23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

76

KAP. 2.2

faghistorikar utmerkar ikkje Holberg seg på nokre av desse felta. Det er visstnok

heller ingenting som tyder på at han har fungert godt eller følt seg vel i rolla som

undervisar. Hans viktigaste rolle som faghistorikar var historiografens.

Holbergs eigne refleksjonar om historieskriving

Innleiinga til tredje tome av Danmarkshistoria, "Betænkning over Historier",

inneheld bl.a. to distinksjonar som også kan brukast som referanseramme for

Holbergs eigen historiografi.

For det første skiljet mellom enkelt og vanskeleg, som Holberg formulerer

som eit paradoks: Ingenting er enklare, men ingenting er heller vanskelegare enn å

skriva historie. Viss historia kun dreiar seg om "forbigangne Tings simple Beretning"

(Værker i tolv Bind, VIII, 81; SS, VIII, 3), er det ei enkel sak, likeins viss det som blir

gjengitt, bare er sitat frå "Krøniker og Dagregistere" (Værker i tolv Bind, VIII, 88; SS,

VIII, 8), eller detaljerte opplysningar om kongar og krigar. Viss historia derimot tar

mål av seg å "efterforske grunden til alting, og hvorfor de ere skeede", dreiar det seg

om ei vanskeleg og krevjande oppgåve. Dette minner om skiljet mellom

"Ihukommelse" og "Skiønsomhed" som Holberg påkallar i mange samanhengar, f.

eks i kyrkjehistoria der han karakteriserer stilen til den franske erke-biskopen

Hinkmarus som"vidtløftig og forvirred", og skriftene hans som "fulde af Parentheser

og Citationer, saa at de samme give meere tilkiende en stor Læsning og Ihukommelse

end Skiønsomhed" (SS X, 352.23-25.)

For det andre skiljet mellom underhaldning og nytte. Her kjem toposen

historia magistra vitae klart til uttrykk.

[…] Historie er en gandske anden Ting end Folk gemeenligen indbilde sig, nemlig

noget som skrives for Tidsfordriv, i hvilken Henseende man seer de fleeste at

alternere med Kortspill og Historiers Læsning for at faae Ende paa Dagen, som man

siger, og at have noget at amusere sig med de lange Vinter-Aftener. Men det er

aldeeles ikke i den Henseende at gode Historier fornemmeligen skrives, men for at

underviise og at være et Speil, hvorudi man af forbigangne Ting kand see og dømme

om tilkommende, lære at kiende sig selv tillige med andre, og erhverve sig den

solideste Kundskab udi Morale, Jure publico og Stats-Sager, udi hvilken Henseende

Historiers Læsning fornemmeligen recommenderes Regentere og høje Stands

Personer, som det allervigtigste af verdslige Studiis. (Værker i tolv Bind, VIII, 100-101;

SS, VIII, 16-17.)

Desse to distinksjonane kan tena som utgangspunkt for å sjå Holberg både

som nyskapande og tradisjonell i si rolle som historiograf. Dette skal eg gjera

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!