23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

VIDD

Denne inndelinga nyanserer posisjonane i striden mellom dei gamle og dei moderne,

og den utgjer ei tenleg referanseramme for Holbergs posisjon. Som faghistorikar

plasserer han seg blant dei gamle. Dei historiografiske utgreiingane hans er sjølvsagt

ikkje utan dokumentasjon, men det er ikkje der hans dømmekraft har sitt fundament;

den er basert på vidd. Dette ytrar seg ved ein tendens til å la resonnering og

refleksjon styra historieforteljinga. Refleksjonen kan ha mange attitydar, den kan

vera nøkternt vurderande, eller satirisk, eller på sofistisk vis gjera antitesen eller

paradokset til eit mål i seg sjølv.

Her er tre fyldige eksempel som viser noko av spennvidda i innslaget av

refleksjon. Det første, frå kapitlet om Christian den fjerde i Danmarkshistoria, er ei

typisk eksempelberetning, avrunda med ein kommentar som tydeleggjer kva det er

historia illustrerer.

Paa denne Herredag blev først foretagen en Sag angaaende 3 unge Herrer, som h avde

overfaldet og læmlæsted en ved Navn Peder Skram. Da Dommen skulde afsiges,

merkede den unge Konge, at nogle af Raadet gierne ønskede, at denne Gierning ikke

paa dette Skarpeste maatte ansees i Henseende til Personernes Qualitet, hvorudover

han spurte Rigets Raad, om Loven intet udtrykkeligen mælder om, hvad der skulde

følge paa saadan Misgierning. Og, da Cancelern der til svarede, at den Skaanske Lov

alleene taler noget derom, nemlig at derfor skal bødes Ære og 3 Mark, men at saadant

ikke kunde appliceres til de andre Provincier, saasom enhver havde sin Lov, da stod

Kongen op, og med alles Forundring sagde, at en Misgierning burde straffes, hvor

den end er skeed, og fældede Dommen saaledes: De skulde straffes paa deres Ære og

bøde deres 3 Mark […] Denne Dom, som den unge Konge afsagde med saadan

Gravitet, jog saadan Skræk i det heele Raad, at ingen turde oplukke sin Mund for at

indvende noget derimod, og saae man af denne Action tydeligen, hvad denne unge

Konge førde i sin Skiold, og at han vilde blive en stor Regent. (SS, VII, 402.)

Historia er eksemplarisk i meir enn ein forstand. I tillegg til å visa korleis denne

regenten er, viser den korleis Holberg er, nærmare bestemt korleis han trekker fram

historier som viser styrke og handlekraft når han teikn ar biletet av ein av sine

favoritt-regentar. Kongens storhet er at han klarer å handtera eit dilemma, ein

umogleg situasjon. (At "medaljen" også har ei bakside - monarken set seg jo ut over

lova med si robuste handling - bekymrar ikkje forfattaren; den sterke kongen har rett

til slikt.)

Dei to neste eksempla, begge frå kyrkjehistoria, er langt meir utprega, og viser

korleis refleksjonen tar overhand og drar av garde med beretninga. Først omtalen av

Fotius (800-talet), ein geistleg innan den austlege eller greske kyrkja som var i meir

eller mindre kontinuerleg krangel med pavekyrkja i Roma. Han blei ekskommunisert

av så mange som 7 pavar, av nokre medan han levde, av

81

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!