23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

74

KAP. 2.2

Eit sentralt spørsmål i den engelske battle gjaldt historieforsking og historieskriving.

Korleis debatten arta seg i England, skal eg ikkje gå nærmare inn på (Levine 1994,

267-413), bare kort peika på dei grunnleggande m otsetnadene mellom gammal og ny

historieoppfatning.

Den haldninga dei gamle hadde til historia, var imiterande, og kan samlast i

førestillinga om historia som livets læremeister. Tyskaren Reinhart Koselleck gjer

greie for korleis denne førestilling går i oppløysing på 1700-talet (Koselleck 1985).

Toposen (historia magistra vitae) var ifølgje Koselleck leiande for

historieskrivarar frå antikken og til det 18. hundreåret. Sjølv om den kan variera mye

- frå å vera emblematiske oppslag i forord til å gjennom syra framstillinga som

heilskap - er den gjennomgåande ein indikasjon på ei førestilling om

menneskenaturen som eins og uforanderleg, ei oppfatning som plasserer

mulighetene til menneska innanfor eit historisk kontinuum, eit erfaringsrom som

ikkje endrar seg, og som gjer det mogleg for historia å ha ein instruktiv funksjon.

Utviklinga av eit moderne historiebegrep blir forklart som ei oppløysing av denne

toposen og dei førestillingane som ligg til grunn for den.

Koselleck forklarer overgangen i fem symptomatiske punkt. For det første

som ei endring i forholdet mellom dei to tyske substantiva "Historie" og

"Geschichte". Tradisjonelt skilte det tyske språket mellom "Historie" (i tydinga

'undersøking, rapport, kunnskap, beretning') og "Geschichte" (i tydinga 'hending').

Midt på 1700-talet skjer ei kvantitativ semantisk forskyving; "Geschichte" kjem til å

omfatta både beretning og hending, og "Historie" går av bruk. I kjølvatnet av denne

kvantitative endringa kjem ei kvalitativ: Handlingskonteksten, det som lig g bakanfor

hendinga, blir innlemma i kunnskapsfeltet som såleis ikkje lenger bare er historia slik

den blir fortalt, men også dei spesifikke føresetnadene som ligg til grunn for den.

Dvs. at historia blir oppfatta som noko meir enn ei eller anna beretning, noko som

inneber eit motsetnadsforhold mellom sjølve historia - det som eigentleg skjedde - og

beretninga om den. Ved at dei hendingar som historia handlar om på denne måten

blir kontekstualiserte, dvs. sett i lys av sine spesifikke samanhengar og føresetnader,

blir dei også forstått som eineståande. Og hendingar som er eineståande, kan ikkje

vera instruerande, slik som eksemplariske historier er det.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!