23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

86 KAP. 2.3

kvarandre; særleg var grensa til deliberativ tale uklar. Også seinare i antikken blir

det reist innvendingar mot den strikte tredelinga, bl.a. tar Quintilian ope til motmæle

mot å sjå sjangrane som klart separate i forhold til kvarandre; kvar av dei vil alltid

innehalda element frå dei andre, hevdar han (Quintilian Inst. orat. III.iv.16).

Systemet til Aristoteles er basert på bare eitt kriterium: kommunikativ

funksjon, nærmare bestemt tilhøyrarens rolle. Men også andre kriterium har blitt

gjort gjeldande. Ikkje minst har sjangeren blitt bestemt etter innhald, nærmare

bestemt som lovtale eller klandertale. Allereie Platon og Aristoteles knyter det

epideiktiske til etikken og ser ros som passande respons på dygd, og klander som

passande respons på last (Vickers 1988, 54-55). I tillegg førekjem avgrensingar på

formelt grunnlag, der det epideiktiske blir forklart anten generelt som språkpynt eller

på grunnlag av topoi frå lovtalen. Lovtalen utgjer den viktigaste enkeltsjanger

innanfor det epideiktiske feltet (Burgess, 113), og utviklar tidleg eit fast mønster,

noko ein kan sjå f. eks. hos Platon som karikerer dette skjemaet i dialogen Symposion

(jfr. talen til Agathon: "Jeg vil da begynde med at sige, hvorledes man bør holde en

sådan tale, og derefter holde talen"; Platon Symposion 194 E) og i dialogen Menexenos

(som parodierer gravtalen til Perikles, slik me kjenner den frå Thukydid

Poloponneserkrigen II. 35-46). Det har vore ein tendens til å la lovtalen representera all

epideiktisk retorikk, noko som er misvisande all den tid det er ei rekke andre

sjangrar som høyrer feltet til. Burgess gjer såleis greie for fire hovudsjangrar, men

understreker at desse ikkje uttømmer heilskapen, bare kan seiast å vera representative

for den. D. A. Russel og N. G. Wilson gir uttrykk for eit liknande syn (Menander

Rhetor, xx). Ikkje desto mind re har det blitt vanleg å la mønsteret frå lovtalen

representera det epideiktiske. Dette gjer seg i utprega grad gjeldande hos Menader

Rhetor. Ei jamføring mellom han og Aristoteles viser ein stor variasjon i teoretisk

perspektiv. Medan Aristoteles er generell i sitt utsyn og ikkje aktar særleg på

spesifikke former, er det omvendt hos Menander som har få generelle merknader,

men gjer utførleg greie for topoi frå lovtalen (Burgess, 106-108).

Det er nok eit slikt sprikande og mangfaldig bilete Øyvind Andersen refererer

til når han kallar epideiktisk retorikk for "problembarnet blant talesjangrene"

(Andersen 1995, 30-33; uth. her). Brian Vickers er meir spesifikk i metaforikken når

han kallar dette problembarnet for Askepott: Først vurdert som uvesentleg og

mindreverdig i jamføring med "storesøstrene" - forensisk og deliberativ tale - som

hadde høg prestisje i demokratia i antikken, men som viste seg å bli mindre

attraktive då folkestyra forsvann (Tacitus Dialog om talarane 40;

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!