23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

70 KAP. 2.1

han har ein joker under ermet, av kjent merke: Frigjeringa frå førebileta skjer - også

den - på grunnlag av førebilete: "Denne Bevægelse bort fra Forbillederne har sit

nøjagtige Fortilfælde hos Montaigne"(Jansen 1938-39, II, 149). Dette fortilfellet

lokaliserer han til ein bestemt stad i Les Essais I, 14, der Montaigne, etter eit Epikur-

sitat, drar inn eigne erfaringar, ein sekvens han innleier med setninga: "Men lad mig

fortælle om mine egne erfaringer i så henseende" ("Je veux dire mon expérience autor

de ce sujet") (Montaigne 1993, I, 84; Jansen 1938-39, II, 149). Dette er for Billeskov eit

eksempel på korleis Montaigne viser sin elev (Holberg) "hvorledes en Essayist frigør

en personlig Tanke ved at arbejde med andres" (Jansen 1938-39, II, 146-47). Det er

endå eit viktig moment i resonnementet til Billeskov. Overgangen er ei innsnevring

av perspektivet, frå ein generell og rommeleg stoisk tanke, til eit "næsten privat

holbergsk Anliggende", der forfattar-eg'et gjer greie for si personlege utvikling.

Denne konfesjonelle opninga blir bl.a. belagt med følgjande sitat: "Jeg haver tilforn

havt Lyst til Dantz, Spill, Selskab og andet, som jeg nu finder aldeles ingen Smag

udi". Billeskov noterer seg også at denne innsnevringa av perspektivet er morosam.

Dette blir ikkje nærmare forklart eller utdjupa, bare sett fram som knapp

konstatering: "Overgangen er morsom".

To problem. (1) Tanken om at lausriving frå førelegg er teikn på personleg

form, synest å gå på tvers av den generelle idéen hos Billeskov om ein humanistisk

forfattar som filtrerer sine ord og sine tankar gjennom andres ord og andres tankar.

Inneber dét at han skriv om seg sjølv ei lausriving frå kjeldene? Inneber ei lausriving

frå kjeldene ei meir personleg form? Stengjer bruk av kjeldene det personleg-

konfesjonelle ute? (2) Tanken om at lausriving frå kjeldene opnar for det personleg -

konfesjonelle synest også å kollidera med oppfatninga av essayet som sjanger.

Billeskov oppfattar sjangeren som personleg-konfesjonell; i essayet står forfattaren

inne for sine påstandar (i motsetnad til f. eks. i epigrammet). Med visse atterhald er

det her ein parallell til autobiografien. Dette inneber at det personleg-konfesjonelle

blir knytt til sjangeren, til overleveringa, og ikkje til lausrivinga frå den.

Fellesnemnar for desse problema: På kva måte "betyr" teksten subjekt? På kva

nivå, og med kva kategoriar kan ein gjera greie for ei stemme hos Holberg? (Ein

variant av spørsmålet er forholdet mellom tekst og forfattarperson: Kor er Holberg i

teksten?)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!