23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

62 KAP. 2.1

det skal "megen Kontrol" til å fastslå ein Holbergsk tanke (Jansen 1938-39, I, 13), er

det ikkje desto mindre slik kontroll Billeskov vil utøva gjennom sine komparative

studium. I det spelet av attitydar som floraen av sjangrar og konkrete førelegg

skaper, er det mogleg å skilja ut tankar og haldningar som kan tilskrivast personen

Holberg. "Det personlige Fænomen" gjer Billeskov greie for langs to vegar.

Enkeltkapitla i Holberg som Epigrammatiker og Essayist er avgrensa etter motiv eller

emne, tar utgangspunkt i sjangerens realisasjon på felt etter felt, og nærmar seg

derifrå det personlege. I konklusjonskapitlet er det ei motsett rørsle. Her blir dei

haldningar som kan tilskrivast Holberg, jamført med resten av forfattarskapen. På

den måten skal bli mogleg å sjå korleis mennesket Holberg gjer seg gjeldande i dei

ulike litterære formene. Slik gjer Billeskov greie for det personlege fenomen.

Eit problematisk punkt i dette resonnementet er korleis han - i lys av at det

generelt er vanskeleg å fastslå ein holbergsk tanke - i sluttkapitlet kan operera med

haldningar tilskrivne Holberg, og bruka desse haldningane som eit fast punkt som

dei ulike litterære formene kan vurderast på grunnlag av. Det er ingen grunn til å

utbrodera problemet, for Billeskov har eit svar som løyser det på relativt enkelt vis.

Svaret er sjølvbiografien som sjanger.

Levnetsbreva har ulike litterære røter, dei stammar frå både autobiografi og

det akademiske vita (Jansen 1938-39, II, 235). Billeskov er likevel ikkje i tvil om at det

er autobiografien som dominerer hos Holberg. Og den gir fast grunn i kraft av sine

immanente eigenskapar: å vera open, ærleg, konfesjonell. Derfor må ein lita på det

som står der. Billeskov ventar ikkje å finna korrekte data i levnetsbreva, men likevel

ei subjektiv sanning; dei er konfesjonelle i sine reaksjonar og haldningar til stoffet

(Jansen 1938-39, II, 235). På dette grunnlaget kan han gjera greie for seks attitydar,

eller synsvinklar, tvers gjennom heile forfattarskapen: vidd, frivolitet, satire, kritikk,

psykologi og dogmatikk. I forfattarskapen generelt og i essayistikken spesielt finst

desse i varierande grad, etter kva sjanger og førebilete tillet eller krev.

Her blir sjangeren (autobiografi) gjort ikkje bare til ein sentral, men også ein

altavgjerande forklaringsfaktor. Oppfatninga er etter mitt syn vel kategorisk.

Billeskov unnlet å drøfta dei immanente eigenskapane han tilskriv autobiografien.

Han vil heller ikkje drøfta om autobiografien hos Holberg verkeleg har den

konfesjonelle haldninga Billeskov påstår er nedfelt i sjangeren. Fordi sjangeren er

autobiografi, tar Billeskov for gitt at Holberg snakkar sant. Eit liknande syn gjer seg

også gjeldande ved omtalen av essayet. I ei jamføring med epigrammet framhever

Billeskov essayet som ei subjektiv form; til dette

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!