23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

66 KAP. 2.1

å gjera greie for forhold som evt. kan tena som indisium. Og jo meir generelle

kategoriane blir, jo vanskelegare lar spørsmålet om påverknad seg h andtera

empirisk. Billeskov er primært interessert i det som lar seg verifisera. Så lenge han

fortrinnsvis har kategoriar for det påvislege, vil det som ikkje lar seg dokumentera,

komma i skuggen, noko som inneber restriksjonar også innanfor dei rammene tese

og oppgåve gir for arbeidet hans.

Eit korrektiv til denne framgangsmåten kan ein finna hos Heinrich Plett som i

sitt arbeid om nedslaget av retorisk teori i engelsk renessanselitteratur åtvarer mot

positivistisk orientering i spørsmål som ikkje lar seg positivt eller eksakt bestemma.

Plett unngår medvite dokumentasjon av kjelder; han grunngir dette med at

forfattarane på 1500- og 1600-talet ikkje auste direkte av antikke kjelder, m en fekk

overlevert kunnskapen gjennom tildels vanskeleg definerbare mellomledd (Plett

1975, 11).

Eit anna korrektiv: Gérard Genette plasserer tekstanalysen inn i eit skilje

mellom det partikulære og det generelle, mellom den spesifikke og unike teksten og

dei generelle og ordinære kategoriane som det teoretiske begrepsapparatet utgjer.

Analyse, seier Genette, er ei rørsle frå det partikulære til det generelle (Genette 1995,

21-23). Den teoretiske horisonten hos Billeskov kan seiast å vera tilsvarande; han ser

motiv-realiseringa som konkretisering eller spesifisering av ein meir allmenn eller

generell idé. Men sjølv om dei teoretiske rammene kan seiast å romma den

spennvidda som Genette taler om, er Billeskovs praksis meir snevert orientert. Det

han reknar som litteraturvitskap på sitt beste og mest presise, er avgrensa til det

empirisk-verifiserbare, det konkret-påvislege tekstfragmentet relatert til det konkret-

påvislege førelegget. Denne orienteringa svekkar sansen for kategoriar som ikkje så

lett lar seg handtera på den måten. Brukar ein rørsla frå det spesifikke til det

generelle (Genette) som kriterium på analyse, kan ein stilla spørsmål ved arbeidet til

Billeskov som analyse. Utgreiinga hans rommar primært ei rørsle frå det spesifikke til

det spesifikke. Og det som er innvending mot dette, er at presise påpeikingar av

førelegg og modellar ikkje nødvendigvis gir ein kraftfull analysereiskap.

Brev, paradoks, subjekt

Det er særleg tre spørsmål Billeskov etter mitt skjønn styrer unna, eller ikkje kjem inn

på i tilstrekkeleg grad. Det er korleis brevforma er betydningskonstituerande, likeins

paradokset og likeins subjektet. Det er ingenting som skulle tilseia at det ikkje skulle

vera plass for slike spørsmål innanfor rammene av den generelle problemstillinga

hos Billeskov. Når han

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!