23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

IDEALITET 63

subjektive høyrer noko ibuande konfesjonelt. Når epigrammatikaren seier "eg", skal

ein ikkje tru på han; essayisten står derimot inne for sine subjektive utsegner. (Jansen

1938-39, II, 228.)

Det "sjangrologiske" perspektivet blir hos Billeskov altså svekka på to måtar.

For det første ved at generelle sjangertradisjonar blir nedtona til fordel for spesifikke

førelegg som ein bestemt forfattar gjer bruk av; sjangeren blir då ikkje halve lagnaden,

slik Rubow tenkte, men redusert til eit minimum som forklaringsfaktor. For det

andre gjennom ein bruk som er vel kategorisk og lite drøftande, og som tar for gitt

visse eigenskapar som ibuande trekk ved sjangeren, utan nærmare undersøking av

om desse eigenskapane verkeleg finst i dei føreliggande tekstane; sjangeren er då

ikkje halve, men heile lagnaden, og har dermed utspelt si rolle som forklaringsfaktor;

det er ikkje lenger noko å forklara.

Manglande proporsjonar

Billeskov er ein autoritet. Arbeidet hans har vore til nytte for mange, også for meg.

Ikkje desto mindre har han blitt kritisert. F. eks. var Rubow nedlatande, Ejnar

Thomsen likeeins. Eg skal ikkje gjera greie for denne kritikken generelt, bare enkelte

innslag. Det første eg vil legga vekt på, er ei innvending mot metoden til Billeskov

som atomistisk og detaljorientert, utan tilstrekkeleg tanke for å gi stoffet rimelege

proporsjonar. Denne kritikken vil eg utdjupa først med eit kort historisk tilbakeblikk,

i form av ei jamføring mellom Billeskov og Paludan. Deretter vil eg drøfta eit par

konsekvensar av hans empiriske grunnhaldning.

Billeskov minner om ein annan figur i dansk litteraturforsking, Julius Paludan.

Paludan var fagleg aktiv rundt hundreårsskiftet og markerte seg i reaksjonen mot

den nasjonalorienterte historiografien som N. M. Petersen var banebrytar for. Hos

Petersen går ei nasjonalhistorisk orientering hand i hand med eit utvida tekstbegrep.

Målet var å gi eit bilete av folket, og til dét var det nødvendig å trekka inn heile

litteraturen, ikkje bare den skjønnlitterære. Denne interessa for nasjonal

kulturutvikling var i si sjølvforståing eit bolverk mot indre oppløysing og mot

overmakta "frå sør", dvs. mot europeisk, først og fremst tysk kulturell påverknad .

Denne sjølvforståinga var det Ju lius Paludan reagerte mot. I staden for å forskansa

seg mot påverknad utanfrå, stilte han denne i sentrum for forskinga. I forordet til

hovudverket Fremmed indflydelse paa den danske Nationallitteratur i det 17. og 18.

Aarhundrede (1887) stiller han eit slikt påverknadsperspektiv opp mot eit nordisk

perspektiv.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!