23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

72 KAP. 2.1

Fjord Jensen legg vekt på sjanger. Hans interesse for brevforma representerer

ei positiv nyorientering, men dei påstandane han set fram, kunne trenga betre

belegg; epistel-forma blir ikkje tilstrekkeleg spesifisert. Det kan også innvendast at

sjanger-perspektivet kjem noko til kort når han gjer greie for khreia-forma som

styrande i den tekstanalysen han presenterer; khreia-forma gjer seg nok gjeldande,

men det er neppe rimeleg å hevda at den styrer teksten som heilskap.

Brandes er med sitt begrep om klassisistisk åndsform den som er mest vag og

mest generell når det er tale om kva gjeld forfattaren står i til tradisjonen. Ikkje desto

mindre kan ein - med litt velvilje - hevda at han antyder ei rekke spenningar hos

Holberg, mellom form og liv i komedien, mellom innhald og form i essayet. Ein

sentral tanke er at Holberg taler i eit språk som ikkje p assar. Dette språket er

tradisjonens språk.

Alle tre knyter Holberg sterkt til tradisjonen, men har også blikk for

overleveringa som eit hinder, noko han må frigjera seg frå. T.o.m. Billeskov kan

tenkja i slike banar. På denne måten ser dei forholdet til tradisjonen i lys av ein

frigjeringsmodell, noko som er ganske vanleg i Holberg-litteraturen (jfr. f. eks. "[…]

Holberg repræsenterte […] individets frigjørelse fra traditionens og autoriteternes

tryk"; Selmer 1914, 176). Slike førestillingar om band og frigjering kan ein rett nok

finna ein slags støtte for både i opplysningstanken, slik Kant formulerer den

("Befreiung vom Aberglauben heißt Aufklärung"; Kant 1957, 390) og i paradokset,

slik Holberg formulerer det. (Å fri seg frå gammal vane og i staden finna ut av tinga

sjølv, på grunnlag av fornuft.) Men dette er ingen brukbar konklusjon på relasjonen

mellom forfattaren og den litterære overleveringa. Tanken om at Holberg i det heile

tatt er bunden av tradisjonen, er vanskeleg å akseptera. Det er lettare å finna belegg

for at presset kjem frå ein ganske annan kant, nærmare bestemt at han vegrar seg

mot det nye. F. eks. avviser han nyare fransk komedie til fordel for den tradisjonelle.

Som historiograf kjenner han seg framand for nyutviklinga i faget, og sluttar å skriva

historie parallelt med gjennomslaget for kjeldekritikken (Paludan -Müller 1883, 53-54;

Jørgensen 1931, 195). Alle sjangrar Holberg prøver ut, er gamle, noko som ikkje taler

særleg for vilje eller trong til å lausriva seg frå tradisjonen.

Den vesentlegaste innvendinga mot eit frigjeringsperspektiv er at det gir

overleveringa altfor negative forteikn. Holberg-essayet brukar tradisjonen, på ein

måte som er produktiv og fornyande. Det gamle blir nytt i hans hender, i kraft av at

han gjer framstillinga poengtert og framsynande.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!