23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

VIDD

For det andre blir "Historie" brukt i singularis, mot før i pluralis. Til grunn for

denne "singulariseringa" ligg førestillinga om at bakanfor historiene finst Historia, i

bunden form eintal, dvs, ein idé om ei lov, ein orden eller plan i tilveret. Ei kollektiv

eintalsform gjorde det mogleg å uttrykka tankar om historia som samanhengande.

For det tredje får historia ei historiefilosofisk orientering, ikkje i form av metaspråk i

vitskapsteoretisk forstand, men som ei form for historieskriving, med vekt på

heilskapen i historia forklart ut frå eit gjennomgåande, styrande prinsipp. Det fjerde

og femte symptomatiske punktet dreiar seg begge om at historiebegrepet blir

lausrive frå fortida og bunde til framtida. For eit moderne medvit er framtida ukjent,

usikker, utan sikkert erfaringsgrunnlag, samstundes som den skal og må planleggast.

I dette perspektivet blir d et ikkje fortida som gir historisk autoritet, men framtida,

forstått som det som kan formast. Førestillinga om "sjølv-gjort historie" erstattar

førestillinga om historia som gitt. Historia blir forstått på grunnlag av dei mål ein

tilskriv den; det er såleis framtida og ikkje fortida som gjer historia til livets

læremeister. Den klassiske toposen er fullstendig invertert.

Holberg og historia

Holberg er opptatt av historie, og i hans tilfelle kan denne interessa knytast til nokre

enkle faktum: Éit slikt faktum er at han frå 1730 er professor i historie ved

Københavs Universitet. Eit anna er at han skriv ei rekke historiografiske verk; desse

er både mange og store og utgjer største grupp e av tekstar innanfor hans samla

produksjon. Eit tredje faktum er at han i 1736 blir kvestor (eller forretningsførar) ved

universitetet og dermed fritatt leseplikt som historieprofessor; dette inneber at han

trekker seg frivillig tilbake som faghistorikar. Og endeleg kan som eit fjerde punkt

nemnast at historie gjer seg gjeldande også i hans reflekterande prosa: Det er éin ting

at ein del av stykka, særleg i Ep, handlar om historiske emne, eller inneheld

historiografiske drøftingar, dvs. refleksjonar om korleis historieverk bør skrivast.

Men langt viktigare er det at Holberg brukar historia - eller rettare historier - i sine

essays.

Faghistorisk kontekst

I sitt utsyn over dansk historiografi karakteriserer Ellen Jørgensen 1600-talet som

tida for stoffinnsamling, nærmare bestemt innsamling av kjelder og dokument til

dansk historie. I kjølvatnet av dette kjem kjeldekritikken, "der voxer frem af de

Modsigelser, der aabenbarer sig i Kildematerialet" (Jørgensen 1931, 117). Som

75

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!