar ikkje minst ein filosof som Platon:

Taking the term "epideictic" in its widest application - a style of prose in which

ornateness is introduced in a conscious effort to please, Plato is a most conspicuous

example of its use (Burgess 1902, 215).

Særleg er denne vektlegginga av eit epideiktisk element i filosofi eit interessant

korrektiv til den sterke trongen til polarisering mellom retorikk og filosofi som har

vore rådande i både eldre og nyare tid.

Burgess avviser dei utbreidde førestillingane om ein "rein" og snever kategori,

bare orientert mot pynt, leik, spel. Han ser heller ikkje sofistikken og

øvingsretorikken som representative for epideiktisk litteratur, men åtvarer i staden

mot å gi desse tradisjonane for stor betydning. Det han argu menterer for, er ein vid

kategori som rommar eit tematisk mangfald.

Thus epideictic oratory varies greatly in the themes which it may treat. According to one

conception, it had a comparatively narrow field into which praise and blame entered as a definite

and easily distinguishable, usually the most prominent, element. This was especially true of its

earlier theoretical treatment. Its practice was always wider than its theory. There was also the more

comprehensive view by which it came to include the "occasional speech" of almost endless variety

in theme and treatment. This is illustrated to some extent in the time of Socrates, but more

especially in the period known as the second Sophistic. (Burgess 1902, 96.)

Grunntanken er at eit element av framsyning kan gjera seg meir eller mindre

gjeldande. På grunnlag av sin inklusive definisjon deler han det epideiktiske feltet i

tre. (1) "that [class] characterized by elevation of subject and a certain practical

application usually arising from the admixture of the deliberative

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!