23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Billeskov som Holberg-forskar

IDEALITET 71

Ein taus gjest står bak Holberg ved arbeidsplassen i det dunkle studérkammeret.

Gjesten bøyer seg fram og kikkar ned over skuldra til forfattaren, ned på det opplyste

skrivebordet. Der finn han sanninga. Der finn han Montaigne i utgåva til Coste frå

1739, der finn han Mandeville i fransk omsetting frå 1740. Der gjer han det eine

funnet etter det andre. Han ser korleis forfattaren hentar ut sitat frå dei bøkene han

har liggande framfor seg og fører dei inn i sitt manus. I denne posituren kan ein

forstå dei strenge krav til empiri som Billeskov set, og kva type presisjon det er han

er ute etter. Situasjonen forklarer også kvifor Billeskov for ein del tapar av syne eit

generelt sjangerperspektiv som forklaringsfaktor for Holberg-essayet. Og der han

står - lydlaust observerande det innhaldsrike skrivebordet - ville det aldri falla han

inn å grubla over om det er i kraft av eller på tross av overleveringa at Holberg

utviklar sin essayistikk; han ser jo med eigne auge korleis forfattaren gjer bruk av

kjeldene. Ikkje desto mindre tenkjer til og med Billeskov innimellom slik at det å

lausriva seg frå desse kjeldene, er ei frigjering for mennesket Holberg. Det er mye

Billeskov kan sjå, men det er også noko han ikkje ser. Han kan sjå at forfattaren

puttar inn fjorten sitat i ein tekst, men han kan ingen stad observera kva plan

forfattaren styrer etter når han gjer slik. Holberg - så nær han enn er - er bare ein

mørk skugge framfor han.

Konklusjon

Brandes, Fjord Jensen og Billeskov stiller ulike tekstnivå i fokus; Brandes taler om

åndsform, Fjord Jensen viser til ein retorisk øvingstradisjon og til brevforma,

Billeskov gjer helst empirisk greie for førelegg. Den første refererer til ein modalitet

eller tenkjemåte, den andre til sjanger, den tredje også til sjanger, men helst til

tekstlege parallell-stader. Og denne nivå-orienteringa viser både styrke og veikskap

hos kvar av dei:

Billeskovs eksakte metode har sin styrke ved det den klarer å gi positiv

dokumentasjon for; f. eks. at ein bestemt stad hos Holberg har ein bestemt stad hos

Montaigne liggande til grunn. Men grensene for metoden er etter måten lette å sjå.

For det første kan den ikkje gi svar på spørsmålet om påverknad på uttømmande vis.

Alle påvislege førelegg til tross, ein må likevel rekna med også ei usynleg tradering.

Enkelte element i teksten, f. eks. tankefigurar som ligg til grunn for delar av tekstane

eller tekstane som heilskap, kan det vera vanskeleg å sjå, langt verre å påvisa eksakt

kor kjem frå. For det and re: Som analysereiskap gjer metoden til Billeskov

tendensielt greie for det partikulære ved teksten og svekkar på den måten blikket for

idé, funksjon og heilskap.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!