23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

80

KAP. 2.2

frå grunnen. Det er truleg derfor at han blir langt meir detaljert i andre delen, med

hyppige sitat frå dokument og aktstykke. Så er det også første del som har blitt

kritisert for å vera overfladisk og andre del som har blitt rost for å vera nyskapande.

Holberg kan drøfta kjelder og påkalla skiljet mellom sanning og "Fabel".

Likevel er han ikkje kjeldekritisk i slike vurderingar. F. eks. er den omtalen han i

kyrkjehistoria gir av det falske pavebrevet heilt utan referanse til filologisk metode.

(SS, X, 351 og 354.) Og det blir på tilsvarande vis når han drøftar spørsmålet om den

kvinnelege paven, Johanna Papissa. Stridens kjerne er ganske enkelt om det er sant at

denne kvinna rådde over den vestlege kyrkja eit par år på 800-talet. Argumenta for

går stort sett ut på at ho blir nemd i visse kjelder, argumenta mot at ho ikkje blir

nemnd i andre. I ei av kjeldene, eit verk av Martinus Polonus, er det t.o.m. slik at ho

blir omtalt i nokre utgåver, men ikkje i andre. Spørsmålet blir då - hos Holberg - om

historia om den kvinnelege paven er tilføydd i dei eksemplar der den finst, eller om

den er utradert av dei eksemplar der den ikkje finst. Holberg heller til den siste

forklaringa, "efterdi Historien er forargelig og haanlig for det Romerske Sæde" (SS X,

356). Det ytste argumentet blir såleis ikkje eit spørsmål om sikker dokumentasjon,

men forfattarens skjønn som er farga av forfattarens sympati for protestantismen og

antipati mot katolisismen. På liknande grunnlag kan han hevda at dei norrøne

skaldediktarane (hoffpoetane) er pålitelege fordi "hykleri og smigren havde paa den

tid intet sted blant disse folk, saa at der er intet poetisk udi deres vers uden riimene"

(SS V, 276). Til tider avfeier han ope og eksplisitt kravet om sanning, eller rettare:

han underordnar sanninga omsynet til nytte, f. eks. i den noko fantasifulle

beretninga om "Hrolf Krak" i Danmarkshistoria som blir avrunda slik: "Hvis ikke

denne Historie er sand, saa er den dog opbyggelig […]" (SS, VI, 50).

Holberg får ros for si dømmekraft og samstundes ris for manglande kritisk

sans. Dette er ingen motsetnad, men gjer det nødvendig å skilja mellom to slag

dømmekraft, slik engelskmennene gjer når dei skil mellom wit og judgement. John

Locke formulerer det slik.

For wit lying most in the assemblage of ideas, and putting those together with

quickness and variety, wherein can be found any resemblance or congruity, thereby to

make up pleasant pictures and agreeable visions in the fancy; judgment, on the

contrary, lies quite on the other side, in separating carefully, one from another, ideas

wherein can be found the least difference, thereby to avoid being misled by

similitude. (John Locke, Essay Concerning Humain Understanding, 1690; her sit. etter

Wimsatt og Brooks 1970, 231.)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!