23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

VIDD

nærmare greie for i det følgjande, først med tilvising til Holberg-litteraturen, deretter

ved omtale av tekstane.

Holbergitteraturen

Det er ein generell dom at Holberg for ein del er nyskapande som historikar. Allereie

samtida rekna han som banebrytande i kraft av at han skreiv samanhengande

historie i ein folkeleg og ledig stil; hans historie er "den förste […] i Norden som man

kan lese uden Vemmelse" seier Sneedorff (Sneedorff 1759, 41). "Hans Danmarks

Historie er endnu den bedste, vi have paa vort Sprog", seier Peter Fr. Suhm (Suhm

1789, IV, 308). Dessutan opererer han med eit utvida historiebegrep, slik ein ser

tendensar til i samtidig historiografi i både England og Frankrike. Voltaire gir

uttrykk for at historia ikkje bare bør handla om kongar og krigar, men ha eit breiare

blikk på utviklinga og gi plass til beskriving av næringsliv, handel, utdanning,

kultur, osv. Ei liknande haldning finn ein hos Holberg, i både teori og praksis. Ellen

Jørgensen understreker at han set ord på slike tankar før Voltaire, og likeins før

tilsvarande figurar i engelsk samtid (Gibbon og Hume) (Jørgensen 1931, 186).

Eit anonymt skriv, forfatta på fransk truleg kort tid etter Holbergs død,

inneheld ei vurdering av forfattarskapen. Skrivet er utforma som fortruleg brev til

ein venn, dvs. same type brevfiksjon som Holberg sjølv gjer flittig bruk av i sine

Epistler: "Je reviens a Votre lettre, Monsieur, dans laqvelle Vous me demandez: qvel

est mon sentiment de Mons r d'Holberg et de ses ouvrages?" (Bruun 1870-71, 210). I

omtalen av historieverka rosar den anonyme forfattaren Holberg for å praktisera eit

nytt og utvida historiebegrep, og han understreker at det krevst forstand og

dømmekraft for å laga eit slikt verk.

[…] au lieu de remarqver le nombre des morts et des blessés dans les combats, il

instruit le lecteur de ce qvi a brouillé les parties, il parle des prog rès de leurs armes, de

la conduite des généraux, autant qv'il convient à un historien, et il n'oublie jamais de

dire, qvels ont été les effets de la victoire; d'avoir fait fleurir le commerce, d'avoir

protégé le mérite, soutenu les sciences et les arts, d'avoir contribué au vrai bonheur du

peuple […]. […] pour écrire une histoire comme celle, dont je parle, il faut un

jugement exact, un esprit, qvi sçait réfléchir et pénétrer jusqv'aux causes les plus

cachées d'un événement. (Bruun 1870-71, 218.)

Historikaren Caspar Paludan-Müller gir ei liknande vurdering. I lys av at det

er eit utvida historiebegrep Holberg praktiserer, og i lys av at han drar nytte av eit

stor kjeldetilfang, omfattande også nyare samtidig forsking, får han ros særleg for si

evne til syntese; Paludan-Müller framhevar seleksjon og val som den

77

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!