23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Kap. 2.2

Vidd

Striden mellom dei gamle og dei moderne

Kva status antikken bør ha som førebilete har vore gjenstand for drøfting opp

gjennom tidene, ikkje minst under og etter renessansen. I generell form har

spørsmålet vore om grekarane og romarane står over etterkommande slekter eller

om ettertida kan overgå dei gamle. På slutten av 1600-talet blir spørsmålet

aktualisert i to meir avgrensa og meir intense debattar, éin i Frankrike, den såkalla

"querelle des anciens et des modernes", og éin i England, der den fekk namnet "The

battle of the books". Her blir spørsmålet om forholdet til tradisjonen spesifisert.

Joseph M. Levine gjer greie for den engelske "battle", og han ser kjernen i

striden som eit paradoks som kan førast tilbake til renessansehumanistane. På den

eine sida gjorde dei direkte bruk av klassikarane på imiterande vis, og la smak, vidd,

instinkt til grunn som vurderingskriterium for denne aktiviteten. På den andre sida

kravde dei kunnskap om dei klassiske tekstane, den konteksten dei stod i, det

samfunnet dei var ein del av, noko som var ein aktivitet av eit anna slag, med sikker

dokumentasjon som avgjerande kriterium. I engelsk tradisjon har dei to haldningane

fått namna wit og erudite, to haldningar med ulike og uforeinlege målsettingar.

Forstått slik dreiar striden seg ikkje om å vera for eller imot dei gamle, men

om ulike "blikk" på tradisjonen. Dei moderne er ikkje avvisande til tradisjonen. Tv ert

imot er deira posisjon forankra i ei glødande interesse for fortida. Det som gjer dei

moderne moderne, er at dei gjennom systematisk studium skaffar fram ny kunnskap

om antikken, og at dette får som konsekvens at også kunnskapsobjektet - de t

klassiske kunstverket, beundra og imitert - blir nytt, kjem i nytt lys og i nokre tilfelle

endrar seg radikalt. Forskinga har f. eks. avdekka at enkelte av dei klassiske tekstane

som blei haldne fram som mønster og førebilete, var falske, dvs. gav seg ut for å vera

langt eldre enn det dei faktisk var (Levine 1994, 49-53.). På denne måten blei grunnen

riven vekk under sjølve imitasjonstanken som var tufta på idéen "dei gamle er eldst".

Gammalt og nytt historiebegrep

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!