23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

68 KAP. 2.1

kvalitetar (Jansen 1938-39, II, 43). Ein annan stad taler han om paradokset som

essayets sjel (Jansen 1938-39, II, 123-4). I eit konkluderande avsnitt brukar han

begrepet som generell karakteristikk av Holberg-essayet, nærmare bestemt av

Holberg som kritikar (Jansen 1938-39, II, 243). (Og den utviklinga paradokset

gjennomgår ved overgangen frå epigram til essay, ser han som "den vigtigste Etape i

det holbergske Essays Stadier" (Jansen 1938-39 I, 12).

På den andre sida ser ikkje Billeskov paradokset som eit eksklusivt trekk ved

essayet. Holberg dyrkar det "moralske (moralfilosofiske) Paradoks" i heile sin

skjønnlitterære forfattarskap, frå Skiemte-Digte og til Moralske Fabler. Billeskov synest

å meina at paradokset når eit høgdepunkt i essayet samstundes som det

representerer ei optimal form av essayet.

Billeskov omtaler paradoksa éin stad som overleverte, som tilhøyr ande dei

sjangrar "hvor enhver Mening er god, hvis den er spirituelt fremsat og forsvaret"

(Jansen 1938-39, II, 243), ein annan stad som forfattarens originale tilskot i forhold til

det overleverte stoffet ("Det er ved de kraftige og sunde Paradokser, at Afhandlingen

tilhører Forfatteren [Holberg]", Jansen 1938-39, II, 126).

Ingen tvil om at Billeskov ser paradokset som eit viktig fenomen. Desto meir

synd at det ikkje kjem tydelegare i fokus som kategori; det blir gjennomgåande tatt

for gitt som begrep. Ei mogleg forklaring av denne nedtoninga er at paradokset går

for mye på tvers av tesen om den isolerte samanheng til å kunna få den plass den

fortener. At paradokset på den eine sida både er optimalt for essayet, og når sitt

høgdepunkt i essayet, og på den andre sida også er gjennomgåande fenomen i

forfattarskapen, må forstyrra tesen til Billeskov. Eit nærmare studium av paradokset

vil ikkje stadfesta, men undergrava teorien om ulike og relativt sjølvstendige lag i

produksjonen. Likeeins vil synet på paradokset som delvis overlevert og delvis

originalt tilskot gå på tvers av metoden til Billeskov.

Billeskov problematiserer subjektet ved å hevda at det skal "megen Kontrol" til

å fastslå ein holbergsk tanke (Jansen 1938-39, I, 13), og i forlenging av dette peika på

at det ikkje desto mindre lar det seg gjera å føra teksten tilbake til ein slik tanke. Men

ei slik løysing er ikkje problemfri. Det som er og blir vanskeleg hos Billeskov, er

Holbergs forhold til førelegga. Hans tanke utviklar seg på grunnlag av førelegg, seier

Billeskov. Hans djupaste løyndom var å velja dei beste førebilete. På den andre sida:

Sjølv om Holberg som humanistisk diktar er avhengig av andre forfattarar, er han

ikkje desto mindre sjølvstendig overfor kjeldene. Når Holberg følgjer tett

komposisjonen frå Bayle i den tidlegare omtalte MTkr I.100, er han samstundes

original:

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!