23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

IDEALITET 67

likevel unngår dei, synest det å henga saman med at dei krev langt meir drøfting enn

det Billeskov er villig til å gi; slike spørsmål ville gå på tvers av tesen om den isolerte

samanheng.

Brevet er eit kapittel for seg hos Billeskov; ikkje fordi han gjer noko nummer

av brevforma, men fordi han devaluerer den til null og niks. Dei fleste essaya hos

Holberg - over 550 av ca. 640 - har epistel-form. Når brevforma likevel ikkje får noka

vekt hos Billeskov, er det av to grunnar. (1) Brevforma høyrer til ein mindre kreativ

fase i forfattarskapen. I MTkr er Holberg skarpast som essayist. MTkr er

gjennomarbeidd i språk og tanke, er ei filosofisk og litterær bedrift. Her blir det

danske essay grunnlagt og står med eitt fram i fullkommen form. Men brevforma

gjer seg i liten grad gjeldande. Ep er ei bleik vidareføring av MTkr, eit folkeleg skriv

som er langt mindre polert i prosaen; her presenterer Holberg bare råstoff, ikkje

ferdige produkt. (2) Brevforma er i seg sjølv ei ubetydeleg form hos Holberg; eit reint

ytre stiltrekk, ein fiksjon som ikkje har trengt inn i stoff og stil, altså utan

meiningsfunksjon og derfor enerverande og keisam i lengda. (Jansen 1938-39, II, 65-

7.)

Denne avvisinga inneber ei dobbelt sjølvmotseiing. (1) Billeskov siterer

Montaigne som ein stad seier han gjerne ville ha brukt epistelforma viss han hadde

hatt nokon å skriva til. Men når det nå eingong er slik at han ikkje har nokon

brevvenn, må han halda seg borte frå forma; fingerte brev ville vera falskneri (Les

Essais I.40; Montaigne 1992, I, 272, denne passasjen blir sitert nedanfor kap . 4.2;

Jansen 1938-39, II, 66). Derfor burde Holberg ha lært av åtvaringa til Montaigne, seier

Billeskov. Holberg, som hadde som sin djupaste løyndom i å velja dei beste

førebileta, har såleis i dette tilfellet bomm a kraftig, og det dreiar seg om eit mistak

som varer ved dei siste ti åra av livet hans. (2) Påstanden om at brevforma er eit reint

ytre og utanpåklistra fenomen, svekkar tesen om den isolerte samanheng. Ovanfor

har eg gjort greie for korleis Billeskov red userer sjangerperspektivet - sjangeren er

halve lagnaden - i forhold til Rubow. Ikkje desto mindre er essensen i tesen hans at

det overleverte språket har ibuande førestillingar og tankegods som også vil prega

tanken til gjenbrukar-forfattaren. I dette perspektivet er det oppsiktsvekkande at

brevet blir så kontant avfeidd. (Også viss Billeskov hadde rett i påstanden om at

brevforma hos Holberg bare er eit reint ytre stilistisk fenomen, burde vel også dét - at

ei form kan vera så tom - vore av interesse i lys av tesen om isolert samanheng.)

Paradokset blir omtalt som essensielt for essayet. Billeskov brukar det som

kriterium når han avviser innleiinga (eller "Forbereedelse") til stykket "Socrates og

Epaminondas" i Sammenlignende Helte-Historier som tekst utan essayets

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!