23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

FRAMSYNING 87

Andersen 1995, kap. 9), noko som gjorde scenen fri for denne Askepott. Epideiktisk

retorikk kom ikkje bare til å dominera taleretorikken, men underordna seg også

litteraturen og fekk stor innverknad på litteratur i mellomalder og renessanse

(Curtius, 69; Vickers, 59 og 61).

Grad av framsyning

Til alle tider har epideiktisk retorikk vore ein kontroversiell kategori, forakta av

nokon, høgt skatta av andre. Denne variasjonen i vurdering kan relaterast til

spenninga mellom ei snever og ei vid oppfatning. Standard -innføringa til Theodore

C. Burgess frå 1902 stiller ein vid og ein snever definisjon opp mot kvarandre. Den

snevre, basert på skiljet mellom deltakar og tilskodar hos Aristoteles og brukt om

tekst der framsyning er det sentrale og der hugnad er viktigare enn informasjon,

kjem til uttrykk hos bl.a. Cicero:

I de andre talearter d.v.s. i den historiske redegørelse og i den såkaldte epideiktiske foretrækker

jeg, at alt formes i Isokrates' og Theopompos' stil med en periodeinddeling, således at talens forløb

ligesom indesluttes i en cirkel, indtil den når til vejs ende, med de enkelte sætninger harmonisk

afrundede. Efter at denne periodisering blev skabt […], har ingen, som blot nød nogen anseelse,

skrevet taler af den art, som er beregnet til underholdning og in tet har at gøre med retstaler og

debatten på Forum, uden at give næsten alle sætninger en regelret og rytmisk form. For da der her

ikke er tale om en tilhører, der frygter at blive offer for den kunstfærdige retoriks rænker, er han

tværtimod taleren taknem lig for, at han tjener ørets lyst. (Cicero Orator 61, 207-8.)

Ei slik oppfatning vil utelukka emne av praktisk art, der tilhøyraren primært er

opptatt av spørsmålet som blir drøfta, eller argumenta som blir brukte, eller der dei

konklusjonane ein kjem fram til, vedkjem tilhøyrarens eigne interesser. Ein

overflødig stil er det som framfor alt kjem i forgrunnen; denne set til og med

omsynet til sanninga til side. Denne oppfatninga er ifølgje Burgess ikkje

representativ for epideiktisk litteratur, men har ikkje desto mindre blitt eit urettvist

generelt inntrykk (Burgess 1902, 94-95).

Som korrektiv til dette viser han til ei meir inkluderande forståing, nærmare

bestemt til tidleg gresk tradisjon som ikkje skilde så klart mellom sjangrane, og til

Quintilian som reserverte seg mot reine talesjangrar, og mot å forstå epideiktisk tale

som utelukkande framsynande. (Burgess 1902, 95). Ikkje minst finn han støtte hos

Isokrates som rekna deliberativ tale som ei u ndergruppe av epideiktisk, og som

tilskriv epideiktisk tale ein pragmatisk eller overtalande funksjon. Ifølgje Brian

Vickers finn ein det same hos Platon, ja t.o.m. hos Aristoteles, noko som inneber at

Aristoteles modifiserer sitt eige

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!