23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

VIDD

Ifølgje Paludan-Müller bøyer Holberg av fordi arbeidsmåten til dei moderne

samtidshistorikarane er radikalt annleis enn hans arbeidsmåte og hans

grunnleggande oppfatning av historia. Når Holberg vurderer sine kjelder, er det

utelukkande på grunnlag av sin eigen sans for kva som er rett og rimeleg, og ikkje,

som f. eks. hos Gram, på grunnlag av dokument og arkivalia. Å legga det nye

historiefaget til grunn for sin eigen historiografi, ville for Holberg ha vore å gå "over

paa et fremmed videnskabeligt Standpunkt, altsaa have svigtet den Genius, der

havde gjort ham til en stor Mand". Gram slår inn på ein ny bane i historieforskinga,

"hvor Holberg hverken kunde eller vilde følge ham". Holberg vender seg ifølgje

Paludan-Müller bort frå historiefaget og historiografien fordi h an ikkje kan noko

med kjeldekritikken (Paludan-Müller 1883, 53).

Tekstomtale

I sin "Betænkning over Historier" innrømmer Holberg at han ikkje maktar å oppfylla

dei krav som han sjølv stiller til god historiografi (Værker i tolv bind, VIII, 94; SS, VIII,

12). Dette er ikkje falsk beskjedenhet, men ein rimeleg dekkande karakteristikk. Sjølv

om han f. eks. tar avstand frå historieverk ordna etter eit enkelt kronologisk prinsipp,

kan hans eiga framstilling til tider bli nokså annalistisk i sitt tilsnitt.

Eg skal kort peika på nokre fleire motsetnadsforhold.

Dannemarks og Norges Beskrivelse har som utgangspunkt og overordna plan å

sjå tvillingrika i eit generelt kulturhistorisk perspektiv; historia blir trekt inn for å

gjera nåtida begripeleg, forklara kvifor verda har blitt slik den har blitt. Denne

planen blir til ein viss grad også realisert utover i første del av verket der det er eigne

kapittel om bl.a. regjering, religion og universitet. Eit kort og illustrerande eksempel

er historia om flatbrødet som Holberg tilliks med Peder Clausen meiner nordmenn

har funne på å baka som følge av uåra på 1600-talet (SS, V 190). Men så kjem eit brot

ved kapittel VI ("Om de Danske Konger af den højlovlige Oldenborgske Stamme")

som er rein kongerekke-historie og utgjer så mye som omtrent halvparten av verket.

Det historiebegrepet som Holberg forfektar, blir her med eitt monaleg innsnevra; i

staden for indre forhold i landet, kjem kongane i fokus, særleg deira konfliktar med

utlandet, særleg deira krigar.

Også Danmarkshistoria har eit merkbart skilje omtrent midtvegs: Perioden

fram til 1588 omfattar halvparten av verket, medan den resterande delen handlar om

kun to regentar, Christian den fjerde og Frederik den tredje, altså perioden 1588 -

1670 (der historia sluttar). Medan Holberg for første dels vedkommande kunne stø

seg på eldre historieverk, måtte han i andre delen sjølv bygga alt opp

79

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!